søndag 7. februar 2010

Fola, fola Blakken


Fola, fola Blakken,

gå no inn i stallen din,

så kjem vesle Gullet inn

og klappar deg på nakken.


Dette var ein av yndlingssongane til Gullungen då ho var lita. Vi måtte syngje den omatt og omatt, så det var kanhende ikkje merkverdig at ho etter kvart hadde mottoet


Hest er best, ingen protest.


Og frå den dagen ho kunne skrive ynskjelistene sine sjølv, sto HEST allstøtt øverst på lista. Og samstundes kom det eit sukk: Eg veit at det får eg ikkje.

Vi, foreldra, skulle vel vere glade for at det var ein heste-song ho var så glad i. Tenk om det hadde vore ein song om ellediller og krokofanter eller Musevisa. Nei, hest er å foretrekkje framfor krokodiller og elefanter - og ikkje å tale om MUS.


Gullungen fekk hest på 12-årsdagen sin. Ein fjording som var 13 år - og gleda var så stor at ho vart mållaus (og det var ho sjeldan). Då Gullungen vart stor og skulle ut i verda for å lære seg eit yrke, vart hesten seld til nokre jenter i nærleiken. Men Gullungen hugsa på Hesten sin når ho var heime - og kvar 23. april i mange år fekk eg ein SMS:


Du veit vel kven som har bursdag i dag?

Klart eg visste det, og eg gjekk på hestebesøk med gulrot og eple.

No etter mange år er fjordingen attende her på garden. No som pensjonist. Eg hadde gleda av å vere avløysar ei veke, og eg ville ta jobben alvorleg. Eg skulle stelle 2 hestar: Fjordingen og ei islandsk merr og 3 høner og ein hane. Gullungen og kjærasten hadde laga alt så greitt, og eg hadde ei liste over mine gjeremål.


Hønene hadde akkurat begynt å verpe, og kvar morgon var eg spent når eg kom inn i hønsegarden. No har eg samla egg ei heil veke, og i morgon den dag skal det bli painnkak' !


Men desse to hestane var ikkje gode vener lenger, og det var hu islandske som tok føringa. Fjordingen virka skremd, og den eine kvelden streva eg for å få han inn i stallen. Hu islandske trippa etter meg og kraftfôrbytta, men fjordingen stod berre. Han hadde bestemt seg for at der hu islandske var, skulle ikkje han vere - og inn i stallen skulle han i alle fall ikkje. Eg lokka med kraftfôr, høy, søteple og godsnakk. Eg fekk han til slutt under tak, men ikkje inn - der fekk han høy og stod og åt. Eg skunda meg inn i fjøsgongen etter grinder, henta ut 4, og skulle setje dei saman. Då han såg det, ville han ut og springe, og eg greide ikkje å stengje han inne.


Fytti grisen! Det nærma seg midnatt, og han og eg stod der ute under stjernene. Kaldt var det - og fint måneskin. Heldigvis har du den tjukke skinnkåpa på, tenkte eg. Eg hadde jo ikkje strigla eller børsta han heile veka. Du må nok gå ute i natt om eg ikkje får deg inn. Eg henta meir høy, henta ein stor sekk med sagflis og la utover golvet og sette fram ei bytte med varmt vatn. Ljoset lot eg stå på. Eg sov ikkje stort den natta, for eg lurte på korleis hesten hadde det i kulda. Eg stod tidleg opp og var ned og sjekka, men han hadde det så bra - og humra då han såg eg kom med høy.


Slik heldt vi på nokre kveldar. Hans vilje mot mi. Og han vann - kvar gong. Han ville ikkje inn til hu islandske. Han ville ha fridomen til å gå kor han ville om natta. Sjølvsagt var straumgjerdet på - og han hadde eit stort område å boltre seg på. Han fekk høy og vatn ute ,og det hende han stod under tak når eg kom ned om morgonen. Eg slutta å prøve å lure han inn, og det trur eg vi båe var nøgde med.


Eg skal vere avløysar att om nokre veker. Då har nok Gullungen og kjærasten - eller helst han - gjort om i stallen slik at det skal vere greiare å ha inn båe hestane. Ja, vi fær no sjå.


Moro var det å ha dyr att på garden. Og serleg kosa eg meg med Margido, Nelly, Oda og Perla. Desse namna på hønene og hanen veit ikkje Gullungen om. Når eg passar dei, heiter dei i alle fall dette.