søndag 2. november 2008

Og Olav heet son, og Olav heet far...

Og Olav heet son, og Olav heet far,
det Olav paa Olav var,
solenge som det var spurt til Mann
som eigar av Nordigard.

Dette verset er henta frå Storegut av A.O.Vinje, og eg tykkjer det høver godt i starten av dette blogginnlegget.
NAMN skal vere temaet i dag. "Å skriv' navn" - var noko vi brukte å gjere i gamle dagar, før fjernsynet hadde gjort sitt inntog i "de tusen hjem".

Klar, ferdig, gå! Skriv jentenamn på D. Slik var ordren frå Stora, og 3 ungar - 4 når vi var på sommarferie- skreiv så blyanten fresa. I alle fall Stora. Ho hadde lese Snorre, og ho hadde lagt merke til snodige og artige namn når ho gjekk tur på kyrkjegarden med mor si. Der var det mange flotte namn, og det var om å gjere å minnast dei. Dei yngre syskena tykte ikkje noko om denne leiken, for dei visste at dei kunne berre vanlege namn. Og der var det ikkje mange poeng å få.

Denne interessa for namn har halde seg. Enno er eg rundt omkring på kyrkjegardar og les namn, men eg les og fødselskunngjeringar og dødslysingar. Det er så mange herlege namn frå gamle dagar, og så mange kjedelege namn folk brukar i dag. I namnestatistikkane kan vi lese kva for førenamn som er mest populære. Er det slike namn folk vil ha på ungane sine?
Dersom du står på ein skuleplass i Oslo og ropar Emma eller Markus eller Lea eller Tomas - så kjem det ein brote med ungar springande. Men ropar du Herdis, Jofrik, Vermund eller Asgerd - så kjem det ingen. Det skal eg vedde på.

Eg lurar på kva folk tenkjer når dei skal gje ungane sine namn. Oppattkalling er greitt nok. Men oppattkalling er ikkje oppattkalling, meiner eg, når det berre står om førebokstaven. Når bestemor Mari og bestefar Kåre vert til Michelle Chathrine eller Ben Ronny er oppkalla etter oldefar Bjørgulv, då kan dei gamle snu seg i grava. Det var ei stor ære og ein sjølvsagd ting å bli oppkalla.

Oppkalling er det mykje slutt med i dag. Dei eldre treng kanskje ikkje kjenne seg svikne om borneborna får andre namn. Men dei er nok opptekne av at borna får namn som gjev glede og ikkje skam. Og norske namn gjer at vår heimlege namnearv vert førd vidare.Som Ivar Aasen seier det i songen: "...at når fedrane sjå att på jordi, dei kan kjenna sitt folk og sitt land".

Her har eg laga ei liste over namn eg har funne i eit par store aviser det siste året:
JENTENAMN: Aline, Andine, Anina, Angelica, Alseda, Asgerd, Asora
Borgunn, Cassandra,Eialin, Eili, Eiri, Freidis, Gølin,
Hane, Hagny, Henna, Hildri,Ingeride, Iril, Ithilie, Ive,
Jasine, Jørgny, Laurine, Margine, Mode, Oddlaug, Siglinde, Sindri,
Theodine, Thilla, Tia, Tomally, Tønni, Tåre, Vega.

GUTENAMN: Adler, Alde, Bergtor, Bergsvein,Eimund, Eiler, Folmar,
Hallgrim, Hartvig, Heli, Herdag, Hogne, Haagen,
Jofrik, Jonar, Jorodd, Judolf, Kolgrim, Magnulf, Mimen, Modolv
Neving, Niri, Skage, Skjak, Tolli, Tyke, Vedstein, Vermund, Viljar,
Øyalf, Årstein.

Namn med ein spesiell stavemåte: Alic, Audunn, Biörn, Elinn, Linnëa, Søllvy,
Torsander, Trånd, Wetle.

Og dei tøffaste til slutt:
Audun Jarl og Frigg Ottar er sysken; det er også Hauk, Eira og Jardar. Likeså med Eiri, Bjor og Tyri.

Har du nokre namn eg kan ta med på listene mine. I jola skal vi ha familieselskap med tevling. Då vil Æ SKRIV NAVN.

4 kommentarer:

Nunne sa...

Vet du ka mann min heite? KARLOT.
Ha aldri hørt noen heite dte før e traff han. Men navnet e bra og mann e bra!
Sjøl heite e Gunnlaug, sjeldent det og, men ikke såååå sjeldent...

Unknown sa...

Æ har noe ett par go`e, som du faktisk utelot fra lista di;)

Glemte du av aille de små du e gammeltante te??

Andre navn som jeg liker; men ikke så mange andre, Edda, Saga og Theis - Saijnt ja!!??

Lilledora sa...

Minnes den ord-leken jeg og, men jeg likte best substantiver jeg og da på S, for det var jeg flinkest til, men bestandig var det noen som var bedre. Sånn var det i kortspill og. Er du yngst i en søskenflokk, vær sikker på at du blir sist i alt, både i kortspill og navn-spill.
Navn ja, mange fine navn, men de fineste er vel de som mine døtre har og barnebarna, osså liker jeg godt navnet på den ene søsterdatra mi.
Liker godt de navna Homlisbomlis nevner Theis og Saga, Edda minner meg mest om et radioapperat.

Fivrel sa...

For eit fint innlegg! Namn er gama. Og eg har au minne om mange stunder med namneskriving i tevlingssamanheng, serleg langt til fjells før yatzyen kom på bordet og det var for tidleg for kortspæll.

Har eg ikkje au sjølv fenge kjenne det på kroppen, dette med uvanlege namn - for det er ikkje mange gonger eg har presentert meg for nye menneske UTAN å få kommentarar på namnet. Eller verte nøydd til å stave det. "Ja, det ER med y, ikkje u". og "nei, eg ER ikkje islandsk, dette med -dotter og -son er ein gamal, norsk tradisjon, som nordmennene tok med seg til Island med Ingolfur Arnarson, og som me har halde på her i Noreg i visse delar av landet". "Ja, eg ER faktisk dotter av Knut, ja, det er det det mellomnamnet tyder". Osb.

Eg hengjer meg au opp i namn i avisene. Fine og stygge. Ovedie var det ei som heitte her om dagen. William Alexander Constantin var fødd, hipp hurra, kunne me au sjå i Aftenposten for ei tid sidan. Ein keisar, no doubt about it. Nemnde eg Mikael Leander? Og så Kliff Raymond, som eg stod i køen attom på eit postkontor i Rissa.
På den hi sida finn eg Orvar, Mår og Falk; Eiri, Silja og Vilje. For ikkje å tale om Bork, Øde, Morgunn og Aftur. Dei to siste kan eg i Anden åt Folkeupplysingi fortelje at er tvillingborna til Hr. Nerdrum, som jo utvandra til Island for nokre år sidan.