søndag 22. februar 2009

Når sola stig og løyser vinterbandet....

I dag er det den 22.febr., og i primstavboka til Juel Lund vert denne dagen kalla
PER VARMSTEIN. Eller Persok. No tærer det på isen undantil, so isen kan vere fårleg. Det skulle vere St.Peter som kasta varme steinar i vatn og elvar og gjorde isen fårleg. Dei gamle seier at dersom nokon går ut på isen og fell gjennom, så har ingen plikt til å hjelpe. Då kan han berre ha det så godt, han kan for ulukka sjølv.
Vi merka godt at Per varmstein arbeidde i dag. Det var plutseleg +-grader, og snøen minka. Det draup frå tak, og eg trur eg høyrde fuglekvitter. Sola vermde gjennom stogeglasa, så vi fyra berre i dag tidleg. Dagane er mykje lengre no enn i jola. Som sagt før, det går rett veg i år og.

VINTERSONG

Når sola stig og løyser vinterbandet
og våren glitrande går over landet
då syng ein fugleher i li og lundar
og frigjer alt som mot forløysing stundar

Når isband kuar blomane og ordet
og fonna stig i vinterhugen trist
då er den siste rest av jubelkoret
ein sporv i tun ein kjøtmeis på sin kvist

Ver helsa vengde blomar på vår jord
kom att kvar vår og syng i lauv og sky
la hugen stige bløme enn ein gong

Men sporv og kjøtmeis høyr mitt siste ord:
Om alle flyr må ikkje de to fly
med dykkar fattigslege vintersong

RAGNVALD SKREDE


Det er også fastelaven i dag. Vi hadde ikkje fastelavensbollar til kaffen, men vi hadde laup. I min barndom hadde vi ofte laup til fastelaven. Er det noko betre enn nybaka laup med smør og brunost? Eg laga ein stor porsjon, så eg kan ha med til nyste kvar dag denne veka.

LAUP
700 g kveitemjøl (14 dl)
300 g grovt sammale rugmjøl (6 dl)
100 g margarin
200 g sirup
1 ts salt
2 ss anisfrø
ca. 7 dl mjølk
70 g gjær

Hev deigen godt, både før og etter utrulling
Steik laupane i 15 - 20 minutter i 200 gr C.

Njot maten!

8 kommentarer:

Lilledora sa...

Å,så godt det hørtes ut med skillingskak, for det heter vel det og, det må bakes en dag jeg har ånden over meg. Husker at vi bakate det mye da jentene var små, det var liksom litt sunnere det enn boller

Fivrel sa...

Per varmstein, ja! Gama å lese bloggen din, då lærer ein støtt noko nytt :-) Slik var det her i Vinterdalen au i går - ikkje mildt, plent, men ikkje kaldt, fuglane song, sola skein og det var så stilt og kvitt og fint. Me var inne og vaska, for innsida av huset har matcha utsida dei siste dagane, etter at golvet i gangen vart slipt med ei slipemaskin som ikkje hadde oppsamlingspose på... Plast over alle dører og opningar har ikkje hjelpt - det var eit tunt, tunt, fint støvlag OVER ALT. Så det vert jolevask og vårreingjering no :-)

Fivrel sa...

Laup er supergodt. Sandeleg min hatt, kanskje eg au skal bake det ein av desse dagane. Får visst GOD TID framover, ser det diverre ut til... :-(

Kathrine sa...

Fin lesning på bloggen din i dag:D

Så synd med islykta di da. Men trikset er å legge kartongene i fryseren i ett døgn ca. Og om en koker vatnet først, får en helt klar og blank islykt.
Jeg har et lager av kartonger nedfryst i fryseren hele tiden. Men nå vart det skikkelig væromslag her, og mi islykt har smelta snart bort. Men den holdt lenge da:-))

Kathrine sa...

Du kan og bruke brødformer til å fryse iskubber av. Det har jeg gjort innimellom:)

Unknown sa...

Laup er godt, ja.
Da jeg var liten, og på bytur, pleide vi å kjøpe laup på Lavpris. På bussen hjem kosa vi oss. det var byturens høydepunkt;)

Ha en fin uke!!
Klem fra oss

Maritmor sa...

Laup her eg ikkje smakt, det eg veit. Men eg har tenkt å prøve i morgen. Korleis bakar du dei ut? Som bollar? Artig å lære nytt.
Koseleg blogg:) God helg.

Maritmor sa...

Og koseleg dikt!