fredag 7. november 2008

Og ded var Danerkongins son...


Og ded var Danerkongins son
stakk ormens hovud på eit spjut:
de helsar Lyselin, stolte jomfruga
at hon vil koma herut.
Og ded var Danekongins son
han kom der ridand i gård
og ded var stolte jomfruga Lyselin
hon ut af vindauga såg.



Denne puta er laga i ein spesiell handarbeidsteknikk som eg ikkje har namnet på. Puta er laga av vår venninne i England. Motivet på puta framstiller ein del av innhaldet i folkevisa om Lindarormen. Den er laga spesielt til ein utskoren stol, og det e sjølvsagt Hainn te mæ som er treskjeraren. Puta og stolen passar saman med emnet mitt, namn frå eldgamle dagar, frå arils tid, frå den tida då folk gav borna sine naturnamn.

Jentenamn:
Bjørg, Bjørk, Erle, Gry, Lin, Linnea, Liv, Rose, Silje, Siv, Sol, Vår.

Gutenamn:
Aril, Ask, Berge, Bjørge, Bjørn, Dag, Elg, Elvar, Hauk, Leiv, Mår,
Ottar, Ravn, Rein, Sjur, Stein, Svale, Ulv, Ulvar, Varg, Ørn.

Dersom du, ja, akkurat DU, som les denne bloggen kjenner somme som nettopp har fått born, fortel dei at det er så mange flotte namn. Ikkje alle treng å heite Sebastian, Nikolai eller Ida.


Denne stolen t.d. er laga av ein som heiter Knut. Eit anna gamalt og flott namn.


8 kommentarer:

Lilledora sa...

ÅÅ. så fin den puta var og stolen er jo berre lækker.
Navna var jo og fine, mange kjente der. Ble litt overasket over navnet Lin, visste at det var gammelt, men ikke så gammelt, moro, og Ask og RAvn da, kjente og kjære navn. Kunne hatt med noen fra Gresk mytterlogi(?), så har nesten hele fam. vært samlet.

Fivrel sa...

Mange fine namn! Det er ikkje så dumt å kikke mot naturen for inspirasjon, anten det gjeld det eine eller det hitt. Kva med å tenkje nytt og på eiga hand au, eg meiner - kva med Lauv? Tenk så fint å heite Lauv! Eller Fivrel! Ikkje minst det. Kva med Blome, eller Vind? Eg likar alle dei, eg! Men dei fleste meiner slike namn er noko for "ekstreme" for menneske, at det er fare for at borna kan verte mobba... Ikkje veit eg. Men eg har framlegg til Vakre Namn - som iallefall kan nyttast til posi og hesten. Sjå berre her:

Dagrenning
Rimfakse
Villvind
Frost
Timian
Muskat
Nellik

Frisk og Rask
Rusk og Rask

Desse siste namna skal dei to kattane mine få (dei som ikkje er fødde enno, men som eg skal ha straks eg BUR ein stad, i eit hus, på landet ;-)

God helg!

byglendingen sa...

Her var det mykje nytt sidan sist eg var innom, både i utforminga av sjølve bloggen og nye tema å sette seg inn i.
Det tar tid å lære seg å bruke FLICKR, Facebook og andre "web 2.0"-ting som vi og skal drive med.
Sender helsing til "han te mæ", så treffest vi på skikkeleg vis på onsdag.

Unknown sa...

Kjempefin stol - Nuten er bare sååå flink - heder og ære fra oss i midten.

Navn er fasinerende. Både når de er fine, - og når de er ikke fullt så fine. Heldigvis er smaken som baken.
Når vi valgte navn til våre barn var det viktige at de ikke bare skulle være nok et navn i mengden av likelydende. Samtidig skulle det være navn med swung, og som også gjorde seg bra på papiret.
Jeg syns vi gjorde et godt valg;)

Samtidig har jeg veldig sansen for mange av de navnene du lister opp her.
Jeg gleder meg til jubel i bygda deres når arvingen kommer hjem med barnebarn med navnene "Rusk og Rask". Da vil jeg være flue på veggen. Hahahahahahaha

Marie sa...

Du så flott stol med pute som passa perfekt!

Fine gamle namn også.

Takk for kommentar hos meg og god søndagskveld :)

Hilsen fra landet sa...

Så nydelig!! For et arbeid da. Moro å se teknikker fra andre lang også. Interessant å vite hvilken vei teknikkene har gått i gamle dager - kanskje med vikingskip og treller som gjorde at man utvekslet kunnskap?

Hilsen fra landet sa...

Og stolen ja - den er jo helt fantastisk!! For et håndverk. Virkelig et praktmøbel.

Kathrine sa...

Mange flotte navn ja. Våre barn har navn fra Norrøn Mytologi. Mange fine der og.

Ha en fin helg:-))