mandag 26. april 2010

Det er den draumen..

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.
Dette diktet av Olav H. Hauge vart lese for meg her ein føremiddag av ein ung gut på 8-9 år.
Også dette skuleåret har 8 - og 9 åringane på skulane i kommunen hatt faste besøk på biblioteket kvar månad. Då er det eg som les for dei og fortel dei om morosame bøker. Dei har vore ihuga lånarar, og det er ei stor glede å ha dei på vitjing.
Vi avsluttar ofte med fest på Bokdagen, og då er det skuleborna som har laga eit program for meg.
Eg hadde dekka langbord i biblioteket - med fargerike koppar og fat, kaker og brus venta dei.
I år ville dei lese dikt for meg, sa dei. Eg var bra spent. Ungane var ivrige, og Åsmund var fyrstemann. Han stilte seg opp framom heile klassa, utan manus og litt alvorleg. Han tenkte seg om, og så kom heile "Draumen". Han las det så godt at eg som var vaksen sat der med tåror i auga. Han las det seint og med håg og klår røyst. Dette kunne han. Han tok imot applausen med eit lite smil og eit bukk.
Dei andre borna var og flinke. Somme hadde ein liten hugselapp, andre kunne diktet utenat. Og alle dikt var av Olav H. Hauge. Korleis kunne de vite at Olav H.Hauge er ein av mine yndlingsforfattarar, spurte eg. Nei, det visste dei ikkje - men dei var og glade i dikta hans. Sa dei, åtte- og niåringane mine.
Siste veke hadde eg mange aktivitetar på biblioteket. Noko for ein kvar alder.
Barnehagebesøk er allstøtt triveleg. Då er det høgtlesing og song.
For dei godt vaksne hadde vi avslutning for datakurset som har gått over 3 føremiddagar. Der har "gamlingane" lært både tekstbehandling og vore på Internett.
Vi var så heldige at Margaret Skjelbred kom på forfattarbesøk ein kveld. Det var gama, og ho fortalde så levande om bøkene sine - og serleg då om "Mors bok". Kaffe og kake serverte vi, og det vart nokre trivelege timar for dei 18 frammøtte.
Veka vart avslutta med "skattkistefesten".
Sjølv små kommunebibliotek har mangt å by på for sine brukarar.
Gå innom ditt lokale bibliotek du også.
Det er enkelt, nært og gratis

torsdag 1. april 2010

HAUST er vår

Ja, eg dristar meg til å seie det: HAUST ER VÅR.
Haust er namnet på denne nuskate Border Collien. Eg eig ho ikkje, men eg let som ho er mi når vi er ute på tur. Ho er så snill og vimsat' og full av liv. Når vi har vore borte frå kvarandre nokre dagar eller veker og ho kjem inn i huset mitt for å helse på meg, er ho så glad at ho hoppar i veret - og tissar nokre dropar på golvet mitt. Ja, ja - ho er jo så lita at eg tilgjev ho alt. Ho lærer vel med åra. Som oss andre.




Då eg var skulejente og budde i Byen som har "ei utmerka elv te å spøtt i", var det vanleg at skulevenninnene mine og eg passa ungar etter skuletid. Når leksene var gjorde og middagen fortært, sprang eg over gata og opp for å hente Roar. Han låg i storvogna den fyrste tida, men fekk snart sportsvogn som var lettare å køyre med. I 50-åra var det ikkje mange ungar som var i barnehagen, og mødrene tykte det var godt når trillejentene kom og avlasta dei litt.

Syster mi var meir vill etter hundar. Ho og venninnene hennar gjekk rundt og spurde om å få passe både schæfera og buhundar. Nei, takke meg til ungar. Dei kunne ein ta med på biblioteket og lese for, gje dei mat og syngje for dei.

Kva gjer jentene i dag? Eg trur det er svært få som går rundt og spør om å få passe småungar. Kanskje dei ikkje spør etter hundar heller. Men eitt veit eg. Den som har hest er populær.
Og Fjordingen og Hu islandske vi har i stallen er i vinden.

Tidt og ofte står det små og litt større jenter utanfor døra og spør om dei kan strigle og pusse hestane. Dei tek hestane ut på lufteturar, og dei rir på dei. Så slepp eg å ri. Det har eg nemleg prøvd. Ein gong. Då Fjordingen var 14 - 15 år og sikkert ein villstyring i forhold til no som han er snart 29 år, fekk Gullungen endeleg overtalt meg til å sitje på hesteryggen. Eg kom meg på - og eg kom meg av - med mykje besvær. Etter det slutta Gullungen å gje meg kort til bursdag og jol der det stod at eg skulle få mange gratis ridetimar. Ho såg at eg eigna meg ikkje som rytterske.
Men å gje dyra mat og "møkke" og sjå til at dei har det bra, det er eg flink til.