lørdag 7. mars 2009

Kvinne, dame, donna , dros, eva, fruentimmer.....


Til lukke med dagen, jenter!

101 år er det sidan 8. mars vart feira fyrste gong internasjonalt. Det var i New York at kvinnene kjempa for røysterett, og det vart vedteke i 1910 i USA.

Kor mange av oss er med og kjempar i dag? Er det lenge sidan DU gjekk i demonstrasjonstog?

Den som er ung i dag veit ikkje om anna enn likestilling på alle felt. På alle felt? Har vi lik løn for likt arbeid i dag? Har jenter dei same mogelegheiter som gutar?

Jenter og gutar vert oppseda etter same reglar i dag, i dei fleste heimar. Men det er ikkje til å kome frå at fleire jenter enn gutar vil leike med dokker, og fleire gutar enn enn jenter vil ha bil og traktor å leike med. Gullungen vår fekk trøtraktor og dokkevogn då ho var lita. Dokkevogna er velbruka, men traktoren står på løa og er mest like fin som for 25 år sidan. Men gullungen tok traktorsertifikat då ho var 16 år, og ho kan skifte hjul på bil, og ho kan setje opp gjerde. Det er meir enn mora kan.

Mora og ei venninne var på biltur gjennom Telemark. I ein sving punkterte dei . Ja, ikkje Den Svingen som Kjetil Brottveit skriv om i boka si, "Nattradioen".
Ingen hadde røynsle frå hjulskift! Venninna hadde nokså ny bil, og den var full-lasta. Mora til gullungen var redd for at reservehjulet var teke ut, slik at dei skulle få betre bagasjeplass. Men heldigvis, det låg på plass.

Ja, vi må ha ein jekk, sa den eine. Og kanskje instruksjonsbok. Jekken kom på plass, men korleis få hjulet opp frå bakken? Dei stod med nokre "dingsar" i hendene, men visste ikkje å få kople dei i hop. Vi tek ein kulepenn, sa den eine frua. Og då var jobben i gang: Kulepennen inn i eit hol, sveive rundt, tak kulepennen ut og få eit nytt tak. Slik heldt dei på. Det gjekk utruleg seint. Bil etter bil køyrde forbi, ingen stansa og ville hjelpe dei to middelaldrande fruene. Til slutt gjekk den eine frua ut i vegkanten og fekk stoppa ein yrkessjåfør. Han hjelpte til. På eit blunk var hjulet av, og på ein -to-tre var det nye hjulet på. JENTER, lær dykk å skifte hjul.

Men vi som er fødde under eller like etter Krigen, vi er ikkje opplærde til den slags.

I min barndomsheim var vi tre sysken, og eg var eldst. Men kven var det som fekk ansvar for å låse døra når foreldra våre var ute ein kveldstur? Jo, det var broren som var 2 år yngre enn meg. Og kven var det som fekk bruke Storkniven og skjere opp brødskiver når foreldra var ute? Det var den same broren. Så det er ikkje rart at eg ikkje kan skifte hjul - eller køyre traktor. Men eg er veldig flink til finare broderi og brødbaking.


Dei orda eg skriv i overskrifta har eg funne i Norsk synonymordbok (ved Dag Gundersen, Oslo 1970). Her kan ein sjå kor ulikt dei to orda "mann" og "kvinne"vert brukte og forståtte i norsk språk:

Synonym til kvinne: kvinne, dame, donna, dros, eva(datter), fruentimmer, kvinnfolk, lady, matrone, mor, nymfe, sjarmtroll, tøtte, yrkeskvinne, amasone, furie,
kakkenyn(n)e, pavinne, pimpernille, jåle, spjåk, fjolle, gås, høne.

Synonym til mann, derimot, er m.a. adam, det sterke kjønn, fyr, gentleman, herre, kar, kall, mannfolk, ektemann, gemal, make, arbeider, mannskap.

"Det maniske fruentimmer"


God helg til alle lesarar, frå ei kakkenynne (kva no det er).

Eg slo opp i fleire leksika for å finne tydinga av dette ordet.
I Norsk ordbok fann eg ordet, som kjem frå Frol.:

Det er ei kvinne som småpratar om laust og fast.

5 kommentarer:

Fivrel sa...

Ja, ei spjåkete fjollegås har jo lyst til å kome med meiningane sine her, kakenynne som ho er. Og provosert av synonymordboka, for fyrste gong! Fy søren.
Likestilte er me ikkje. Og likestilte skal me vere - men ikkje firkanta og bokstaveleg. Vil ei kvinne heller bake brød enn å måke snø, når mannen også heller vil måke, enn å bake - fint nok, når kvinna også KAN, fordi ho har fått mogleiken til å lære og prøve, å måke snø, hogge ved, skifte dekk og køyre traktor. Likeins som alle karar frå dei er små skal få vere med og lære kor gama det er å lage mat, spite, og leike med dokker.

Det er gama å lese det du skriv - men eg vonar at noko har endra seg på ein generasjon eller to, og at det er like naturleg å la borna gjere det eine eller det hitt, uavhengig av kjønn. Så ser eg likevel i Dagsrevyen i kveld, at kjønnsrollemønstra er meir utprega enn nokon gong, hjå små jenter og gutar. Og gjett om eg vert provosert når ein finn fargeleggjingsbøker i bokhandelen, høvesvis blå og rosa, som heiter Malebok for gutter, og Malebok for jenter. De kan jo berre TENKJE dykk kva motiv som var i dei ulike bøkene. Nei, fysjom.

Like mogleikar for alle!

Unknown sa...

Grattis med Dagen!!

I likestilling for meg ligger en retten til like muligheter, like rettigheter.
Retten til å bli akkurat det man vil - være den man er.
Jeg har ei jente og en gutt - og de er begge oppdratt likt. Dvs jeg tror de er oppdratt med mer vekt på feminine enn maskuline sider. Jenta vil være prinsesse - gutten vil være sjørøver. Noe er faktisk medfødt - ikke alt er arv.
Likestilling for meg betyr at jeg kan få lov til å være hjemmeværende husmor om jeg vil - det vil jeg ikke - derfor har mannen i huset tatt seg av husmoroppgavene. Det er likestilling.


Store Snuppa mi skal ha jentekjærest når hun blir stor - det e så my mas med derre guttan - sier hun. Og det skal hun få gjøre akkurat som hun vil med;)

Lilledora sa...

Gratla med dagen.
Jeg og er for likestilling til en viss grad.Jeg vil ha lik lønn for likt arb ol., men jeg syns og at kvinner skal få lov til å være kvinner og menn menn. Jeg er ikke interesert i å skifte dekk på bilen (har vel lært det en gang, så jeg kan vel det teoretisk) har punktert noen ganger, men har alltid opplevd å få hjelp av menn, jeg liker å spille på den feminine siden min, og er vel som sier ja takk til begge deler

Hilsen fra landet sa...

Er nok mange som kjenner seg igjen der. Og mye tar man for gitt som andre har kjempet frem.

Helt enig i fivrel, jeg tror nesten man dyrker det frem i komersiell sammenheng for å tjene penger dette med "jenteting" og farger og tilsvarende "gutteting". Kan ikke se annet motiv iallefall.

Hilsen fra landet sa...

Så nydelige bilder du har til venstre der... drømmer meg helt bort jeg! Lengter endel til deg ja, må innrømme det! Her er jeg nedlesset i arbeid. Det siste har vært en studie i hvordan man reagerer på søvnmangel, da jeg har tatt nettene til hjelp for å bli ferdig med presentasjoner og forberedelser. Merker også at det heldigvis hjelper på igjen når man får fylt opp søvnlageret litt igjen. Regner med at fivrel også har travle dager for tiden!