søndag 25. mai 2008

Alle har ein draum-

Ugla er attende i reiret sitt etter ei veke på farting, rundt om i landet. Sidan Ugla og husbonden slutta med sau for eit par- tre år sidan, har vi feira 17. mai ulike stader . Tidlegare år var maidagane dei travlegaste dagane i året, med lamming tidleg og seint. Og det er ikkje få lam som har breka seg inn i livet den 17.

Men no er livet annleis. 17. mai på landet er triveleg og flott, og det er 17. mai i byen også.

Vi feira dagen i Trondheim i år. Søstra spurde om vi ville vere med på feiringa utanfor byen, men nei, det var bylarmen eg ville ha. Og jammen vart vi vekte av korpsmusikk, det var plent som i gamle dagar. Morgonen var kald, men med ulltrøye og ullvottar og den berømte halskluten var vi budde på det meste. Det var eit fargerikt barnetog, små og store born i det finaste dei hadde, og det var hurrarop over alt. Det var rørande å sjå dei små skuleborna vifte med flagget og vi høyrde dei syngje - både "Alle fugler" og "Mellom bakkar og berg".

Det artigaste var no Borgertoget. Der stilte dei opp både spreke gymjenter, karar med flotte bartar og mustasjar, korps som både spelte og song, drilljenter, polsdansarar og skigåarar. Alt i ei herleg blanding. Det vart tid til besøk på sjukeheimen og ein god familiemiddag.



Alle har ein draum! Min draum har i mange år vore ein tur til Fosen, og helst til Bjugn. Mange har ledd av denne draumen, og dei har spurt - kvifor akkurat der? Det har no vore mitt ynskje, og i år vart det oppfylt.

Nokre vener henta oss, og vi tok vegen til Agdenes og ferja over fjorden til Brekstad. Vi køyrde rundt om på Ørlandet, og som bror min seier: Som landet, så folket - flatt og vindfoillt.



Bjugn og omland var eit flott rike. Store, velstelte gardar, nysådde åkrar, svaberg og sjø .

Artige stadnamn som Koet, Kopparen, Garten, Gjølja - kanskje vi må prøve å finne tydinga.

Vi kom ikkje inn i Austrått-borga, borga som m.a. har vorte kjend i skodespelet til Ibsen: Fru Inger til Austrått, så vi må nok tilbake til denne delen av landet for å få meir kunnskap om borga og hendingane der gjennom hundreåra.



På denne ferieturen reiste vi med tog og buss og bil. Dersom ein har godt fylgje på toget, gjer det ikkje noko om turen tek mange timar. Denne gongen reiste eg med Anna Gavalda, og Hainn te mæ heldt seg framleis til Märta Tikkanen. Dei var og med på tilbaketuren, for når ein er på familiebesøk, har ein viktigare gjeremål enn lesing. Mi gamle mor besøkte vi på sjukeheimen kvar dag, og gammeltanteungan' var vi på bytur med.



På heimturen stoppa vi eit par netter i nærleiken av Aulestad, og der fekk vi innvie eit ny-gamalt gjestehus i "shabby chick"-stil, og der sov vi som nokre blomar i ei himmelseng.



Det var ein ferietur med trivelege samver med familie og vener, og jammen vart vi kjende med nokre nye, koselege folk og.



Men i morgon den dag må æ hiv mæ roint og få orden på kjøkkenhagen min. Det eg sådde inne før eg reiste, står bra - takk vere gode vener som vatnar og tek inn avisa. Det er ikkje bare bare å reise bort i våre dagar, ein lyt ha nokre til å sjå etter og halde oppsikt både med det eine og det andre-

5 kommentarer:

Lilledora sa...

Det var koselig å ha dere på besøk, sier bare velkommen igjen jeg.
Skjønner ikke helt den drømmen om å komme til Bjugn jeg. Ja, ja nå er det vel slutt på maset om å komme dit også. men jeg lurer fremdeles, hva skulle du se, hvem ville du besøke?, noe måtte det være. Bjugn, hm

Fivrel sa...

Må seie som Lilledora - takk for trivelege dagar i hop! Det var gama å ha dykk her, sjølv om veret sjølvsagt slo seg vrangt plent då. I går var det sumarvarme, og eg vart overtald til å bryte opp frå bøkene for å kose meg i hagen. Det er lukke: Jane Austen på lydbok, varm sol i ryggen,og såing av gulrot, erter, ringblom, skvåsj og setjing av lauk og utplanting av solsikkene. I sirlege rader :-)

Det er viktig å fylgje draumane sine, nokre vil allstøtt berre vere draumar, medan andre kan gjennomførast. Og det er så mange flotte plassar her i landet!

Ha ei strålande veke :-)

Unknown sa...

Ja - takk for trivelige dager sammen med dere...!!

Noen drømmer om Bjugn, andre om Elin, jeg har forferdelig lyst til å ta med ungene til Tautra - bare så synd at ingen deler den drømmen.
Drømmer er best når de kan deles;)

byglendingen sa...

Du ha itj sagt nå om at du va te Bjugn å Agdenes å Ørlandet på tur'n din. Æ va jo akkurat i de område å ga råd om jordbær-, potet- å grønnsakdyrking for en del år sia (huff, den jobben starta æ vesst i for 20 år sia) Ja, ja, tia flyg.

Lilledora sa...

Fatter ikke omhvorfor dere drømmer om Bjugn eller Tautre. Jeg drømmer om Goa i India eller Maldivene, eller Johnny Cash, men han er jo død. Tautra, Bjugn dobbelt HM