tirsdag 17. februar 2009

Jeg tror, jeg tror på sommeren...

Eg fekk eit oppdrag frå ei blogg-venninne: Finn fram det 6.biletet i samlinga di, og skriv soga rundt biletet.
Gullungen kom heim på sumarferie, og ho ville absolutt måle løa. Ja, vi hadde jo sett lenge at det trongst nokre liter beis, men korleis skulle vi få måle den store og høge veggen heilt opp til mønet? Inga sak, sa den unge jenta. Pappa leiger ein lift, og så tek du og eg turen opp i høgda.

Eg er ikkje skuggeredd, og kunne ho styre liften, så kunne no eg vere med.
Kl. 08 var liften på plass, og ho og eg for nesten til himmels. Vi var sikkert 15 meter over bakken. Det er litt skummelt å stå i høge stigar, men dette var berre kjekt. Gullungen styrte liften - som om ho ikkje hadde gjort anna i livet - litt lengre opp til høgre, inn til veggen og vri han litt.
Vi beisa og lo, song og skråla - og stundom vinka vi til folk på bakken. Det var no helst Hainn te mæ som kom for å sjå korleis vi greidde brasane. Vi imponerte, for arbeidet gjekk unna.

Sola steika godt i ryggen på oss. Vi kasta det eine plagget etter det andre, og vassflasker og solkrem med faktor minst 20 kom fram. Då kl. var rundt 12, måtte vi ta pause. Då var det for varmt. Verken den beisa veggen eller vi hadde godt av solstrålene. Vi måtte vente til skuggen kom, og det var ikkje før eit bel utpå ettermiddagen.
Då stod vi på'n att, og då mørkret senka seg over garden, var den løeveggen ferdig.
Denne sers varme dagen var ein måndag. Eigentleg burde eg ha synt bilete frå laurdagen og, då vi måla den hi sida. Då stod vi mesteparten av dagen i skuggen - i boblejakke, skjerf og langbukse. Og fraus.

Det er godt å bu i Noreg - med skiftande ver. Etter eit par veker med streng kulde her sør, har vi det no helst "mildt". Berre 5 minusgrader, og snødjupna er rundt 40 cm. Men dagane er lengre, sola er komen over Honnås. Det blir nok vår og sumar i år og. Då skal vi vel beise resten av løa. Kjenner eg Gulllungen rett.

7 kommentarer:

Fivrel sa...

Hehe, kjenner eg deg rett, kjenner du nok henne rett, ja... :-) Men det spørs berre om Ungen greier overgangen til å verte Vaksen, og å få seg arbeid og ansvar, bil og forsikringar, organisasjonsnummer og moms-rekneskap... Kjenner eg henne rett, har no nok meir lyst til å stå høgt over jorda, med sola i ryggjen og beis over alt. Og la humla suse.

Men trass i alle skumle vaksen-ting, er det heldigvis fordelar med å tre inn i denne fasen også - ein kan td bestemme sjølv om og når ein vil skaffe seg hundar i fleng :-) Æ glær me sååååå! I'll keep you posted.

Arti å rekapituler herre forresten, du skriv fornøyeleg. Det kjennest plent som om eg er med deg, der høgt i liften! :-)

No er klokka snart kvart på eitt om natta, og eg må leggje meg snart, men eg har berre NOKO LITE att på genseren min...! Dette har vorte ein obsession :-/ Men arti læll. godnatt!

Maritmor sa...

Hei! Artig å lese! Ei fornøyeleg historie:) Og løa kan nok stå eit år til med gamal beis:)
Ja, veret kan vera underleg i dette landet. Ha ein finfin vinterdag!

Lilledora sa...

Så koselig at du tok utfordringa, og det er veldig koselig å bli kalt blogg.venninne.
Tøffere enn toget er du, der du svever nesten helt oppe i himmelen. Håper "hainn te dæ", sto parat til å ta imot dere hvis gullungen styrte feil. knis nis

Lilledora sa...

Visste du at det er noe som heter
Hedalsvotten

Kathrine sa...

Flott arbeidsdag:-)) Ha fin fine dager!

:-))

Hilsen fra landet sa...

Den der veggen ser kjent ut! Tror jeg har værrt bort den jeg også ;-)

Men fivrel: Har du moms da? Er ikke moms på helsetjenester. En liten brikke mindre for deg å holde styr på enn du trodde kanskje!

Forøvrig elsker jeg innstillingen til fivrel, vi er sjelefrender :-)

Hilsen fra landet sa...

ugla: Beklager virkelig ekstremt mange skriveleifer, det er visst for tidlig for meg enda!