lørdag 28. februar 2009

I dukkehuset i Dukkevei 2....


I dukkehuset i Dukkevei 2
skal verdens heldigste dukke få bo.
Med lampe i taket og bittesmå stoler
og blomstervase til dukke-fioler,
og flaggstang med flagg og en dukke-garasje,
og kjøkken med godter og kake og brus
og innerst i hjørnet i første etasje
skal dukken til dukken ha dukkehus.

I et hus inni huset i Dukkevei 2
skal den knøttlille dukken til dukken få bo
og ha eget bad og en dukke-do.
Og teppe på gulvet og hyller med bøker,
og askebeger til dukker som røker,
og vinduer oppe og vinduer nede,
et spennende loft og en kjeller med mus.
Og innerst så lite at ingen kan se det- skal dukken til dukken - ha dukkehus.
ANDRE BJERKE

Det vart ikkje noko dokkehus på meg. Ikkje at eg venta det heller. Kvar skulle det stå? I eit husvere i byen på 2 rom og kjøkken er det ikkje plass til all verda. Men det var plass til dokkevogna mi, gyngehesten og gyngestolen. I dokkevogna låg Bjørn-Helge, babydokka som kosta 45 kr. hausten 1954. Då han kom inn i livet mitt, måtte Olemann vike plassen. Olemann hadde tøykropp fylt med sagmugg, og når han var pynta, hadde han på matrosdressen som mamma hadde sauma.

Olemann og May-Britt. Eller var det Inga-Lill?!

Det var gama å leike med dokker. Syster mi og eg hadde smådokkene i korger kjøpt på Martna'n, "påkledningsdokkene" hadde vi i skoesker under senga, og stordokkene låg i dokkeseng og vogn. Vi hadde namn på alle dokkene våre, og sjølv om det har gått over 50 år sidan vi leika med dei, kan eg namna på dei: Negerdokkene Tamar og Tom, svenskedokkene Inga-Lill og May-Britt, danskedokkene Margrete og Anne Marie. Syster mi hadde i tillegg Grete-dokka med hol i panna (vi sette på plaster) og Tullemor som ho sauma kleda til rett på kroppen. Vi sauma, hekla og strikka klede til dei.

Bjørn-Helge, 55 år gamal

Bror vår ville lage klede til lille-bamsen sin. Og han strikka genser og ryggsekk. Den dag i dag kan vi sjå kunstverket hans, for bamsen hans har fast plass på peishylla.
Syster mi hadde store-bamsen. Han var visst opprinneleg blå, men etter mange år og mange turar skifte han let.

Born i dag har dokker og bamsar og kosedyr i hopetal. Men alle har ein yndling - som får vere med dei overalt. Og mange må ha kosedyret med seg i senga kvar kveld.

Nalle er yndlingsbamsen til venninna mi på 5 år. (Bestemor hennar er av mine beste vener, så eg er svært godt kjend med barnebarnet). Prinessa som vi kallar henne, ringte meg ein kveld og fortalde at ho hadde mista den fyrste tanna si, og ho var redd ho hadde svelgt henne. Samstundes kunne ho fortelje at snart skulle ho på sjukehuset og operere auget sitt. Ho skulle til Oslo, men det er ikkje langt når ein reiser med fly, kunne ho fortelje.

I går kveld ringte ho meg på nytt og fortalde at no var ho heime att. Både ho og Nalle. Han hadde vore med heile tida. På flyet hadde dei fått Løvemat, og på sjukehuset hadde dei fått dessert kvar dag. Tenk det. Kvar dag. Ja, men du spiste vel middag og, sa eg. Klart det, sa ho. Det var jo fiske-middag. Det beste eg veit. Og veit du, sa ho, då eg vakna etter operasjonen hadde eg lapp på auget mitt, og det hadde Nalle og.

Neste gong du ser meg, er eg litt "annerledes", sa ho. Ja, men du er nok like pen og nuskat', meinte eg - og det var ho samd i.

Mora kunne fortelje at operasjonen hadde teke 4 timar. Vi var mange som var spente dei timane. Opphaldet på sjukehuset hadde vore bra. Der tok dei seg godt av både ungar, foreldre og Nallar. Prinessa hadde vore glad og sprudlande, og ho hadde jubla då ho vakna opp etter narkosen og fann indianerklede og pil og boge i senga si .
Fleire sjukehusopphald ventar.
HURRA for Prinessa vår, som er så tøff og livsglad.
Hipp hurra for foreldra , som har gjort henne så trygg .

4 kommentarer:

Lilledora sa...

Du skriver så godt om alt, og jeg ble nesten rørt jeg når jeg så hvor godt baby-dukka di, eller Bjørn Helge, ligger i den lekre vugga. Dukker og bamser ja, har den oppfatningen jeg nå at jenter ikke leker så mye med dukker nå som kanskje vi gjorde når vi var små. Fortsatt god kveld

Fivrel sa...

Så gama å høyre desse sogene, om Bjørn-Helge som, O LUKKE, kom i hus før jol trass i at ikkje alle 45 kronene var i pungen stutt tid før, og broren som sat og spita til den vesle bamsen sin.

Det som er så fint, er at dokkene lever vidare, gjennom nye generasjonar med streng men vennleg instruksjon om at Bjørn-Helge er mest ein orntleg baby, han, så han må behandlast EKSTRA varsamt så han ikkje knuser. Så er det ekstra fint å leike med og kle på han også. Enno!

Det er kanskje noko i det Lilledora seier, om at dokkeleiking ikkje er så vanleg lenger? Synd, for det var jo så gama og koseleg! Trille langs vegen med ei veninne, og dokkene oppi dei finaste små dokkevogner. Piknik på plenen der kleda vart bytt både ein og to og tre gonger. Bordet på romet, som var innreidd som eit ekte stellebord.
Men det var ikkje berre baby-dokkene, det var også Malaika og Lavrans og dei andre små som ein kunne sy og strikke klede til og ordne hus for.

Det må då vere ei viktig og god førebuing for små jenter til å verte mødre - men det er vel fy-fy i dag, for små jenter skal drøyme minst like mykje om å verte offiser i flyvåpenet eller ingeniør som byggjer store bruer. Å sy og strikke og stelle born, det er avlagde verdiar, ein har då butikkar og nannies. Eller..?! ;-)

Kathrine sa...

Fine minner:) Sønnen her (nå 11 år) har en hai kjøpt i Ålesund da han var fire, med seg over alt. Vi har til og med måtte snu på vei til hytta, for å hente denne nesten utslitte haien. Nå har han mange haier, men bare en som er ynglingen og er med på det meste:) Koselig!

Ha en fin fin uke:)

Anonym sa...

Utruleg at du hugsar så godt frå din barndom, og så moro for oss å lese om ditt liv med dokkene på ein slik levande måte. I huset vårt, med dei fire borna, blir det leika svært mykje med dokker. Heldiggris du, som hadde så mange dokker. Eg hadde bare ei, og den var heimlaga i kroppen, men for meg var den viktig. Takk for at du deler minner med oss