søndag 3. januar 2010

Genseren te'n Johansen

Og hør litt, min kjære venninne,
som byder på bollefest,
i stamkneipa mi kan du finne
folk, bedre enn mang en prest.
Og de tok mot en sjømann med ære,
og sånn som han stod og gikk
og om genseren var slitt,
fikk det være,
de passa sitt eget bestikk.





Eg kom på denne songen då eg såg Gullungen i Genseren sin her ein dag. Songen om Johansen og genseren hans høyrde vi i mang ein Ønskekonsert på femti- og sekstitalet, og jammen kunne eg mange av versa i dag og.
Genser'n te Gullungen er og ein slik som har vore mykje i bruk. Eg arva genseren av ei kusine, og vinters tid i fødebyen var det i mange år skulegenseren min. I eit gamalt fotoalbum har eg til og med bilete av mor mi på ski i denne genseren. Ho fekk låne den av meg ei påske vi hadde skirenn utanfor Jonettaplassen. Eg flutte til Tigerstaden og tok genseren med, og etter kvart hamna både eg og genseren her i fjellheimen.
Gullungen tok genseren med, dei åra ho "gik omkring og sultet i Kristiania, denne forunderlige By som ingen forlater før han har faat Mærker av den...". Ja, eg trur ikkje ho var svolten dei åra ho var der, og eg trur og ho hadde andre genserar. Eg vonar og trur at ho hadde genseren med på vinter-telt-turen til Hattfjelldal og på sumar-fjellturane her i Finndalen. Og no er genseren i bruk mest kvar dag der ho køyrer rundt i dei 7 kommunane sine og hjelper store og små dyr.

I frostnetter opp i Alaska
var "iglooen" god å ha,
eller når troperegn plaska,
ei hytte av palmeblad.
Eg har og min "Johansen-genser" i dag. Utanfor jobben min her ein dag trefte eg på ei venninne, og ho spurde om eg hadde fått meg ny vinterjakke. Den var så raud og fin.
Eg lo litt, og takka for komplementet. Ja, jakka var ny den. For meg!
Men eg hadde arva ho etter mor mi, og om jakka var kjøpt på åtti-, nitti-, eller til og med på sytti-talet kunne eg ikkje vite. Eg hadde sendt jakka til rens og fått ho tilbake - som ny. Varm og god.
Dei siste åra mor mi levde, pynta ho seg i denne jakka når ho skulle på bytur med syskena mine. Ja, ho kunne ikkje "fin-gå" då, men ho vart trilla rundt i rullestol.
Med den raude alpelua på toppen av krøllane og med litt munnraudt på leppene,
var ho klar for Byen.

5 kommentarer:

Ingalill. sa...

- å sannelig om jeg greier å se hvem av dere der går. Jeg landet på deg - men kun pga bildets klarhet og stilen på alpert-en :-)

Godt Nyttår.

Kathrine sa...

Denne synger vi litt av, titt og ofte, når vi hører navnet Johansen,)
Og ja, husker den mye fra radioen.
Ønsker deg og dine et godt nytt år!
Skal bli fint å følge deg dette året også.

:)

Lilledora sa...

Ja, det er bra dere bruker gjenbruk i fjellheimen. jeg skvatt litt jeg da jeg så mammajakka, men som Ingalill sier så var stilen på alperten litt annerledes, men skjerfet og annet..... upåklagelig

Fivrel sa...

Haha, ja, gjenbruk er tingen! Når ein lagar ting i god kvalitet kan dei vare i generasjon etter generasjon, og betre miljøvern - og kulturvern! skal ein leite lenge etter ;-) Det er i allefall ein herleg genser - varm og god, passeleg stor - og så fin som han held seg etter alle dei år. Nuppa ikkje ting i gamledagar? Tykkjer alle genserar eg har spita nuppar på null komma niks, men ingen av dei mange gammelgenserane gjer det.

Arti innlegg. Du kan lage mange slike. Kva med den gule og svarte sauejakka? Eller den gule fjøslua? Blåberbuksa til mormor, som eg har vandra omkring i både på Fosen, i Valle og verre stadar (midt i Trondheim by! Hvorpå min Moder tok meg med til ein klesbutikk og tilbaud seg å spandere på meg nye bukser, tykte visst desse var gamle og fæle :-) Og HU hadd' spanderbuksan på :-)

Hilsen fra landet sa...

Så koselig å arve, og så friskt og rødt! Det piffer opp med rødt. Synd jeg ikke føler meg som en rød person egentlig. Jeg føler meg mer blå...