søndag 1. juni 2008

Så mange bøker, så lita tid

Kvelden lister seg på tå - heiter det i ein barnesong, kvelden er lang og herleg no den fyrste junidagen. Eg har vore ute og vatna kjøkenhagen min som eg sådde ferdig i går, og no er det sol og vatn som skal gjere meg lukkeleg til hausten. I år har eg hatt to slags gulrotfrø, sumar- og vintergulrot. Vonar dei vert så gode og haldbare som dei eg sådde i fjor. Vi har ein god og gamaldags kjellar, og gulrøtene har vore fine heilt til no. Dei siste tok vi opp i dag. Det er luksus å ha sine eigne økologiske grønsaker.
Skal tru korleis squashen vert i år. For 2 år sidan var squashane mine så store som babyar, og på hausttakkefesten i kyrkja vår, kommenterte soknepresten storleiken på squashen min frå talarstolen.

Eigentleg var det noko anna eg hadde i tankane i kveld. 2 år på rad har eg i mai sett meg det mål å lese 50 bøker. Men har eg greidd det? Nei. Så mange bøker, så lita tid. Fyrste året vart det 43 bøker, og no vart det berre 32. Kanskje eg heller må notere meg sidetal. For det er helst tjukke bøker eg les. - så mange herlege leseopplevingar .

Boka eg les framleis er "Saman er ein mindre aleine", av Anna Gavalda, og den er jammen på over 600 sider. Ei herleg bok, om Camille som m.a. ein dag gjekk i ein hagebutikk og "såg på alt som kunne setje i gong dagdraumvideoen i ho: hanskar, gummistøvlar, hagesakser, hønsenetting, såpotter, organsisk gjødsel og frøposar av alle slag." Camille ynskjer seg eit "ordentleg hus med eit stort messingkar til å lage syltetøy i...Eit langt og skikkeleg bondbord og gardiner av kretong....Ein kjekk liten hage, med høner som gav ho dei nydelegaste smilande egg....Eit lite bed med urteplantar, ein peis, velbrukte lenestolar og bøker på alle vegger....Ein komfyr med trekol, der ho kunne ha himmelske biffgryter med gulrot ståande og godgjere seg frå morgonen av...Himmelske biffgryter med gulrot...herregud".
Camille seier ein dag til Franck, ein annan viktig person i boka,: "La klutane og handklea vere i same skuffa, du, livet er artigare når det er litt rot.."
Så sant, så sant.

Det er ein kjærleiksroman, ein roman om å leve og ein roman om å lage mat! Det er livfulle skildringar av dei 4 hovudpersonane. Boka er mykje, mykje betre enn filmen. Som også var god, i grunnen.

Sjølvsagt har også eg lese bøkene til Stieg Larsson, og dei var så spennende at det var vanskeleg å leggje dei frå seg. Og det var også bøkene til Khalid Hosseini: Drageløperen og Tusen strålende soler.
Eg som liker å reise med tog hadde stor glede av "Damekupeen" av Anita Nair. Ein forfattar frå India som skriv om kvinner som ikkje kjenner kvarandre, men som skal tilbringe timar i same togkupe. Dette har også eg opplevd; mange flotte samtalar med heilt ukjende folk, medan mitt tog tøffar opp og ned over Dovre.

6 kommentarer:

Lilledora sa...

Mitt liv må være ganske artig det, for jeg har masse rot. fnis fnis.
Jeg har ikke tatt så mange og lange togturer som Ugla, men noen har det da blitt i årenes løp, og da gjør jeg som mora mi har lært meg, snakker aldri med fremmede. Tenk det, da klarer Lilledora og holde munn i 5 - 6 timer. Det er det ikke mange som tror at hun klarer.

Fivrel sa...

Eg tykkjer no 30-40 bøker på eit år er godt gjort likevel eg! Du les no støtt ut ei bok tykkjer eg :-) Eg trur knapt eg har lese meir enn 2 romanar siste året, og det er STOR SKAM, for eg er minst like lesehest som deg. Men Gavalda las eg på ei helg i haust, og det gjorde godt. Eg elskar formuleringane og tankane - som dei du har plukka ut - det går kaldt nedover ryggen på meg for det er så fint og så meg. Elles var det Elstads Hjem på lydbok no nyss, og så Austens Stolthet og Fordom, også på lydbok. Det er fint, for då kan ein gjere noko anna samstundes, td får ein lese ei heil bok i løpet av 14 dagars middagslaging og bilkøyring :-)

Lukke til med kjøkenhagen - eg skal hjelpe deg og luke i sumar. Og vatne. Ingenting er som å gå omkring i hagen sin ein sumarkveld og vatne og kjenne dei duse angane av varm jord og bløming.
Ha ei god veke!

Fivrel sa...

PS - og så Paul Auster: Moon palace, som er "lese på toget frå Oslo og heim etter eksamen-bok". Dvs at eg får lese meste "avsnitt" i morgon ettermiddag - noko å gle seg til, det!

Lilledora sa...

God sommer til deg hvorhen du er i verden. Nå er vi ferdig pakket har med masse, men håper og på at vi finner noe å kjøpe. Kom og besøk oss davel.

Hilsen fra landet sa...

Jeg har jo sett filmen basert på boken av Anna Gavalda, forstår nå at jeg må lese den!
Ser for meg den trivelige kvelden med den nydelige utsikten og kjøkkenhagen din. Akkurat slik som gir sjelero og harmoni! :-)

Unknown sa...

Jeg har blitt hjernevaska - og skal nå også lese Anna Gavalda!
Så vet du det - at blogger også kan brukes til hjernevasking;)