søndag 27. februar 2011

Mat og tradisjonar

STABBURSKLOKKA
Vesle stabbursklokke.
Under støypinga
tenkte du kanskje
at du skulle hange i eit tårn
på Finnskogen.
Det vart ikkje noko tårn
for deg.
Du vart aldri tenkt til det,
men for husmenn og fattigungar
var songen din
om mat
finare for øyra
enn klangen frå Nidarosdomen
som nådde pilgrimane
på Feginsbrekka.
Halvor J. Sandsdalen
Det var ikkje vanleg med noko stabbursklokke på garden der eg busette meg sør i landet, i fjell-Noreg. Her var heller ikkje husmenn eller fattig-ungar. Men stundom skulle eg ynskje eg hadde ei klokke å ringje med. Då kunne eg ringt inn til kvart måltid, og eg kunne sleppe å springe rundt om på garden for å leite etter Gullungen og Hainn te mæ når det var mat. Så ein haust - på Dyrsku'en fann eg det eg leita etter. Ei vakker lita messingbjølle med god klang og låt. Og den har eg no brukt i mange år. Det er no helst om sumaren ho er i bruk, då "stend eg ute på stabburshella" og ringjer inn til mat. Det er viktig med tradisjonar, og dette er eit av mine bidrag.






Ein tradisjon i bygda mi er at vi kvar haust pyntar i kyrkja på Hausttakkefesten med "markens grøde". Det er Jordbruksklubben som får dette viktige oppdraget, og vi tek med det vi har hausta inn. Ingen går på bua og kauper. Eitt år vart til og med mine squasha omtala og heidra av presten.
Jordbruksklubben vår, som vi trur er den einaste i landet, er no over 80 år. (Sei frå om du kjenner nokon som driv med det same - ikkje hagelag, altså.) Vi dyrkar berre grønsaker, urter og krydder - og alt er sjølvsagt økologisk. Dette er ein flott tradisjon som vi hegnar om.

Mat-tradisjonar er og sers viktige. Mykje og mangt kan du finne i kokebøker, men dei mest nære og lokale rettane må du lære i heimen. Ta t.d. KOMPE. Andre stader i landet kallar dei det for komle, klubb, potet'ball, raspeball eller nevaball. Sume lagar dei med byggmjøl, sume har flesk inni ballen, nokre vil ha tyttebær attåt og andre vil ha sukker og smør.

Gullungen ville gjerne lage kompe for seg og Hainn te hu her ein dag. Frå ho var lita har ho vore med og male potetene, det kunne ho - men kor mykje mjøl skulle ho ha?
Ok, sa mor hennar. Då lagar vi kompe i dag. Frå kjellaren henta vi ei lita bøtte med potet, og eg til å skrelle. Gullungen kutta dei opp i bitar, for ho visste at då var dei lettare å male. Til 2-3 l oppkutta potet reknar eg 1-2 ts salt, 6 nevar med fin sammalen kveite, 2 nevar med grov sammalen kveite og resten er sikta kveitemjøl. Du må berre kjenne etter kor fast du vil ha deigen. Du brukar nevane og lagar passe store ballar. I mellomtida hadde eg fått vatnet på kok, og det var berre å koke kompene 20-25 min. Attåt kompene har vi steikt sauekjøt, kjøt frå ein salta og tørka bog eller lår. Nam,nam - med sukker og smelta smør.
Har du laga for mykje, kan du steike dei neste dag.

Og til dessert har vi heimebaka kanelkrullar.




6 kommentarer:

Ingalill. sa...

En sånn kanelrulle kan du pakke inn og sende østlandsveien.
+ litt lefser og hjemmelaget pååårt.

Ble straks veldig sulten!

Lilledora sa...

Jeg skulle gjerne ha hatt litt eller all den maten som står fram jeg. Du sender vel til ei som snart fyller år, du skal få komme og spise du og, kan du skjønne

Fivrel sa...

Namnam, vart reint svolten av å lese det du skriv her - for komper er høgt oppe på ynskjelista mi når Vekas meny skal planleggjast. Då eg budde i Trøndelagen eit år fekk me "klubb og dupp" til middag ein dag - det var ein variant av kompe, men med noko som i mine auge var ein snodig brunostsaus (=dupp). Inkje tykte eg det var godt - men gama å oppleve variantar av mat-tradisjonar utover landet.

Fin tradisjon med matklokka - men no må du ikkje gløyme hornet! Var det ikkje du som bles i althornet ditt, ut kjøkenglaset, når gullungen måtte kome heim for å eta mat, og ho var lenger unna enn klokka kunne nå?! Det er godt det finst mobiltelefonar, for skulle du ringt til dugurds no måtte du vel nytta flyalarm eller tåkelur for at skulle kunne høyrt det. Eit sms-pip funkar godt iallefall, og ho er nok snar til å køyre over heia dersom det meldast om komper, komler eller kanelkrullar :-) (PS Eg var så heldig å få ei superduper Kenwood kjøkenmaskin i gåve for eit halvår sidan, så no kan eg lage mine eigne komper, hurra!)

Fivrel sa...

Mmm, eg kjenner korleis magen syng og ber seg - når han får høyre om komper og kanelkrullar og markens gode grøde. Mattradisjonar er viktig! Og tradisjonar er både det ein ber med seg - og dei ein skaper sjølv.

Då eg var lita, lika eg å gå på skeiser om vinteren - på ein isflekk på jordet eit godt stykke nedanfor huset vårt. Når mor mi då skulle kalle meg inn til mat, opna ho kjøkenglaset, sette hornet til munnen og spela ein liten fanfare. Når eg høyrde althornet gjalle mellom dei høge fjell, visste eg såleis at det var mat å få. Ikkje dumt det der - skulle mest tru ho var i slekt med deg, som bruka klokkeklang for å rope inn onnefolket til dugurds ;-)

Hilsen fra landet sa...

Så herlig!! Min mamma har alltid hatt en romantisk forestilling om å bo et sted med en slik matklokke å ringe med vet jeg - skulle være på taket visstnok.

Hun ringte med en liten liten messingklokke når jeg skulle inn og spise :-)

Hilsen fra landet sa...

Tusen takk for knollene!! Jeg tok jo med meg noen planter i fjor men jeg husker du sa at det var best å ta det som knoller om våren. Får se om det kommer opp noe der jeg satte dem, men de som kom i pakken har jeg iallefall satt i jord - pottter - i første omgang. Det blir spennende! Tusen takk!