onsdag 30. juni 2010

Hønseføtter og gulerøtter...

Hønseføtter og gulerøtter
og halsen av ein svane.
Den som kysser småjentene,
han har ein underleg vane.

Eg er så heldig at eg har 3 høner og ein hane i ein hønsegard nede i hagen. Å, for ei lukke - og for ein velstand med 3 nylagde egg kvar dag. I år er eg riktig flink til å luke ugras - både i kjøkenhagen og i blomhagen, og kvart eit trillebårlass eg har med kveke, vassarve, meldestokk, skvallerkål og og anna utyske køyrer eg inn i hønsegarden. Hønene likar kan hende ikkje alt dei får, men dei et det dei vil ha, sparkar i jorda og finn makkar, og dei har det riktig så triveleg.
Det kan eg sjå på egga, for gulare plommer enn det som er i desse egga, får du ikkje i den flottaste matbutikken på Karl Johan.
Vi fråtsar mest i eggemat. Den eggerøra eg lagar er mest så gul som sola, og sukkerbrøda mine er høge og flotte. Pannekakene mine er like så gode som dei du får i Holland, men mine er gulare. Og ikkje noko kunstig farge her på garden , nei.

Men her ein dag oppdaga eg noko rart. Mystisk var det. Storleiken på egga har vore den same i mange veker - alle tre egg like store. Men så ein dag låg det eit lite egg i rugekassa. Egget hadde same let som dei andre, det var berre mindre. Jasså, tenkte eg - er det ei av hønene som er misfornøgd. Er ikkje maten god nok? Her får de restar frå det Homske kjøken, og kvar dag får de smular frå landhandelen i bygda - og ikkje nok med det. Eg gjev dykk ferskt grøn-for.
Vil de kanskje streike? Har de høyrt om streiken i kommunesektoren?(Ja , det var på den tida dette hende).








Eg funderte ei stund på mysteriet med dette egget. Dagen før var det hakka eit hol i eit av egga i verpekassa. Kven er det som tergar meg? Har vi ubudne gjestar i hønseriet vårt?


Dette biletet syner storleiken på det lisle egget og det vanlege hønseegget.
Plutseleg slår ein tanke ned i meg. Tidlegare år har vi hatt ein gauk i hagen vår, og ein dag sat han/ho i det eine epletreet og gol, og eg kunne mest sjå drøvelen på han. I fjor var det ingen gauk her, men i år hadde eg sett han sitjande på hagegjerdet.
Mysteriet vart løyst. Gauken måtte det vere. Han legg eit egg i andre sine reir.
MEN korleis hadde han kome seg inn i hønsehuset?? Hønsegarden har høgt gjerde rundt seg - av hønsenetting. For å kome inn i hønsehuset måtte han fyrst kome seg inn i hønsegarden, så inn gjennom luka til hønsehuset og leggje egget i rugekassa. For ein luring.
Men eg vil ikkje ha nokon gaukunge i hønsegarden, så eg har egget i kjøleskåpet. Du skal få sjå det når du kjem innom.

5 kommentarer:

Lilledora sa...

Som vanlig et velskrevet og koselig innlegg. Tok du virkelig det lille egget med deg inn og la det i kjøleskapet? Er du sikker på at det er et gjøkegg? Skal du oppbevare det lenge? Har du funnet ut noe mer, om hvordan gjøken har kommet seg inn i hønsegården. Dette er jo spennende, venter på fortsettelsen jeg. Ha en god kveld

Ingalill. sa...

Dinosaurer tror nå jeg, kanskje du burde knekke det for å se inni?

God sommer.

Kathrine sa...

Å, så artig! Jeg samler på egg. Tar bare egg om de er forlatt. Skulle gjerne sett det, men vi kommer dessverre ikke nedover i august til den store dagen.
Egg er godt, og har du egg, har du mat.
Kjenner forresten ei oppi Kvam i G-dalen som har mye forskjellige hønseraser, og gjess. Hun bruker ett gåseegg til sukkerbrød, og de blir så utrolig flotte!
Ta godt vare på egget. Forresten så likner det på de første eggene hønene legger før de blir skikkelige verpehøns. Men det stemmer jo ikke med dine høner.

Nyt Julidagene:-)

Og til slutt, da vi kjørte Folldalen til Dovrefjell her en helg, fikk jeg bilde av en gjøk:) Stor stas, for jeg liker å fotografere fugler(Ta gjerne turen innom fotobloggen min også, der den er langt ut på ett av innleggene, fotobloggen er linket fra hagebloggen)

Fivrel sa...

Du kan tru eg lurte fælt då eg vart konfrontert med denne soga fyrste gong. Byrja lure på hormonforstyrringar, paraben, psykiske høneforstyrringar, alt mellom himmel og jord i hønas indre - men GAUKEN, nei han tenkte eg nå ikkje på iallefall! :-)

Men eg må seie meg samd med deg når eg får soga presentert, det er nok helst ein gauk som har lura seg inn. Hadde du berre fått filma heile sulamitten, hadde du kome på Norge Rundt (mitt store ynskje og håp for livet, å kome på Norge Rundt, hehe ;-)

Men kva skal du gjere med egget, det lurer no eg på! Eg vil ikkje ha gaukemat, så frå no av kjem eg til å sjekke om egget er intakt i kjøleskåpet kvar gong du byd meg på eggemat :-)

Ingalill: Dinosaur, ja - HAHA, det må vere ein nanodinosaur isåfall. Og eg har sett Jurassic Park, eg vil IKKJE ha det i Homm'! :-)

Anonym sa...

Eg trur på teorien din.