tirsdag 29. juli 2008

Sumarselskap



Heldig er den som har ein hage og attpåtil er ein ihuga grønsakdyrkar. Er det då noka sak å invitere til sumarselskap? Ein stor salatbolle må ein ha, og så er det berre å gå ut i hagen og hente inn salat og reddikar.



Ja, ta inn noko graslauk, pipelauk og grave fram kvitlauken. Nokre ingrediensar må eg nok kaupe, men nypotet' til potetsalaten har eg, litt dill og persille og store rabarbrablad til å dandere spekematen på. Ringblomane er dekorative i salaten, og ikkje å forgløyme agurkurten (borago) min. Blå blomar i rjomedressingen eller til pynt på kaka, det er prikken over i'en.



Basilikumen gror så godt, og med alle dei plantene eg har, har eg nok til heile hausten. Noko må eg vel tørke.
Bergamott- eller etasjeblom - eller hestemynte- har så vidt starta bløminga, dei raude hovuda pyntar òg godt på eit salatfat. Ertepesjene er små, men sers gode i potetsalaten.



Eplesafta vi pressa i fjor haust og vinter, har vi enno nokre flasker att av i frysaren. Let eg ei flaske stå nokre dagar på kjøkenbenken, er det ikkje lenge før det brusar i henne. Den herlegaste eplecider kjem frå hagen min.



No er det tida for fråtsing av jordbær. Vi et alt vi maktar. Som bestefaren til "Lille Tre" (av Forrest Carter) seier til barnebarnet sitt at han kan like gjerne ete opp all blåbæra med ein gong. Uansett - det skal jo i magen.

O du herrlege sumartid, måtte du vare lenge...

4 kommentarer:

Fivrel sa...

Det såg jammen triveleg ut i det selskapet; ja forresten, det VAR veldig triveleg, og maten var kjempegod! Mmm, borago og ringblom er supert i salat, og plukksalaten frå hagen din er veldig god - plent no sit eg og et bitået i Oslo, med salat og nylaga kyssebærsylte. No er me straks på veg til flybussen og det store Utland. Takk for fine dagar og veker heime, eg kosa meg og fann roa som eg allstøtt gjer. Kos dykk vidare i sumaren, Klem!

Unknown sa...

Hmmmmm - det så utrolig godt ut. Skikkelig lekkert med blomster i maten!
Håper du ikke putter i en og annen liljekonvall - for moro skyld ;)

Fivrel sa...

Helsing fraa Wien! Varme og innhaldsrike dagar, etter ei veke med fjellklatring (-vandring) paa Europataket högt i Alpane (Seefeld). No er det slott, ariar og Sachertorte som fyller dagane! Med varme helsingar til Heimlandet Barndom og alle som der lever og raar ;-)

Hilsen fra landet sa...

Åååå - nydelig!! Både bilder og ord. Skulle gjerne vært der! Klem