lørdag 26. april 2008

Halsklut og kattskinn

Så var det denne halskluten då. Sist laurdag var det så nydeleg eit ver, og eg var ute heile dagen. Tok av meg ullskjorta og kasta halskluten, nå,ja - eg tulla han rundt hovudet så ikkje dei grå hårstråa skulle vere til besvær der eg fauk rundt i hagen. Men ai,ai. Kor lenge er det ikkje sidan eg las Kinck-novella om "Denne krakkjen" - der Taddak ropar til kona si -

"Halskluten din! Æ du 'kje vetuge!- For ingenting i verden var så farlig for helsen som træk på halsen."

Dette burde eg ha visst, så mange år som eg har levd; men når vårsol i bakkane blenkjer, trur ein at ein er 17 år att - og tolar alt. No sit eg her, med vondt i halsen og snørrat' - og har berre meg sjølv å skulde på. Æ kan for det sjøl! Og då er det ingen som tykkjer synd i meg.



Lett yr i dag, og dermed slapp eg å vatne alle kassane mine med frø. For no har også eg sådd: Asters, timian, erteblomar, solslikke og basilikum. Grønsakane går rett på friland, når berre jorda er varm. No har eg alle frøkassane i vinterhagen, og om litt skal eg setje ut det lisle drivhuset mitt.



Eg har gjeve hainn te mæ ei lydbok i dag, og der sit han ved kjøkenbordet med treskjeringa si og lyder på Edvard Hoem som les om "Faderen". Far til Bjørnstjerne Bjørnson. Sjølv las eg ferdig"Min lange reise ender her" av Ragnhild Nilstun her ein dag. Hovudpersonen Anna er no rundt 80 år og ho har kome sør i landet. Ho reiste frå Vadsø. ..."men også der sør var vintrene råkalde og fuktige....då var kattskinnet godt å ha. Dette var siste bok i ein trilogi, og alle er like gama. "For mitt blikk" og "For kjærlighets skyld" heiter dei to fyrste. Eg veit om mange eg kan tilrå dei bøkene til.

Elles er det nokre finske bøker som ligg framme og ventar på meg. Vi vil vere med på turen til Finland i august, som Foreningen Norden skipar til, og då er det lurt å førebu seg og lese noko av den moderne finske skjønnlitteraturen. Ikkje berre Kivi og Linna, men Leena Lander, Märta Tikkanen, Arto Paasilinna (hainn te mæ har alt lese Harens år), Pirjo Hassinen(eg har lese Julehustru), Kjell Westö, Kari Hotakainen, Monika Fagerholm, Matti Joensuu - og fleire.



Så mange bøker, så lita tid.

5 kommentarer:

Lilledora sa...

Ja, dagen skulle ha flere timer, men tror du vi ville bli fornøyd da??? Takk for boklista, har notert den bak øret. Her har vi hatt nydelig vær i dag og deler av hagen har blitt raket og pusset på. Hadde god hjelp av Prinessa. Har vært sammen med Gubben hele tiden og sunget og jobbet bare værre.
Kattskinn, det bringer mange minner tilbake. Vi har sett mange av dem opp igjennom årene.

Unknown sa...

Oi oi oi - trekk er farlig ja...!!
Har du ikke lært noe av din gamle mor - halstørklenes dronning..!!

Her i vika har heller ikke dagene nok timer - jeg jobber med praksisoppgaver og forprøve - og kveldene blir sene..!

Om ei uke reiser jeg på leirskolejobbing. Vi skal til Engerdal - og jeg har tenkt å pakke sekken full av gode bøker - det er bare å komme med forslag..!!

Vår er DIGG ;)

Fivrel sa...

Her var det mykje kjent ja! Oillsjorta å kattsjinnet. Og så halskluten då... Her går det helst i ein heimstrikka hals i heimspunne angoragarn, DEN har verka førebyggjande på mang ei halssjuke.

Å du læs å du læs. Eg vert reint avundsjuk her eg sit med mine svært lite episke forteljingar.
Det er så opne sluttar i dei bøkene eg les - Symptom, står det, Årsaksforhold og Predisponerande faktorar. Prognose. Og Behandling.

Så må ein bestemme sjølv då, korleis ein trur det gjekk. Med hesten som fekk hovbeinsbrot eller katta med bittsår i halen.
Eg vil helst tru det går godt... :-)

Hilsen fra landet sa...

Da spirer det nok snart der i sør skal du se. Så frodig og fint det var hos dere i fjor!

Selv har jeg begynt å lese mikrobiologi igjen... spennende det! Elelrs er det Peter Mayle som jeg ikke er kommet forbi enda,- denne gangen Hotel Pastis.

Riktig god bedring til deg! :-)

Hilsen meg som lever farlig uten halstørkle

Min Verden sa...

nei og nei, her var det fint. bok og hage - ja ingenting er bedre. Det skriver jeg under på. Jeg kommer tilbake. Hanne