fredag 4. april 2008

Odessa





Det er faktisk sume av oss som ikkje kan sitje med hendene i fanget. Er det rastløyse, arbeidsglede og eller kreativitet? Dei timane i veka eg sit framfor fjernsynet , berre MÅ eg ha ei strikking. Ingen av min næraste treng genser eller jakke, då vert det luer, sokkar og vottar. Odessaluene, dei har perler i strikkinga, er populære. Og så mange fine fargar det finst i bomullsgarn. Eg har sikkert laga 10 stk. , og eg har til og med sendt 6 til England!



Når ein bur i ei lita bygd er det viktig å ta del i kulturlivet i bygda. Vi har bygdekino ein gong i månaden, og det er mange år sidan riksteateret var her. Men vi har eit levande organisasjonsliv, der vi lagar kultur sjølve. Sume driv med korps; andre er ivrige i kor, idrott og mållag. Det finst til og med ein jordbruksklubb i mi bygd. Der er vi som vel å dyrke og odle våre eigne grønsaker. Dei er IKKJE sprøyta med filleskap; dei er reine og smakfulle. Og no er eg snart i full sving i hagen. Ja, men så er det litt snø i lufta igjen i dag. Men eg har alt funne graslauken min. Den var like god som i haust!

Det er og viktig å møte fram på det som vert skipa til av andre. I går kveld var eg på kabaret. Ein visesongar frå kysten song viser av Evert Taube og fortalde om livet hans. Det var moro å vere med på allsongen. Sjung av hjärtat, sjung.

4 kommentarer:

lilledora sa...

Så mange fine luer du har strikket da. Riktig en luestrikkerske er du.
Nå skinner sola og det er sånn passe varmt. Tror jeg skal gå ut en tur og kakke litt i isen så det
blir raskere bart, Ellers så venter jeg på en liten overnattingsgjest. Blir spennende å se hvem som kommer i dag. Ha en fin lørdag.

Hilsen fra landet sa...

Nyyydelige. Det vet jeg forresten godt for mine tre små har jo hver sin slik lue som snart blir passe for vårtemperatur - om det kommer da! Begynner å bli litt utålmodig for nå snør det igjen...

De er så populære de luene, og spesielt godt liker de "perlene" som er strikket inn i mønsteret tror jeg. :-)

Lilledora sa...

Ny blogg, Lilledoras verden

Fivrel sa...

Eg og har ei Odessahuve (eller Capri-, som eg kalla henne, men det er visst bukser som kjem derifrå...), ei rrrååsa ei, som eg kan bruke no når det vårast. Skal tru om dei vil sjå på meg med misunnelege blikk, dersom eg kjem på Handelsforeninga her i morgon med flagrande hår og rosa Odessa??! :-)