lørdag 19. april 2008

"Markje grønast, snjogen bråna-"

Måtte berre finne fram dette vene vårdiktet til Edvard Storm. Akkurat NO er det slik her i sør! Det vart fort grønt nede i hagen no når eg fekk raka bort gamalt lauv i går. Det vart fleire trillebårlass med avfall frå tre og blomar, og alt hadde eg i utepeisen og tende på. Det var litt vind i lufta(i luftin - om eg er av dei som framleis nyttar dativ), så eg passa godt på. Til slutt hadde eg ein stor gløsehaug(skal tru om namnet Gløshaugen i Trondheim tyder det same?)- og jammen fekk eg ein ljos ide. Det var tid for å lage middag, og eg sprang inn på kjøkenet, henta store potetar, pakka dei inn i aluminiumsfolie - og putta dei inn i gløsehaugen. Nokre vipsar seinare- var dei blitt til nydelege bakte potetar.

Har ein jordeple i kjellaren, vert ein aldri matlaus. For å variere kosten noko, fann vi ut , hainn te mæ og æ, at vi ville bake eplekaker i dag. Laurdagsfri og allting, då kan ein gjere alt det ein vil. Av ei bøtte potet' vart det ca. 60 potet'kaka. Ja, somme vart mindre - og somme vart tjukke. Men du og du, kor godt dei smaka. Med rjome og tyttebærsylte.

Eplekakebakinga tok berre eit par timar, og då måtte eg ut att i hagen. Herlege vårdagar er til for å vere ute i. Eg raka litt meir, klipte nokre buskar og leita fram dei overvintra jordskokkane mine frå hagen. Vi måtte ha VÅR-suppe i dag.
Men dei oppskriftene eg fekk frå internett, inneheldt så mykje som eg ikkje hadde i huset - så eg laga mi eiga oppskrift:
Eg skrapa og vaska ein heil haug jordskokkar, henta lauk i kjellaren og fann graslauk, topplauk(utan toppar sjølvsagt) og det grøne frå kvitlauken i hagen. Surra alt i smør, dryssa på litt mjøl- helte på buljong og koka eit bel. Eg skar opp litt norsk cheddarost,(eg hadde ikkje maskarpone- veit no mest ikkje kva det er) putta det i den ferdige suppa saman med finstrimla skinke. Litt salt og pepper.
Attåt suppa hadde vi heimebaka brød og braud frå siste veke.
Det vart eit herremåltid.

5 kommentarer:

Hilsen fra landet sa...

Det lukter vårarbeid, røyk og deilig matlaging i neseborene mine... så herlig dag da! Og alle potetkakene dere har laget!

Men... kan du benytte jordskokk NÅ? Har den nye skudd allerede? Vet ikke så mye om jordskokk...

Litt komisk, for selv så kjøpte jeg Mascarpone for første gang i går! Jeg fikk SMS fra min kjære om at jeg skulle kjøpe mascarpone, espresso og Tia Maria - og jeg så ut som et spørsmålstegn. For han lager da aldri mat eller kaker!! Men nå hadde han fått ånden over seg og funnet en oppskrift på Tiramisu. Så i kveld har han holdt på, men den er ikke ferdig før den har hvilt seg over natten. Jeg kan nesten ikke vente. Jeg føler på meg at dette blir hans nye spesialitet. Helgehilsen fra Gudbrandsdalen

Unknown sa...

Mmmmmmm - jeg lurer på hva jordskokk egentlig er jeg.....??
Tror at det må være en grønnsak(?) jeg har gått glipp av!

Ellers høres det ut som om dere har gått forbi oss i vårlighet - snufs - vi ble lovt vårvær denne helga - og jeg venter enda...!!

Men vi har raka i hagen for leeeenge siden - også har vi sådd dill og solsikker!

Lilledora sa...

Her venter vi på varme vårdager enda. Sneen ligg enda i hagen, men vi ser at den minker, dissa har nå kommet fram, så det er håp.
Hjemmelaget potetkake er godt, men da må det være hvitost på den. Jordskokk vet jeg ikke hva er, men derimot Tiramisu, kjenner smaken i munnen bare jeg utaler ordet. Har aldri laget den selv, men kjøpt den ferdig, både i butikk og på kafe. Nyyyydelig, og da må det være god kaffe til.
Han te mæ kom hjem igår etter ei uke i Sannes, jeg overasket med Mossaka og ferske jordbær. Røde store fine jordbær som var fra Belgia og smakte ingenting. God helg

Fivrel sa...

åå, så koseleg det høyrest ut!
Kjenner lukta av hagebål og kjensla av varmande vårsol i ullgenserryggen (må itj gå for tynnkledd, huspå, det e skarp luft!). Eplekake ved det runde steinbordet i hagen. Manglar berre blækting frå fjoset og tippande høner i det nye graset.

Men også her går det framover - hestehov i vegen vår i dag! Linerla og svarttrosten kom for nokre dagar sidan. Men i dag skal me setje oss på toget og fare sørover til Tigerstaden - for å gå på konsert med Mark Knopfler! I Spektrum! Det vert stort. Ha ein god sundag vidare :-)

Hilsen fra landet sa...

Ha en fin konsert fivrel! Her kom også linerla denne uken! Det noteres i almanakken hvert år :-)