søndag 27. februar 2011

Mat og tradisjonar

STABBURSKLOKKA
Vesle stabbursklokke.
Under støypinga
tenkte du kanskje
at du skulle hange i eit tårn
på Finnskogen.
Det vart ikkje noko tårn
for deg.
Du vart aldri tenkt til det,
men for husmenn og fattigungar
var songen din
om mat
finare for øyra
enn klangen frå Nidarosdomen
som nådde pilgrimane
på Feginsbrekka.
Halvor J. Sandsdalen
Det var ikkje vanleg med noko stabbursklokke på garden der eg busette meg sør i landet, i fjell-Noreg. Her var heller ikkje husmenn eller fattig-ungar. Men stundom skulle eg ynskje eg hadde ei klokke å ringje med. Då kunne eg ringt inn til kvart måltid, og eg kunne sleppe å springe rundt om på garden for å leite etter Gullungen og Hainn te mæ når det var mat. Så ein haust - på Dyrsku'en fann eg det eg leita etter. Ei vakker lita messingbjølle med god klang og låt. Og den har eg no brukt i mange år. Det er no helst om sumaren ho er i bruk, då "stend eg ute på stabburshella" og ringjer inn til mat. Det er viktig med tradisjonar, og dette er eit av mine bidrag.






Ein tradisjon i bygda mi er at vi kvar haust pyntar i kyrkja på Hausttakkefesten med "markens grøde". Det er Jordbruksklubben som får dette viktige oppdraget, og vi tek med det vi har hausta inn. Ingen går på bua og kauper. Eitt år vart til og med mine squasha omtala og heidra av presten.
Jordbruksklubben vår, som vi trur er den einaste i landet, er no over 80 år. (Sei frå om du kjenner nokon som driv med det same - ikkje hagelag, altså.) Vi dyrkar berre grønsaker, urter og krydder - og alt er sjølvsagt økologisk. Dette er ein flott tradisjon som vi hegnar om.

Mat-tradisjonar er og sers viktige. Mykje og mangt kan du finne i kokebøker, men dei mest nære og lokale rettane må du lære i heimen. Ta t.d. KOMPE. Andre stader i landet kallar dei det for komle, klubb, potet'ball, raspeball eller nevaball. Sume lagar dei med byggmjøl, sume har flesk inni ballen, nokre vil ha tyttebær attåt og andre vil ha sukker og smør.

Gullungen ville gjerne lage kompe for seg og Hainn te hu her ein dag. Frå ho var lita har ho vore med og male potetene, det kunne ho - men kor mykje mjøl skulle ho ha?
Ok, sa mor hennar. Då lagar vi kompe i dag. Frå kjellaren henta vi ei lita bøtte med potet, og eg til å skrelle. Gullungen kutta dei opp i bitar, for ho visste at då var dei lettare å male. Til 2-3 l oppkutta potet reknar eg 1-2 ts salt, 6 nevar med fin sammalen kveite, 2 nevar med grov sammalen kveite og resten er sikta kveitemjøl. Du må berre kjenne etter kor fast du vil ha deigen. Du brukar nevane og lagar passe store ballar. I mellomtida hadde eg fått vatnet på kok, og det var berre å koke kompene 20-25 min. Attåt kompene har vi steikt sauekjøt, kjøt frå ein salta og tørka bog eller lår. Nam,nam - med sukker og smelta smør.
Har du laga for mykje, kan du steike dei neste dag.

Og til dessert har vi heimebaka kanelkrullar.




søndag 6. februar 2011

Fola, fola Blakken

Fola, fola Blakken
gå no inn i stallen din.
Så kjem lisle Gullet inn
og klappar deg på nakken.
Dette var ein av yndlingssongane til Gullungen då ho var lita. Ja, sume av syskenborna hennar elska og dei versa. Tenk å ha ein hest, det måtte vere den største lukke på jorda, meinte Gullungen. Og endeleg på 12-årsdagen sin fekk ho den etterlengta fjordingen. Sylvinn var då 13 år, og i april kan han feire 30-årsdagen sin. Han har no forresten fått feira alle bursdagane sine med gode gåver. Når Gullungen ikkje sjølv var heime på Dagen hans, ringte ho meg opp og spurte om eg visste kva for ein dag det var. Sjølvsagt veit eg det, sa eg. Og posen med brødskalkar, gulrøter og søteple står klar for ein liten bursdagsvisitt. Ja, for det er ikkje alle år han har budd hos oss. Men han har allstøtt budd så nære at det berre var ein svipptur å besøke han.
Men at eg skulle bli glad i ein hest, hadde eg mest ikkje trudd. Eg som er ei bypi' som tykte at store hestar såg skremmande ut. Men eg måtte lære meg å stelle med han. Og eg likte det. Sjølv om vi i seinare år har kjempa om kven av oss er den sterkaste, (og Sylvinn vinn kvar gong).
Han visste nok at eg hadde respekt for han, men når han såg meg, kom han og leita i lommene mine etter smågodt.



Denne vinteren er det nokre andre som har ansvaret for Sylvinn. Han har pensjonist-tida si saman med andre hestar, men når våren kjem er han nok attende i grenda vår. Vonar både han og eg.
Men for eit par veker sidan vart han sjuk. Mathugen var borte, og han såg helst filleleg ut. Dyrlegen i bygda kom og gav han noko medisin. Då Gullungen kom heim på helgebesøk, bars det rett opp til hesten. Ho hadde og med dyrlegeveska si og gav han nokre livgjevande dropar - eller kva det no var. Ein kveld fekk eg og vere med i sjukebesøk, og vi fylte bilen med det gode høyet eg hadde samla for han. Kvar gong Hainn te mæ var ute med ljåen i sumar og slo graset rundt husa og i hagen, var eg der straks med riva. Vi bakketurka ein masse, og dette
høyet gav vi no til Sylvinn for at han skulle bli god att.

Omtanke og omsorg er viktig når ein er sjuk. I barndomen var eg ofte plaga med halsesjuke. Då måtte eg vere borte frå skulen. Dersom ein ikkje hadde feber, var det ikkje så gale. Å liggje i senga ein dag eller to med ullskjerf rundt halsen og naftaluktande ullklut på bringa
var ikkje så ille - når eg visste at mamma skulle gå på biblioteket og låne ein heil pose med bøker til meg. Og var far min heime, gjekk han til bakar Lein og kjøpte krembollar og cola. Og var det attpåtil onsdag, kjøpte dei Romantikk-bladet til meg og ein pose med Olsen-kailla. (Det var det vi kalla seigmannan' for i dei dagar).
Då var det ikkje lenge før eg vart frisk att.



Novellene i Romantikk-blada i gamle dagar slutta allstøtt med ring på fingeren, giftarmål og evig truskap. Bygdekvinnelaget mitt skipa til "Damenes aften" før jol - men mannekeng-oppvisning av gamle og nye klede. Fleire av medlemene hadde brudekjolane sine på loftet, og her er eit brudepar frå dei glade tretti-åra.

lørdag 15. januar 2011

MOT SOLEGLAD

Det stig av hav eit alveland
med tind og mo,
det kviler klårt mot himmelrand
i kveldblå ro.
Det er 87 år i dag sidan forfattaren Arne Garborg døydde. Og det er 82 år sidan Martin Luther King vart fødd. Denne dagen er offentleg høgtidsdag i USA.

Det er framleis vinter med snø og kulde her i sør. I dag var det 45 cm snø, og eg trur det er lenge sidan vi hadde så mykje. Det er reint og kvitt overalt. Hagen er full av rådyr-spor, dei leitar etter mat. Dei har funne avfallsdungen bak løa, der vi har kasta avfall etter eplepressinga.





I hønsegarden plukkar småfuglane opp restar etter hønene. Dei er igrunnen svært nøye på kva dei et. Eg kasta ei sitronskive inn til dei ein gong, og ei høne kom flaksande og tok sitronskiva i nebbet. Men ho kasta henne snart ifrå seg. Då var ei anna høne på pletten og ville stikke av garde med sitronskiva. Men ho tok ikkje mange stega før ho og kasta henne. Difor har eg to avfallsspann når det gjeld matavfall. Epleskrell og potet'skrell, sitronskiver og appelsinskal er noko av det som går i boksen til rådyra - medan hønene får kjøtbein, brødmat, potet' og saus
- og hønekraftfor. Hønene mine trivst og har det i grunnen bra etter vinterforholda.




Her ein dag sleppte eg dei ut i hagen. Det var før all den snøen hadde kome, og eg meinte dei hadde godt av litt mosjon. Dei trippa litt omkring, men tykte nok dei vart kalde på småfotan' og ville inn i huset sitt att. Der inne har dei det godt med mykje høy og varmelampe, så det nauar ikkje. Og no er lukka fullkomen - både for dei og for meg. Dei har starta å verpe att. På tre dagar har eg no fått 9 egg! Det vart kjempegode painnkaka til middag i dag!




No ventar vi på våren. Dagane er litt lengre, og faktisk - det fyrste fivreldet har kome seg inn i stoga.

søndag 2. januar 2011

Godt nytt år

GODT NYTT ÅR !
Jolehøgtida er på hell, og eg vurderer sterkt å hive ut joletreet i morgon den dag. Det ryr jo heile tida. Gullungen skulle vere smart, og ho helte varmt vatn i joletrefoten slik at treet skulle få det betre inne enn der det stod ute i skogen i nesten 20 minusgrader. Men overgangen vart for stor. Det veit vi jo, vi som har vore i badstoge og så rulla oss i snøen. (Eg gjorde det ein gong i ungdomen. Aldri meir!)
Men elles er treet riktig fint. Med ljos og flagg og kuler. Ingen strikka-kuler kom på treet, enda eg har laga ein masse. Dei havna i mange jolepakker som vart sende hit og dit. Dei som ikkje har fått kule i år, ynskjer seg kanskje til neste år? Eg strikkar gjerne. No spørs det om det vert mange gama fjernsynsprogram i det nye året. Det er nemleg då eg tek fram spitet, framom skjermen går strikkepinnane som olja lyn.



Det har vore sers kaldt dei to siste månadene. Men den som har helge-ansvar for eit lite hunde-gull, må ut - enten det er 20 pluss eller minus. Det er jo berre å kle seg. Lag på lag med ull. Og i sola var det nesten godt. Men hunden med det vene namnet Haust må jo også ut morgon og kveld, og ikkje berre når sola skin. Då kom eg på noko lurt. Eg gjekk nede på jordet
og let Haust springe fritt. Saman sprang vi rundt og rundt hekken. Haust etter og eg føre, (eller var det omvendt?) og etter ein halvtime hadde vi trimma nok. Tykte eg.
Då gjekk vi inn og vermde oss framom omnen.
I desse kalde dagar er det rikdom å ha mykje ved. Vi er styrtrike, for vi har ved både inne og ute, heime og på heia. For den del kan Fimbulvinteren berre kome att.



lørdag 18. september 2010

Draumedag med dyrlækjaren


Når ein har kome til skjels år og alder og har i skapet alt det som hjartet begjærer, må ein vere noko kreativ når bursdagsynskjelista skal skrivast. Mitt ynskje i år var ein Draumedag med dyrlækjaren. Tenk å få vere med ein veterinær ute i praksis - og sjå mange søte lam, store kyr og små dansemus. Ho eg kjenner sa: Berre kom - men belag deg på nattarbeid.
Eg pakka sekken med fjøs-støvlar, fann fram den gamle fjøs-jakka mi og skautet.

Dagen starta kl.05 med telefon om ei lamming. Vi laga niste og te og kasta oss inn i bilen, for det var ein times køyring til sauefjøset. Dyrlækjaren fekk etter noko strev ut 3 store og flotte lam.
Frukost i bilen medan vi køyrde til neste fjøs, der det var ei inseminering.
Og så var det ikkje meir den Himmelfartsdagen. Eg må seie eg vart skuffa. Lite æksjen den dagen. Og så kunne vi ikkje gå på kafe ein gong. For då måtte vi jo fyrst vaske av oss fjøslukta, og du skal berre sjå, sa dyrlækjaren, med det same vi er ny-dusja, må vi ut att. Så vi sat heime på hybelen og venta på telefonar.




Så gjekk det nokre veker, og eg fekk på nytt høve til eit besøk. Dyrlækjaren starta dagen på klinikken kl.08, og eg møtte opp kl.10. Då var det berre å kaste seg inn i bilen og køyre ein halvtimes tid til ei sjuk ku. Etterpå bars det av stad til nokre kalvar som skulle vaksinerast, og etterpå det var det ei anna sjuk ku. No hadde vi køyrt langt, og eg var i alle fall svolten. Kafe-besøk gjekk heller ikkje i dag. For det fyrste var det jo ikkje kafear der vi for, og for det andre hadde vi det travelt. Langt ute i bushen fann vi eit landhandleri, og eg inn i full fart for å kjøpe rundstykke og wienerbrød. Det likar eg når eg er på tur. Nei, her hadde dei berre brød og pålegg. Til alt hell hadde dei ei maskin til å skjere opp brødet, og med ei tube baconost var vi redda.
Eg smurte brødskiver, medan dyrlækjaren køyrde og åt. Det gjekk unna - både brød og mil.
No skulle ho inseminere 2 kyr. Men trur du dei var i det same fjøset? Å nei - det var mange mil mellom dei. Den fyrste kua måtte vi til og med hjelpe til med å jage inn i fjøset på støylen. Då er det godt å ha med ei gamal og røynd bondekone som kunne stå oppe i bakken og rope til kua: Ikkje kom her - gå ned i fjøset og få dosa di.
Vi var innom enda ein støyl der det var inseminering, og der hadde dei faktisk rjomegraut til sals. Men dyrlækjaren var noko streng - det har vi ikkje tid til. Vi hadde ikkje tid til å handle oss middag ein gong. Vi var innom ein plass og fekk hamburgarar og pommes frites i ein papirpose - og så var det ut på landevegen att.
No var det ei geit som hadde skada seg. Og ho var på ein støyl langt inn i fjellheimen. Veit du vegen, spurte eg. Ja, røktaren sa at vi skulle fylgje denne vegen til endes, så er det over ei bru og etter eit par svingar skulle vi sjå etter ei postkasse. Der skulle vi til høgre og sidan var det berre å køyre til vi kom til nokre straum-master. Og då var vi like ved.
Vi kom fram, og geita vart sauma i juret.
Då kunne vi ta kvelden. Det var lang veg heim, og klokka var midnatt då vi steig inn i dyrlækjar-bustaden. Eg var trøytt. Og det måtte i alle fall dyrlækjaren vere. Ho hadde køyrt 42 mil denne dagen, og ho hadde reparert og fiksa på mange dyr.

Det er lange avstandar i landet vårt. Sume stader er vegen både hompete og bratt. Ein plass vi var , var det så bratt og fullt av lause steinar i vegen at eg ville ikkje sitje på bilen, men eg sprang ned bakken. Dyrlækjaren kjem fram overalt, for ho - og sikkert alle andre - har bil med 4-hjulsdrift. Slik er det nemleg ikkje med sjukebil for folk.
Så mi oppmoding til deg er: Ikkje bli sjuk inne på heia - og serleg ikkje i dårleg ver, for då kjem verken ambulanse eller helikopter fram. Men har du ei sjuk ku eller geit, då kan du vere trygg. Dyrlækjaren kjem!

onsdag 30. juni 2010

Hønseføtter og gulerøtter...

Hønseføtter og gulerøtter
og halsen av ein svane.
Den som kysser småjentene,
han har ein underleg vane.

Eg er så heldig at eg har 3 høner og ein hane i ein hønsegard nede i hagen. Å, for ei lukke - og for ein velstand med 3 nylagde egg kvar dag. I år er eg riktig flink til å luke ugras - både i kjøkenhagen og i blomhagen, og kvart eit trillebårlass eg har med kveke, vassarve, meldestokk, skvallerkål og og anna utyske køyrer eg inn i hønsegarden. Hønene likar kan hende ikkje alt dei får, men dei et det dei vil ha, sparkar i jorda og finn makkar, og dei har det riktig så triveleg.
Det kan eg sjå på egga, for gulare plommer enn det som er i desse egga, får du ikkje i den flottaste matbutikken på Karl Johan.
Vi fråtsar mest i eggemat. Den eggerøra eg lagar er mest så gul som sola, og sukkerbrøda mine er høge og flotte. Pannekakene mine er like så gode som dei du får i Holland, men mine er gulare. Og ikkje noko kunstig farge her på garden , nei.

Men her ein dag oppdaga eg noko rart. Mystisk var det. Storleiken på egga har vore den same i mange veker - alle tre egg like store. Men så ein dag låg det eit lite egg i rugekassa. Egget hadde same let som dei andre, det var berre mindre. Jasså, tenkte eg - er det ei av hønene som er misfornøgd. Er ikkje maten god nok? Her får de restar frå det Homske kjøken, og kvar dag får de smular frå landhandelen i bygda - og ikkje nok med det. Eg gjev dykk ferskt grøn-for.
Vil de kanskje streike? Har de høyrt om streiken i kommunesektoren?(Ja , det var på den tida dette hende).








Eg funderte ei stund på mysteriet med dette egget. Dagen før var det hakka eit hol i eit av egga i verpekassa. Kven er det som tergar meg? Har vi ubudne gjestar i hønseriet vårt?


Dette biletet syner storleiken på det lisle egget og det vanlege hønseegget.
Plutseleg slår ein tanke ned i meg. Tidlegare år har vi hatt ein gauk i hagen vår, og ein dag sat han/ho i det eine epletreet og gol, og eg kunne mest sjå drøvelen på han. I fjor var det ingen gauk her, men i år hadde eg sett han sitjande på hagegjerdet.
Mysteriet vart løyst. Gauken måtte det vere. Han legg eit egg i andre sine reir.
MEN korleis hadde han kome seg inn i hønsehuset?? Hønsegarden har høgt gjerde rundt seg - av hønsenetting. For å kome inn i hønsehuset måtte han fyrst kome seg inn i hønsegarden, så inn gjennom luka til hønsehuset og leggje egget i rugekassa. For ein luring.
Men eg vil ikkje ha nokon gaukunge i hønsegarden, så eg har egget i kjøleskåpet. Du skal få sjå det når du kjem innom.

søndag 13. juni 2010

No plantar kvinna ..

No plantar kvinna i verda eit tre.
På kne liksom ein som bed
ligg ho blant restene etter dei mange
som stormen har brote ned.
På ny må ho prøve, om ein gang eitt
får vekse seg stort i fred.
Ho opnar molda og reier eit rom
for røtene, fine som hår,
så dei kan få feste og finne ned
dit livsene straumar går.
Plante eit tre er å bygge ein veg
fram gjennom mange år.
Ein draum om det fullvaksne treet
står som ein kvelving bjart
av blomar og lauv over kvinna,
som klappar så fast og vàrt
mold inntil røter, og vonfull tel
kvar knupp som skal breste snart.
----
Da dirrar treet, og handa som held det,
og grunnen der det er fest.
Kva er det? Skalet kring kjerna
av mørker i djupet, som brest?
Ho set dei utspilte hender mot molda
som ville ho tvinge til ro
den trugande dirring. Å jord, ver still,
ver still, så mitt tre får gro.
Halldis Moren Vesaas


Gubben og Gamla var i aktivitet i førre veka i epletre-hagen. Ein gamal Transparent Blanc måtte bort. Treet hadde bore frukt i mange år, gode saftige eple: Dei fyrste vi fekk tidleg om hausten. Dei siste åra hadde det imidlertid vorte mindre frukt, og treet såg noko skralt ut. Det hadde tjent eigarane godt; men alt har ein ende. Då treet var lagt i bakken, kutta eg av mange blomerike kvister, tok dei inn og sette dei i vasar. Ja, til og med ute sette eg ei stor grein til pynt. Hainn te mæ som er litt av ein kunsthandverkar, tok vare på stammen. Han kjem sikkert til å lage noko fint av den.

Men holet i bakken stod ikkje tomt lenge. Dei unge i familien var raskt på plass med eit nytt tre. Denne gongen eit pæretre.
Så får vi vone at det vil vekse seg stort og gje mange gleder til nye generasjonar.