søndag 20. juli 2008

Hare på ferde...



Ja, akkurat - kven har vore i grønsakhagen min og ete toppane av bøneplantene mine og og øydelagd alle mangold-plantene mine?? Er det kanskje ein harepus?? Helene harefrøken som er så nuskat og god, ja, heilt til ho går i kjøkenhagen til folk. Til folk som i år verkeleg legg seg i sela for å få premie i jordbruksklubben (den einaste i landet), og ikkje berre vert den evige firar.


Etter turar både hit og dit sette eg meg fore å luke og å få sving på kjøkenhagen. Det er kanskje lurt å vere borte i 14 dagar, så ser ein korleis veksten er. Gulrøter og lauk sto fint, og med tynning og luking vart det riktig flott. Boragoan' mine var store, og saman ringblomane pyntar dei opp alle salatbollar. Men kvifor tek ikkje harepus og et av salaten eller dei raude reddikane?


Eg har verkeleg tenkt å henge opp noko med lyd på erte-hesja mi, men utrangerte CD-plater er det vel ikkje noko hjelp i. Skal eg finne fram små klokker frå jolepynten? Irriterande er det, og eg klaga mi naud til dei to domarane som alt har vore her på si fyrste synfaring.


Sumarvarmen let vente på seg her sør, men det er allstøtt ting som må gjerast. Hainn te mæ er atter oppteken av sine gamle hus. No har han flutt badstoga, ei riktig gamal ei, og det er stokkar som må skiftast ut.


Dotter vår er heime på ferie, og ein student må ikkje berre liggje og dra seg. Så ho har sett i gong med å beise løa. Løa er stor og høg, og mor må vere med og halde stigen. Snart har det gått med 30 liter beis, og vent og kirsebærraudt vert det. Eg har ikkje sans for grøne løer, eller gule - nei raude må dei vere. Dei står så fint til dei grøne trea vi omgjev oss med.

Det var full bløming i eplehagen i vår, og det vert stor avling. MEN er det rognebær i år? Ellers vil rognebærmøllen slå seg til i epla og øydeleggje avlinga vår.

4 kommentarer:

byglendingen sa...

Det ser ut til å bli mykje godt i hagen din. Her har det regna så mykje dei siste dagane at morellane som var modne , no har sprukke, alle som ein. Gode på smak er dei framleis, men salsvare er dei ikkje. Kanskje du vil kome å smake?!!!

Fivrel sa...

Ja får du ikkje præmi i år så veit ikkje eg! Eg var personleg vitne til domar-synfaringa, og reint objektivt må eg seie at kjøkenhagen din var SPOTLESS, kan det ha ein samanheng med at underteikna var med og tok ein lukerunde kvelden før? Og hjelpte til med ertehesjene, skakke og fine (det er det som heiter landleg sjarm...)

Lilledora sa...

kva som er viktigst her i livet, å vinne en jordbrukskomkuranse eller at en mengde små søte harepuser blir mette i magene sine? Jeg spørgen kun, mitt kall er ei ay svare.
Hagen var pen, sirlig og fin.

Hilsen fra landet sa...

Litt av en kjøkkenhage - kjempefine bilder da!!

Veldig godt å høre at studenten ikke drasset med seg planten på tog osv... rådet henne til å vente. Den som venter på noe godt... ;-)

Her er det VARMT og jeg kan bade i fjellvann!! Jippi!!