søndag 30. mai 2010

Kykeliky, sa hanen frå Drammen.

Hønseflokken var ute på tur her ein dag. Ja, eg gav dei ikkje lov. Dei berre lura meg.
Eg var inne i hønsegarden med eit lass ugras - mykje god mat i slike trillebårlass - både kveke, vassarve og mark. Medan eg snudde trillebåra, for ei høne ut gjennom døra. Og dei andre etter. Hadde eg hatt god tid den dagen kunne dei berre ha vore ute ei stund. Men akkurat då var eg i farta. Eg kalla på dei - tuppe,tuppe,tupp - men ingen reaksjon. Eg jaga dei, men då for dei til alle kantar.



Eg vart bra ergerleg. Eg kjefta på dei og sa at dei skulle lye meg. Og de som legg så lite med egg for tida, sa eg, har å halde dykk inne og verpe. Eg fekk lokka inn hanen og 2 høner. Men hu lille, hu var så farskat at ho berre trippa der ho ikkje skulle. Det vart eit leven inne i hønsegarden då hanen oppdaga at ei i haremet var ute i det fri. Han gol Kykeliky så høgt at dei sikkert høyrde det i heile grenda. Eg sleppte like godt ut heile flokken for å ha dei samla, medan eg planla korleis eg skulle gripe dette an.




Då kom eg på det: Inn på kjøkenet i full fart for å finne ein boks maiskorn i skåpet.
Høner er som ungar på tur, tenkte eg. Skal du få dei til å yte litt meir enn vanleg og gå nokre ekstra meter, må du fram med noko godt dei likar. Slik og med hønene mine. Eg strødde maiskorn i graset der dei var - og eit og anna på vegen fram til hønsehuset. Heile flokken (1 hane og 3 høner) trippa etter medan dei kosa seg. Vel inne i hønsegarden lukka eg fort att døra - og let dei få resten av boksen.
Nokre dagar etter denne hendinga var eg avløysar og passa på alle dyra på garden. Eg tykkjer at eg har best kontroll på alle om eg ligg i mi gamle seng i det gamle huset. Eg hadde ikkje stengt att luka før hønsene , det kom eg på midt på natta. Kanskje er det kaldt for dei, tenkte eg. Stod opp og gjekk med flagrande gevantar ned i hagen og lukka dei inne. Hadde det kome forbi ein eller annan, hadde han vel trudd det var eit spøkelse i hagen.
Neste natt var mildare, så eg tenkte at no kunne luka vere oppe, og dei kunne spasere ut i hønsegarden når dei ville. Men det eg ikkje hadde tenkt på, var at hanen er ein morrasfugl - og kl. 05 starta galinga. Med soveromsglas rett mot hønsegarden skal eg seie eg kom meg opp i rett tid den dagen. Det var utruleg mykje eg fekk gjort i heimen før eg reiste på jobb kl.10 .