mandag 24. mars 2008

Bibliofiolen skal no prøve seg på bloggen - for fyrste gong - åleine.

Eg har lånt bort kameraet mitt, det digitale, så no vert det ikkje bilete meir . (Ha, ha, eg kunne ikkje bruke det heller) Så mangt å lære for ein tilårskomen fiol.
MEN eg har lært at dersom du trivst med deg sjølv og den du er, vil du truleg like dei du treff på, same kven dei er.
Dette sitatet har eg funne i ei bok, og det er heilt sant.

Eg ventar på våren, slik at eg kan finne fram hageutstyret mitt og så gulrøtter, erter, salat og skvåsh. Blomar og, dersom vi kan ete dei. Ringblomar t.d. Alle blomar med officinales i det latinske namnet sitt kan ein ete. Eg trudde eg kunne finne nokre grøne strå av graslauken i påska, for det var jo mest berrt før vi dro på ein liten påsketur til Fivrelet i Bergstaden (den i sør). Ha, då vi kom heim -(etter å ha køyrt i kolonne over fjellet) var hagen heilt kvit. Snøen hadde igjen lagt seg. Det tek nok mange dagar - kanskje veker- før eg igjen kan syngje "enno ein gong fekk eg vetren å sjå for våren å røma". "Flaumen går, i Noreg er vår" har eg derimot vore med på å syngje av full hals. Det var då bygdekvinnelaget mitt skipa til fylkesårsmøtet no på kvinnedagen.

4 kommentarer:

Fivrel sa...

"No livnar det i lundar" og "Og når liene grønkar som hagar, og det lavar av blomar på strå - og når netter er ljose som dagar, kan han ingenstad venare sjå", nordmannen. Det er ikkje tvil om anna enn at våren har sådd gledespirer i mang ein nordbuar. I Bergstaden (i sør) held det fram å drive - det lavar ned som i Skomakergata. Me må nok enno smørje dei grøne fingrane med tolmod.

lilledora sa...

Her syng vi: "Sov du lille spire ung, ennå er det vinter"
Det snør ikke lengre, men det er kaldt, og litt sur vind.
Så er denne påska og gått over i historien, den kom så og svant. Det har vært koselig med besøk, men det er bestandig synd at tia går så fort at en ikke rekker å gjøre alt en har planlagt. Påskeharen har og vært her, og lagt igjen egg, men han glemte meg, ja ja, da har jeg ikke vært grei nok i år. Nå venter jeg bare på April, og lange fine vårkvelder.

Unknown sa...

Flaumen går - ja, den kan jeg og noen strofer fra - etter et lengre besøk oppi en dal, da jeg var en smule mindre enn jeg er nå...!!!

Hilsen fra landet sa...

Litt usikker på hvilken sang jeg skal velge nå egentlig! Må nok bli "Det snør, det snør, tiddelibom", for det er akkurat det det gjør her fremdeles.

Er det forresten lett på få til squash? Eller skvåsj eller hva du skrev... vanskelig språk det der ;-)
Man må vel ha drivhus tenker jeg, iallefall her i fjellheimen. Det står høyt på ønskelisten.