søndag 13. juni 2010

No plantar kvinna ..

No plantar kvinna i verda eit tre.
På kne liksom ein som bed
ligg ho blant restene etter dei mange
som stormen har brote ned.
På ny må ho prøve, om ein gang eitt
får vekse seg stort i fred.
Ho opnar molda og reier eit rom
for røtene, fine som hår,
så dei kan få feste og finne ned
dit livsene straumar går.
Plante eit tre er å bygge ein veg
fram gjennom mange år.
Ein draum om det fullvaksne treet
står som ein kvelving bjart
av blomar og lauv over kvinna,
som klappar så fast og vàrt
mold inntil røter, og vonfull tel
kvar knupp som skal breste snart.
----
Da dirrar treet, og handa som held det,
og grunnen der det er fest.
Kva er det? Skalet kring kjerna
av mørker i djupet, som brest?
Ho set dei utspilte hender mot molda
som ville ho tvinge til ro
den trugande dirring. Å jord, ver still,
ver still, så mitt tre får gro.
Halldis Moren Vesaas


Gubben og Gamla var i aktivitet i førre veka i epletre-hagen. Ein gamal Transparent Blanc måtte bort. Treet hadde bore frukt i mange år, gode saftige eple: Dei fyrste vi fekk tidleg om hausten. Dei siste åra hadde det imidlertid vorte mindre frukt, og treet såg noko skralt ut. Det hadde tjent eigarane godt; men alt har ein ende. Då treet var lagt i bakken, kutta eg av mange blomerike kvister, tok dei inn og sette dei i vasar. Ja, til og med ute sette eg ei stor grein til pynt. Hainn te mæ som er litt av ein kunsthandverkar, tok vare på stammen. Han kjem sikkert til å lage noko fint av den.

Men holet i bakken stod ikkje tomt lenge. Dei unge i familien var raskt på plass med eit nytt tre. Denne gongen eit pæretre.
Så får vi vone at det vil vekse seg stort og gje mange gleder til nye generasjonar.

3 kommentarer:

Lilledora sa...

Nydelig bilde av den unge husfruen, og et veldig vakkert dikt. Det er sånnen tyngde, hvis du skjønner hva jeg mener, over Haldis sine dikt. :0)

Fivrel sa...

Det var eit vakkert dikt! Og ei kjenskleg plantarske... :-)

Alle burde plante eit tre! Alle burde så frø, og fylgje spede spirer som strekkjer seg mot sola, eit av livsens mange under! Alle burde kjenne gleda ved å dyrke sin eigen mat, sanke sine eigne bær. Ei meistringskjensle! Ei djup og godt rotfest meining med det at me er her.

Plantar ein eit tre, har ein ein ven for livet. Godt å sjå det gror i hagen din!

Øyvind sa...

Hei på deg.

Du er vennine av Laila. Ho er i likenes dame. Jeg har jobba sammen med ho på sykehjem i Bergen.