søndag 11. mai 2008

Jorda som skapar

Tenk det; 2008 skal vere FNs internasjonale potet-år.
Så bra. FN vil at fleire skal dyrke potet', det kan redde fleire frå svolt.
Dessutan, den maten som reiser kortast, er den maten vi sjølve dyrkar. Den poteten vi set i jorda i dag, kan vi hauste i august og september. Er det noko betre enn dei fyrste nye potetan'?

I Noreg er det minst 1 -ein- million hagar, kvifor er det ikkje fleire då som dyrkar sine eigne potetar? Eller grønsaker? Eg har lese at det trengst ikkje meir enn 20 -30 kvadratmeter jord for å dyrke nok grønsaker til ein person. Kvifor er det då så mange som heller vil ha plen - og kaupe dei sprøyta feilfrie grønsakene på butikken.
Hagen gjev også mosjon, og den kan gje reduserte utslepp av klimagassar. Berre fordi maten ikkje treng transport!

Dette er ein hyllest til poteten.



Poteten kom frå Sør-Amerika til Europa på 1500-talet. Til Noreg kom den på 1700-talet, og det var prestane som skulle gjere den kjend for alle. Ordet "potet" fekk vi frå det engelske ordet"potato" og det spanske ordet "patat". Her eg bur no, seier dei jordeple - eller berre eple. På fransk heiter det "pomme de terre"- det er eple frå jorda. I Sverige seier dei"jordpäron" . Danskane seier "kartoffel", det kjem frå italiensk. Der seier dei "tartufolo".

I Noreg har vi 32 godkjende sortar. Dei vi har dyrka gjennom åra er: Kerrs pink, Pimpernell, Kong Georg, Snøgg, Beate og nokre blå - svært tidlege. Alt det ein kan bruke poteten til:
Lefser, potetsuppe, eplekaker og eplegraut. Ja, og så akevitt. Under krigen, fortalde mor mi, brukte dei potetmjøl i baksten som erstatning for kveitemjøl.

Eplekaker og eplegraut må ikkje forvekslast med æpl'kak og desserten æpl'graut.
Fyrste gongen eg fekk smake eplekake, sa svigermora mi at ho hadde laga 60 eplekaker den dagen. Hjælpe mæ, tenkte eg - ei byfrøken - eg lagar no berre ei i gongen. Men så viste det seg at det ho hadde laga var det eg kalla potetkak'.

Eg har høyrt sagt om Frostabonden at når han søv, så snorkar han på innpust , og på utpusten kjem det potet' og pæng.



Eg har i dag leita i mitt rikholdige bibliotek etter eit potetdikt. Men anten er biblioteket for lite eller så er det ikkje skrive noko potetdikt. Eg fann til slutt ein hyllest-song til poteten:

UNDER BONDENS AGER

Under bondens ager,
snedig skjult i jordens skjød,
ligger trinn og fager
en potet som død.
Bonden er en listig rev,
tar poteten opp med grev,
gjemmer den blandt ost og kål.
Bondemannens skål!

Dypt i bondens kjeller
råder gravens dysterhet,
inntil bonden selger
hele sin potet.
I en sekk av spunnet hamp
spent bak bondens geile gamp
stiler den mot høie mål.
Bondemannens skål!

Bent til Lysholmgården
ruller vår potet på hjul,
der blir den omskåren,
brent på sorte kull,
destilleres hen og dør,
men står opp i ny kulør
som fugl Phønix fra sitt bål.
Akevittens skål!

Skål for bondens ager,
skål for hans poteter små.
Bondens viv er fager,
skål for henne og.
Skål for bondens hest og høi,
skål for vogn og seletøi.
Skål for den som uten skam
drikker Lysholms dram.
(Frå Smørekoppens visebok)

6 kommentarer:

Hilsen fra landet sa...

Det var utrolig viktige, og fine ord!! Blant annet derfor jeg planlegger urte- og grønnsakshage også der i fjellheimen. Poteter tror jeg kan være vanskelig å få til faktisk, men jeg vil prøve mye annet iallefall.

Jeg vil gjerne ønske deg en trivelig dag i dag, og at det blir gjort litt ekstra stas på deg.
Psst: Jeg har en hilsen til deg inne hos meg.

Fivrel sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Fivrel sa...

Så samd så samd! Jordepledyrking er noko av det mest nyttige ein kan gjere, både for økologi og solidaritet. Og som du seier - for ei fullkomen njoting det er å hauste sine fyrste søte, vedunderleg gode eple i august! Koke dei med skalet på og berre ete dei som dei er, mmm!

Apropos potet'dikt, vil eg minne alle på Gammelpoteta med Vømmøl, HOHO, det er ei fantastisk vise!

Og til slutt - men aller mest:

HJARTELEG TIL LUKKE MED DAGEN, MOR HUBRO! Visare vert du for kvart år; eplevis! ;-)

Anonym sa...

Gratulerer med dagen, Ugla!

Unknown sa...

GRATTIS MED DAGEN, uGLA!!!

Lilledora sa...

Bursdagshilsen til deg i Lilledodras verden. har ikke noe glupt å si om poteter, derfor ingen kommentar fra meg om dette emnet.