onsdag 20. august 2008

Kanskje kommer kongen...

Ja, Han kom faktisk. Og ikkje berre han. Sonja var og med. Dei trilla inn på tunet, og kongen sjølv sat ved rattet. Kva for ein bil hadde dei? Nei, det veit eg ikkje. Men han var grå, slik grå bil som alle har i dag. Ikkje noko oppsiktsvekkjande som dei raude som trillar rundt på vegane.
Og kvifor kom dei til meg - eller oss? Dei ville berre rundt og sjå korleis folk lever og strevar, og dei hadde fått eit hint om at Hainn te mæ og æ - vi tek imot alle gjestar. Med opne armar.

Kongen kom inn, i den blå boblejakka. Tok av seg støvlane og sette dei på trappa, og han gjekk inn og stilte seg ved glaset for å sjå på utsikta. Sonja måtte ein tur på badet, kanskje fiksa ho litt på frisyren, men etterpå kom ho og vart med meg på kjøkenet. Dei hadde jo ringt berre eit par timar på førehand, så eg hadde ikkje fått ordna med noko serleg med maten. Nei, dei ville ta det vi hadde. Dei var greie slik. Så eg sette Sonja til å vaske salaten, medan eg sjølv sette på potetan', steikte sauekjøtet og laga den kvite sausen. Lokal mat, tradisjonskost, det var det dei ynskte seg.

MEN eg vart jo - som vanleg- ståande der på kjøkenet, Sonja gjekk ut til Sjølen og Hainn te mæ. Kva dei prata om, veit eg ikkje.
Det sto ingenting i avisa i dag tidleg at dei har vore her, ingen fotografar eller bladfykar var med på ferda. Og Hainn te mæ skjønar ikkje kva eg talar om når eg spør om dei hadde det kjekt i lag.

Ja, eg må nok berre innrømme det. Det var ein draum. Men den var så levande at eg mest trur det har hendt. Ja, kven veit?

2 kommentarer:

Fivrel sa...

Så levande og innhaldsrik, og så utruleg tøff ein draum! Ja, dette var rektig ei lita perle av ei soge. Eg trur dei var der, eg.

Og eg trur dei tykte at steikt kjøt i kvit saus var noko av det beste dei nokon sinne hadde smaka.

"Vi har det meget bra på Slottet", sa Harald, då dei var på veg ut døra og på heimveg att - "men sannelig min hatt, dere har det jammen bra her også!" Han ville nok bytt på dagen. Haakon også, han som let skjegget "gro fritt" (VG-framside i går...).

Det er nok verre me a Sonja, ho hadde nok sakna alle hoffdamene. Ho såg at det var nok ikkje like gode friserdamer i Valle som i Oslo, for ho tykte du var vel grå og langhåra samanlikna med henne, hihi ;-)

Anonym sa...

No lura du meg nesten. Utruleg godt fortalt, og kommentaren frå fivrel var så løgleg at eg lo her eg sit åleine.