søndag 15. mars 2009

And the winner is....


ENDELEG! Etter mange års røynsle - ikkje med pil og boge som Olav H. Hauge skriv - men med spade, grev, gummihanskar, gummibrett til å stå på kne på, pinnar, snor og FRØ har eg endeleg vunne 1.premien i jordbruksklubben.
Vi hadde årsmøte her ein kveld, og resultatet etter siste års hagearbeid vart kunngjort. Jordbrukssjefen har vore på vitjing i hagane til medlemene og sett nøye på korleis vi steller jorda og plantene. Eg har hatt 4.plassen i fleire år, så no var det godt å kome høgast på resultatlista. Medlemene er ihuga grønsakdyrkarar, og det var jammen godt at det i år også på denne pallen stod ein trønder. Det er når det verkeleg gjeld at trønderane viser seg fram: Hjallis, Toralf Engan, Petter Northug, Magnus Moan - og så mæ.

Det såg ille ut her i fjor vår, då ein hare hadde vore på ferde i kjøkenhagen min. Men eg har stått på; tynna og luka bort vassarve, meldestokk, kveke, løvetann. Brennesla laga eg suppe på, og alt det andre ugraset hadde eg i komposthaugen. Skvallerkålen kjempar eg mot i ein annan del av hagen. Ja, rett skal vere rett. Eg vil dele æra med hjelperan' mine. Hainn te mæ har køyrt fleire trillebårlass med saueskit i hagen min og snudd jorda. Han vil eg takke. Likeins med gullungen. Ho var heime den veka då ugraset hadde lagt seg som eit grønt teppe på jorda mi, og eg sjølv var bortreist. Ho gjekk på med krum hals, rivjern og ei lydbok i øyret. Då sjøla kom heim, var hagen eit vakkert syn. Men seinare har eg vore der sjølv, kosa meg med gulrottynning medan sola svei i nakken, pakka meir jord rundt lauken medan regnet krulla håret mitt. Og resultatet vart flott. Om æ ska sei det sjølv!
Jordbruksklubben eg er medlem av, er den einaste klubben i Noreg som berre driv med grønsakdyrking. Til eige bruk. Kva er vel betre enn å gå ein sumardag ut i hagen og ta inn det du vil bruke i dagens salat: salatblad, reddik, graslauk, ringblomar og agurkurt. Eller på haustkanten dra opp nokre gulrøter, som går i nistepakka, invitere vener til squashmiddag eller dele ut krukker med basilikum i aust og vest.
Og vite at alt er økologisk dyrka. Ikkje ein drope gift i min hage.
I kjellaren har vi framleis store, saftige gulrøter - lagt lagvis i mose. På kjellerveggen heng lauken, og i frysaren har vi erter, bønner og squash.
Ute er det enno vinter, men no må eg planleggje kva for frø eg vil kaupe i år.
Eg kan ikkje kvile på mine laurbær.

10 kommentarer:

Fivrel sa...

Hjarteleg til lukke!

Det var ein VEL FORTENT SIGER; det kan eg sant seie, for ivrige og iherdige i hagen har de støtt vore, du og hainn te de. Kvar vår haug etter haug med kompost og møkk som skal snuast inn i jorda. Luftig jord, god meitemarkøkologi. På kne med frøposar og sirlege rader, oversynsplanar skisserte på små ark som ligg samanbretta i lomma på den rosa jakka. Kvar sumar med varm rygg mot sola og flittige hender i gulrotsengene.
Hausten med eplegrev og hjulbore, den rike angen av rå mold, irrgrønt gulrotgras og raude røter mot den svarte molda. Suppekjelen som dampar og spreier eimen av soldagar fanga i næringsrike røter, blad og urtekvastar.

Vel unt! No vert det spanande å høyre om planane for jordbruket DETTE året! :-)

Kathrine sa...

Så flott!! Gratulerer! Så kjempelekker ut den kjøkkenhagen din da:)
Jeg har ikke så stor kjøkkenhage jeg da, hi..men som du skriver, det å kunne gå ut og ta det en trenger.
Og så bra det vart en trønder da du ,)

Skal spørre deg om noe i samme slengen her. Jeg har hatt fuglemateren rett over ett av kjøkkenhagebedende mine. Der har jeg jordbær(skal kanskje flytte de)urter og tanken er å sette masse løk her. Så lurer jeg på dette med salmonellafaren. Jeg vet jeg må vaske alt godt, og at salmonella ikke tåler koking/steking.
Men er det trygt å dyrke noe der i det hele tatt? De har gjort fra seg så vannvittig i vinter, så neste år skal jeg ikke ha materen der iallefall.Kan salmonella holde seg lenge i jord og på bakken?

Ha en fin fin dag!

:)

Ugla sa...

Dette med salmonella har eg ikkje peiling på. Vi lyt sende spørsmålet til dyrlegen blant oss. Fivrel; gje oss eit svar!

Lindas hjørne sa...

Gratulerer så mykje! Det var moro! Eg kikkar alltid ned mot hagen din når eg går / køyrer forbi. Det veks så frodig på alle sider av huset. :)

Fivrel sa...

Salmonella enteritidis ssp. enteritidis serovar. Typhimurium er ein bakterie som er svært vanleg blant småfuglar ja - og denne kan absolutt smitte over til andre dyr og menneske (zoonose) og gje sjukdom (fyrst og fremst enteritt med diaré). Koking og steikjing tek knekken på svineriet, men når det gjeld alt av direkte eller indirekte kontakt td med hender, reidskap som vert brukt til mat osb, må ein vere påpasseleg, og ikkje minst urter/krydder/salat osb. Kor lenge bakterien overlever i jord må eg undersøkje, det er eg ikkje viss på.

Sjølv ville eg nok ikkje dyrka matvekstar nett der og i eit par meters omkrins kring der mataren har stått, for å vere på den sikre sida. Lat nokre vakre blomar få plassen i staden, dei har sikkert glede av alt fugleskitnitrogenet :-)

Lilledora sa...

Grattis med den flotte seieren. Må vel få gratulere Gullungen og han te dæ og, du skriver jo at litt av æra tilfaller dem og. Vi har ingen kjøkkenhage vi, bare solbær-trær og roser,tror ikke jeg kunne hatt heller, for jeg er ikke så glad i å luke. Vi hadde jordbær engang, i et blomsterbed, så fikk vi en liten åker, men så sa det stopp. Men jordbæra var veldig god. God mandagskveld

Maritmor sa...

Gratulerer fra meg også. Her er kjøkkenhagen heller skral. Men litt har jeg hvert år. Har gitt meg med gulrøtter, det er så uhorvelig mye gulmark i jorda! De gnager i gulrøtter og poteter. Men krydderurter, salat, erter og purre får stå i fred:) I går var det varmt og godt! Nå lengter jeg etter våren, og hagestell! Og ja - obs! når det gjelder salmonella.

Kathrine sa...

Ja, neste år skal materen stå ved tornehekken. Bare for sikkerhets skyld. Det er nok med en liten farrang, om en ikke skal få salmonella også.

:) Morsomt med svar:)) Kanskje finner du ut hvor lenge denne lille bakterien overlever på bakken også, gyro?

:)

Anonym sa...

Gratulerer, dette var på høg tid. Du har ivrig og med glede dyrka kjøkkenhagen frå tidleg "ungdom" og fått det til, før det vart in. Dette var koseleg.

Hilsen fra landet sa...

For en ære!!! Fantastisk. GRATULERER så mye! Vil gjerne at du klikker deg inn og ser på http://www.google.no/ og den logoen der! Veldig spesielt og minner meg om deg fra jeg var liten...

God helg og du KAN hvile litt på dine laurbær og nyte utmerkelsen :-)