tirsdag 13. januar 2009

IS-SLOTTET - og gamle, varme minne

"Unn såg ned i ein trollheim av små tindar, takkvelvingar, rima kuplar, mjuke bogar og forvirra kniplingsverk. Alt var is, og vatnet spruta mellom der og bygde stadig vidare.

Greiner av fossen var avleidde av is og f'ór i nye leier og laga nye ting. Alt skein. Sol var ikkje komi, men det skein isblått og grønt av sitt eige, og dødskaldt."




Desse orda er henta frå "IS-SLOTTET" av Tarjei Vesaas.
Eg tenkte på denne boka då eg reiste gjennom Telemark i helga. Snøen hadde regna bort, og mange stader hadde isen laga vakre formasjonar i landskapet. Det kunne vere isslott, både her og der.
Eg var på veg heim etter å ha teke avskil med ei god venninne. Ho døydde av kreft i ein alder av 63 år. Det vert eit stort sakn etter henne - i familien, blant vener og på arbeidsplassen.
Det er mange minne som kjem fram, medan ein sit der og humpar på bussen . Vi vart kjende for vel 40 år sidan, då vi båe starta på den same utdanninga. Vi hadde mykje moro dei åra vi var saman i Oslo.
Året før vi starta i Oslo hadde ei av mine barndomsvenninner fått seg pennevenn frå Sveits. Det lyt du og få, sa Randi - du vert så flink i tysk når du skriv brev. Ho skulle få Kurt, venen sin, til å sende meg nokre namn. Men det gjekk både vinter og vår, og eg høyrde ingenting. Eg reiste til Oslo og til studiar og gløymde at eg skulle få ein brev-ven.
Ein dag får eg brev frå mor mi der ho skriv at det har kome 5 -6 tyske brev til meg. Ho skal sende dei etter helga. Men då eg opna pakka heimanfrå var det 12-14 brev der.
Veka etter kom eit nytt brev frå mor mi der ho seier at far min skjems når han går og hentar posten, for det renn ut fleire titals brev, kvar dag. Frå heile Europa, Arabia og det fjerne Austen, ja, til og med frå Afrika. No skulle ho få tak i ei stor eske, så snart skulle eg få DET lesestoffet. No må du berre ikkje la brevlesinga gå ut over skulearbeidet ditt, sa ho.
Då brevpakka kom, inviterte eg venninna mi på hybelen til brevlesing. O g vi las og las - og sorterte i bunkar. Ein bunke med Tarzan-fyrane (dei ville vi ikkje ha), ein bunke med kanskje-typar, og ein bunke med brukbare. Vi valde to brukbare kvar, og andre venninner fekk og velje.
Ard frå Holland vart ein av dei utvalde for venninna mi. Han skreiv at han var politimann, og han kunne tenkje seg ein tur til Noreg. Etter nokre månader kom han på vitjing, og vi andre venninner fekk og høve til å treffe han den veka han var her i landet. Nokre kveldar etter at han var reist sat venninna mi og eg på hennar hybel og høyrde på Ønskekonserten. Medan vi lytta til musikken frå "Den flygande hollender" kom hybelvertinna hennar og sa at det var telefon til henne. Det er sikkert den flygande hollender, sa eg og lo. Men eg vart bra lang i maska då det synte seg at det faktisk var Ard i telefonen.
Fleire år seinare hadde vi båe gløymt histora med alle breva. Då fekk ho ein dag besøk av framandpolitiet i den byen ho då budde i.Dei ville vite kva slags kontakt ho hadde med hr. Ard, han hadde visstnok gjort noko ulovleg og politiet kunne ikkje få tak i han. Visste ho kor han var? Namnet til venninna mi hadde dei funne i husveret hans, og dei hadde oppsøkt hybelvertinna hennar frå studietida.
Korleis det gjekk med han - og kvifor framandpolitiet ville ha tak i han, fekk vi aldri vite.
Men ei god historie vart det. Og eit morosamt minne. I ei sorgfull tid.

3 kommentarer:

Fivrel sa...

Alle breva, som kom rennande inn og ut av postkassane, fyrst i Fødebyen, seinare i Studiestaden, og seinare sorteringa i bunkar - Tarzan'ar, kanskje-typar - det er jo reinaste Jakta på Kjærleiken! :-) Eg er spent på framhaldet av denne soga, for du skriv ingenting om kven det var du vart pennevenn med. Og skrekk og gru for den stakkars veninna som fekk politiet på døra. Nei, å finne seg menn gjennom kontaktannonser, brev og filleskap, det høyrest skummelt ut, det bør ein nok halde seg langt borte frå! ;-)

Det er godt å ha gode, varme minne midt oppe i alt det kalde, svarte, tome og triste. Meiningsløysa når einkvan ein er glad i brått er borte for all tid. Men minna lever -

Lilledora sa...

Sitter her og leser og blir både vemodig og litt lattermild. Jeg tror og jeg husker alle de brevene, mange kjekke, og mange "rare". Tror og Ugla fikk besøk av en ung gutt, kan så vidt minnes det, han ringte på døra en kveld og snakket tysk. Man må huske på at dette er noen år siden, så vi ga han adresse til Ugla i hovedstaden, stemmer dette Ugla+ Tror og at navnet begynte med W.

Lilledora sa...

Har en award til deg i bloggen min. God helg