tirsdag 16. mars 2010

Våren er i kjømda

Fram på vetteren stundom han tenkte,
gjev eg var i eit varmare land,
men når vårsol i bakkane blenkte,
fekk han hug til si heimlege strand.
Med desse orda frå "Mellom bakkar og berg" av Ivar Aasen vil eg ynskje at alle nordmenn får ein god vår. Det er framleis kaldt om nettene her i fjell-Noreg, men dagane er lange, og sola varmar godt gjennom glaset.
Det er mest bert her ute på tunet. Dei 10 cm med snø som kom for 2 veker sidan, er no smelta eller blåse bort. Det meste eg har målt av snø i vinter her nede på jordet er 32 cm. Skal tru om nokre har hatt - eller har meir snø enn oss?!
Men det er farleg når vinteren slepper taket. Eg henta avisa her ein morgon - og eg prøvde å gå der det ikkje var speika. Men kan du ikkje vite - eg var ute på glatta, gjorde eit kjempehopp i lufta og ramla rett på ratata - og hovudet slo i isen. Ja, det gjekk no heldigvis godt - denne gongen og.
Nokre dagar seinare segla eg av garde på knea ned ein bakke. Resultatet vart hol i buksa og hol på kneet. Og ikkje nok med det. Eg som er så snill med dyra eg stundom passar på at eg hentar brødskalkar og gamle brød på lokal-sjappa, fekk meg ein blå-nagl her ein dag. Eg var ikkje rask nok til å trekkje til meg handa ein dag fjordingen fekk skalkar av meg. Nei, det var ikkje hans feil. Det var eg som var treg.
Sola vermde så godt her ein dag at eg sleppte ut hønseflokken. Dei riktig kosa seg i vårsola.
Dei legg egg kvar dag no, og her er det velstand med pannekaker og vaflar.




Mars månad er travel. Det er årsmøtetid, og det er forfattarkveldar og konsertar. Og til helga skal eg på teater for å sjå "Spelemann på taket".

No når sola får betre tak, vert det mykje å glede seg over. Snart må eg vel til å så. Men fyrst skal eg på 80-årsfest i jordbruksklubben min.

Og når liene grønkar som hagar,
når det laver av blomar på strå,
og når netter er ljose som dagar,
kan han ingen stad venare sjå.

9 kommentarer:

Elisabeth sa...

Historia seier at Ivar Aasen sat på andre sida av fjorden her eg bur då han dikta "Mellom bakkar og berg"...Nyyyydeleg iallefall!

Og heldigvis! Våren er i kjømda, sjøl om det mest kan minne om full vinter her på Sunnmøre i dag. Med blest og snø eller mest slaps!

Ha ein fin onsdag!

Ingalill. sa...

Den næreste Østen har hatt påskevær i flere uker alt, bare veier men ellers metervis med snø, kommer fremdeles knapt fram til døra.

Fine og frittgående høner :-)

Fivrel sa...

Så fine hønebilete! Ein ser godt korleis dei kosar seg i sola, og tru om ikkje vårsola får fram varme kjensler au - tykkjer dei ser rektig så nyforelska ut, høna og hanen :-)

Du lyt akte deg på glatta, kan ikkje risikere å sitje med foten i gips i vekesvis no når ein skal vere ute i vårsola og kose seg..! Og fy skam på hesten som beit deg. Det var nok ikkje vondt meint, men lell ;-)

Ha ein fin onsdag!

Lilledora sa...

Her i Midten tror jeg våren lar vente på seg. Det er + grader ute nå, men det drysset nå noe fra himmelen i sted, en mellomting mellom snø og regn. Jeg må måke i dag, utsatte det i går, er sååå sliten i armene og skuldrene, mennmen, man får ta det som trim. Fortsatt god torsdag
Fine høner, også er det bra du er litt polstret på ratata

Ingalill. sa...

Lårhalsen, tante, noe de fleste med alpert bør ta alvorlig
- når den går blir det sjelden en ny vår :-)

- hilsen dommedagsdkiterspiren som for tiden leser Jern.

Kathrine sa...

Du må få deg brodder på skoene. Jeg har brukt brodder i over ti år, hva skulle en gjort uten?

Det våres ja. Siste dagene kom det rundt 50-60cm nysnø, og nå har det regna i to dager. Bare skiføret holder til over påske, for etter påske, da er det vår for meg:)

Tenker du har gode egg fra disse hønene. Koselig bilde! Ha fine vårdager:)

Hilsen fra landet sa...

Så nydelige Sussexer! De er så store og vakre. Nå venter jeg på at våren tar skikkelig tak! Noen sier at det er leit hvis påskeføret ikke holder. Jeg er bare glad for at det tiner etter den kulden vi har hatt i vinter.

Brit sa...

"Det er vel fagre stunder
når våren kjem her nord.
Og atter som eit under
nytt liv av daude gror"
Elias Blix
Nå er vipa, lerka og spoven kome til Jæren. Snøklokker, klosterklokker og krokus blømer. Heilt vidunderleg å bli fri snøen. Me er ikkje vant til så lang snøvinter. Helsing Brit

Unknown sa...

Du har herved isforbud. Hold deg inne til tælan går - vær så snill - det er mange som er glad i deg:)

Vårtegn er hærlig. I dag har det vært varm vårsol, drypp fra takrenne og fuglekvitter - helt fantastisk.
Vi glær oss til ordentlig vår!!!