tirsdag 3. november 2009

Spøkelse ved høylys dag??

Her ein dag - det var endåtil Allehelgensdag, trudde eg det var kome eit skrømt inn i huset mitt. Eit skrømt som var interessert i den nye joggebuksa mi. Så ny var buksa at prislappen sto på . Eg sto med buksa i handa - og etter ein augneblink eller helst to, var buksa borte. Ok, det hender at eg gløymer nokre småting - som eit forfattarnamn eller ein tittel. Det hender og at eg legg borte noko på ein lur plass, og så kjem eg ikkje i hug kor det var. Men denne gongen var det ikkje noko lite, det var EI BUKSE!

Eg hadde teke ut nokre klede frå ein koffert. Noko hamna i skittentøykorga, og noko vart lagt i klesskåpet. Kofferten sette eg på loftet. Eg skulle ta ein dusj, og etterpå skulle eg ta i bruk ny-buksa. Men kor var ho??

Eg leita høgt og lågt. Sjekka alle fire dører. Ingen kunne ha kome inn, alle dørene var låste. Det er vel berre skrømt som går gjennom låste dører? Buksa var borte. Eg sjekka i kofferten på loftet, i klesskåpa, og eg var ein tur i alle rom i heile huset. Eg hadde visserligen stått med buksa i handa. Eg hugsa jo kor god og mjuk ho var. Men kor var ho??

Eg måtte le litt av meg sjølv der eg for rundt og leita. Det var jo Halloween, tida då alt kan hende. Men kvifor var berre buksa borte?
Tåka kom sigande, og det var helst ei trolsk stemning nede i hagen. Epletrea vaia i vinden, og rett som det var fall eit eple ikkje langt frå stammen. Eg gav opp leitinga- og fann fram spitet mitt og lydboka mi (Mors bok av Margaret Skjelbred).

PLUTSELEG slår eit minne ned i skolten. Hadde eg ikkje opplevd noko liknande?
Jo, det var ein av desse varme sumarane i barndomen, den gongen vi budde nesten heile sumaren på Jonettaplassen.

Mor mi hadde kjøpt ei ny khakibuksetil bror min. Men fyrst skulle eg bruke buksa. Det var ei grøn bomullsbukse, med 4 gode lommer, 2 framme og 2 bak - med plass til alt ein hadde bruk for i det daglege livet på landet. Buksa hadde gylf. Det kunne jo ikkje eg ha. Den gongen hadde jentebuksene glidelås i sida, men mor mi visste råd. Ho skulle skifte glidelåsen, frå gylfen til sida - og året etter når bror min skulle ha att buksa, skifta glidelåsen plass att.

Men då ho skulle fikse buksa, var ho borte. Vi hadde køyrt med rutebil og drosjebil frå byen til Jonettaplassen, og mor mi kontakta både rutebilselskap og drosjesentral for å høyre om dei hadde buksa vår. Nei, inga bukse var å finne. Så den sumaren vart det ikkje noko ny bukse på meg!

Men kva hende sumaren etter? Jo, då hadde Olaf som vi budde hos, flutt på nokre møbla - på det som eg i dag vil kalle forstog-trevet - men som der og då vart kalla gongen utanfor jomfruburet. Og bak den rosemåla kista - der låg buksa! Det året fekk i alle fall bror min ny bukse!
Denne soga kom eg plutseleg i hug. Eg gjekk sporenstreks ned i gongen i ny-huset og kikka bak den rosemåla kista vi har der. Og tru det eller ei - der låg Stormberg-buksa. Eg hadde lagt buksa på loket, og ho hadde sklidd ned bak kista. Eller var det spøkelset som hadde løynt ho der??

10 kommentarer:

Anonym sa...

Dette var morosamt, både den første hendinga og den siste. No undrast eg på om det var på denne staden bøndene snakka i svevne om ”potet og pæng”? Koseleg namn i alle fall. Heldig du som har funne ei mjuk og god joggebukse å smyga inn i, no som det blir kaldare og kaldare for kvar dag. Så var det ikkje skrømt likevel som hadde tatt nybuksa, men erfaring som hjelpte deg til å finne den. Her hadde vi vitjing av fleire halloween-barn, men alle var snille og fekk godis av far i huset. Koseleg.

Lilledora sa...

Jeg smilte godt nå, altsheimer light, vil jeg kalle denne tilstanden du av og til er i, selv om det tar nesten et helt liv i mellom disse to episodene. Husker ikke denne historien og buksa jeg, men jeg takker min skaper for at den ikke gikk videre til tredje mann. To oinnlegg på kort tid, hva skjer?

Ingalill. sa...

Sikker på at du ikke gjemte den selv - en uskyldig tur i søvne mumlende på besvergelser om omsydde guttebukser.

(psstt - den pængpongen jeg hadde mistet på Elverum i sommer lå under en genser i trappa.)

Unknown sa...

Det første jeg tenkte på var at det sikkert var Jens som hadde vært på ferde. Husker du Jens??

En sommer for mange somrer siden var 2 små uskyldige byjenter på bondegårdsferie. På gården bodde ei ena mindre gårdsjente. Hun trodde på alle de historiene byjentene fortalte, også historien om Jens. Hvis du leter godt kan du kanskje finne hodet hans rundt om låven enda:))

Ingalill. sa...

(hehe - han hadde jeg glemt)

Kathrine sa...

Dette var ei flott historie, og ikke minst, kjent historie,)
Vi har ei kiste fra 18...ett eller anna, som vi legg klær på etter tørk, og noe sklir bakom ja. Helt naturlig det..
Men jeg har bodd i et ekte spøkelseshus først på 1980-tallet. Det var ikke noe gøy, før vi(jeg og min søster)ble vant til det. Da gikk det greit.
Du skriver veldig godt syns jeg:)
Ha en fin fin ukestart:))

Og takk for koselig kommentar i hagebloggen min!

Fivrel sa...

Jens! Skrekk og gru, kvi minnar de meg på dette fælslegaste av alle fælslege skrømteminner frå barndomen, å JØ, seier eg berre.

Fivrel sa...

Artig soge, Bibliofiol, men eg trur no meir på fornuftige og logiske forklåringar enn skrømt :-) Jens er forresten, for dei uinvidde, ein treknoll - rotutvekst? eg veit ikkje eg, men stor som eit hovud og knudrete/med rar struktur som ein hjerne. Dei kjære kusinene lurde den stakkars truskuldige til å tru at det var eit hovud, hovudet til Jens. Eg hugsar enno panikken som hogg tak i bringa då dette makabre faktum - eit kropplaust hovud! gjekk opp for meg. jens heng enno nedi fjosskålen, han :-) Klar for å skremme nye generasjonar, hehe... ;-)

Hilsen fra landet sa...

Både dette og forrige innlegg... du skriver så morsomt og fengende.

Utrolig herlig.

Jeg føler at hverdagen kommer litt mer tilbake etterhvert men jeg har nok vært svært preget av det som skjedde i begynnelsen av september.

Men å lese hos deg ga meg lyst og glede til å titte innom igjen.

Ingalill. sa...

(hæhæ) du kor artig det var med'n jens (å kor kjæft vi fikk etterpå).