onsdag 10. september 2008

Langt i det fjerne, bak fjellene blå...

I sumar var eg i fødebyen. Eg var der i 14 dagar og farta rundt på kjende og ukjende stader. Ein dag tok bror min meg med på ein haug eg aldri hadde vore på. Eg som hadde sykla og gått rundt i dette nabolaget i to tiår, men her hadde eg aldri sett mine bein. Vi kunne sjå vidt. Og der såg eg jammen huset eg hadde budd i heile barndomen min. Eg kunne ha sett vindauga, hadde det ikkje vore for nokre store tre. Eg såg huset der mamma budde til ho var godt over 90 år, og der var kyrkja vår.



(Dobbeltklikk på biletet for å sjå det stort)

I eit husvære på 2 rom og kjøken budde vi, mor og far og 3 born. Ikkje kan eg minnast at vi hadde det trongt. Men det hadde kanskje mamma sin familie. Dei budde i det same husværet med mor og far og 7 born; og far min budde i" leiligheten over gangen" saman med foreldre og 8 sysken.

Ofte er det slik at der det er hjarterom, er det husrom. Eg kan minnast den gongen 2 av syskenborna våre skulle bu ei veke hjå oss. Men kor skulle dei liggje? Mamma visste råd. Ho putta alle 5 borna i storsenga (dobbelsenga), og ho la oss på tvers i senga. Då vart det best plass.

I dag vert ungane putta på kvart sitt rom når dei er små. Så kjedeleg! Vi hadde det morosamt om kvelden når vi hadde lagt oss. 3 ungar har mykje å tale om , og det vart ofte høglytt latter. Då kom mamma inn og sa at no sløkkjer eg storlyset. Men fyrst måtte vi fortelje ferdig soga, eller lese ut kapittelet i boka. Syster mi og eg låg stundom og øvde oss på "Peer Gynt". Vi hadde boka med, og vi spela dei ulike rollene - der vi låg i senga. Den dag i dag kan eg lange remser av "Peer Gynt" utanåt, berre fordi vi kosa oss med den boka om kveldane.

3 kommentarer:

Fivrel sa...

Så koseleg det høyrest ut! Liggje der om kvelden og kviskre og fnise med nasane tett inntil kvarandre (men ikkje kome over Stræken - skiljet mellom madrassane!), fortelje rare soger frå kvardagen og løyndomar frå dei spesielle dagane.

Det ER keisamt å liggje heilt åleine på eit rom. Kanskje difor eg allstøtt tykte det var så gama å få overnatte hjå veninnene mine? Eller vere på hyttetur med dei - anten i hagehuset, eller til fjells.

Eg trur den kveldsstunda er viktig. Ein har kome til ro, lagt seg - og treng ofte bearbeide det ein har opplevd gjennom dagen. Tale om det, høyre innspel, få det ut av systemet.

MEN ein må ikkje romantisere for mykje - eg tenkjer det kan vere forFERDELEG plagsomt også, med ei store- eller lislesyster som legg seg borti alt! Det er også viktig med "A room of one's own", anten fysisk eller i overført meining.
I einsemda gror dei sjeldne tankeblomane fram.

Kathrine sa...

Syns det var noe kjent med bildet ja, Trondheim. Flott by, og høres ut som om du har flotte minner fra her:)
Ønsker deg ei god helg:-)))

Lilledora sa...

Det hørtes veldig koselig ut det, men jeg tror ikke den vesle syns det var så koselig bestandig da de to store skulle slukke lyset og fortelle spøkelseshistorier. da "brasta in i gråt da"