lørdag 15. januar 2011

MOT SOLEGLAD

Det stig av hav eit alveland
med tind og mo,
det kviler klårt mot himmelrand
i kveldblå ro.
Det er 87 år i dag sidan forfattaren Arne Garborg døydde. Og det er 82 år sidan Martin Luther King vart fødd. Denne dagen er offentleg høgtidsdag i USA.

Det er framleis vinter med snø og kulde her i sør. I dag var det 45 cm snø, og eg trur det er lenge sidan vi hadde så mykje. Det er reint og kvitt overalt. Hagen er full av rådyr-spor, dei leitar etter mat. Dei har funne avfallsdungen bak løa, der vi har kasta avfall etter eplepressinga.





I hønsegarden plukkar småfuglane opp restar etter hønene. Dei er igrunnen svært nøye på kva dei et. Eg kasta ei sitronskive inn til dei ein gong, og ei høne kom flaksande og tok sitronskiva i nebbet. Men ho kasta henne snart ifrå seg. Då var ei anna høne på pletten og ville stikke av garde med sitronskiva. Men ho tok ikkje mange stega før ho og kasta henne. Difor har eg to avfallsspann når det gjeld matavfall. Epleskrell og potet'skrell, sitronskiver og appelsinskal er noko av det som går i boksen til rådyra - medan hønene får kjøtbein, brødmat, potet' og saus
- og hønekraftfor. Hønene mine trivst og har det i grunnen bra etter vinterforholda.




Her ein dag sleppte eg dei ut i hagen. Det var før all den snøen hadde kome, og eg meinte dei hadde godt av litt mosjon. Dei trippa litt omkring, men tykte nok dei vart kalde på småfotan' og ville inn i huset sitt att. Der inne har dei det godt med mykje høy og varmelampe, så det nauar ikkje. Og no er lukka fullkomen - både for dei og for meg. Dei har starta å verpe att. På tre dagar har eg no fått 9 egg! Det vart kjempegode painnkaka til middag i dag!




No ventar vi på våren. Dagane er litt lengre, og faktisk - det fyrste fivreldet har kome seg inn i stoga.

5 kommentarer:

Lilledora sa...

Så koselig å se høner som tripper ut i sneen. Du som er så flink til å strikke, du får strikke snølabber til dem. her i midten er det vind, mildt og masse snø. Nå vil jeg danse mot vår....

Anonym sa...

Så fine høner, dei ser ut til å ha hatt det godt trass sterk kulde - og du får egg som beviser det. Sikkert fint å kome ut i det fri, men å kunne inn i hus når dei kjenner kor kaldt det er på beina. Og kildesortering er i gang hjå deg. Det er sikkert lurt å gje mat til rådyra, slik at knoppane på epletrea vert spart? Koseleg blogginnlegg frå Ugla.

Fivrel sa...

Det var fine høner! Så runde og koselege der dei trippar avstad på leit etter eit lite havre- eller maiskorn. Eller kjøtbein, potet og saus - høyrest ut som dei har eit variert kosthald, dessa småtippene dine! Heldig også for småfuglane, som kan smette gjennom nettingen og ta ein og annan brødsmulen og sausdropen som hønene har oversett.

Det høyrest ut som de har ein god, gamaldags vinter der du bur. Slik er det her hjå meg også, store brøytehaugar med snjor innmed hus og veg - og snjokledde lier og åsar og fjelltoppar omkring. Snø og granskog er igrunnen eit svært nemnande omgrep for området eg bur i. Kanskje kan du, i god Klok på bok-ande, også gisse kva del av landet eg bur i? Her er nemleg snø og granskog heimsleg. Heile, heile tida, heilt til det vert sløkt i våre innlandshjarte.

God ny veke til deg og kaillen :-)

Ugla sa...

Fivrel - utan D - det er vel ikkje i Tarjei Vesaas sitt nærområde du bur? Er du så gamal at du var ein god kjenning av han og kona, kanskje?? Jeg spørger kun, mitt kall er ei at svare. Kanskje du kan svare på det i den same Klok-på-bok-anden.
Lilledora. Trur du at det berre er å danse mot vår, så kjem han? Her må det nok sterkare kreftar til.
Augusta, koseleg å høyre frå deg. Vonar du har det godt i ditt snørike.

Ingalill. sa...

Her drypper det fra taket.
- men kuldegradene kommer tilbake imorgen, så svaret blir da:
Ikke danse mot vår, men skli på rompa til fiolen blomstrer skjønn.

(Høner er nesten like skumle som gjess)