mandag 20. april 2009

Å nei, eg høyrer lerka for fyrste gong i år!

Å nei, eg høyrer lerka for fyrste gong i år!
Ned frå ein vinterhimmel ho kved så kvat om vår.
Og dimt det er i lufta, og skodd har sola dult;
men den velsigna fuglen han kvitrar like fullt.

Dette var Anders Hovden sitt bidrag til lerke-diktinga den gongen han og Arne Garborg og Per Sivle trefte kvarandre på Jæren.

Arne Garborg kalla sitt dikt for Vårdag.
Å nei, for himmel rein og klår!
Å sæle meg, no er det vår!
No spelar liv om land og strand;
å sæle meg, at opp eg vann!

Og i det tredje verset kjem lerka fram:
Å nei, eg høyrer lerka slå
opp under bleike himmelblå!
Mot kvelv ho stig med songen sin;
snart når ho visst i himlen inn.

Per Sivle skreiv songen om lerka som Lars Søraas sette tone til og som vi lærte alle versa på
i skulen i gamle dagar:
Og vesle lerka ho hev det so
at finn ho ein tuvetopp fri for snjo,
så kved ho i med sin gladaste song
- so trur ho på vår med ein einaste gong -
"Å hei! å hi! å tiriliti!"

Desse songane kom eg i hug då eg i det vakraste vårver køyrde heim frå Telemark no på sundag. Eg hadde vore saman med mine 4 kjære venninner som eg vart kjend med i Oslo for mange, mange år sidan. Vi gjekk saman på høgskule i Oslo, og no i år er det 40 år sidan vi fekk vitnemål i hand. Vi var 6 jenter i vår beste alder som kom til Oslo frå ulike kantar av landet. Fort vart det vi som var saman. På skulen lærte vi å skrive referat og føre protokollar - med sakliste og vedtak. GDB-klubben vart etablert, og det varte ikkje lenge før den fyrste protokollen vart innkaupt, og referatskrivinga gjekk på omgang. Det vart sjølvsagt skrive referat frå 40-årsfesten vi hadde i helga, og alle formenn underteikna protokollen.

Det er ikkje kvart år vi har møte. Men går det lenge mellom kvar gong vi ser kvarandre, så går dei 3 skrivne bøkene i posten, og dei vert sende rundt i landet etter eit bestemt mønster! Då skal kvar formann skrive om stoda på arbeidsplassen eller i familien - og helst lime inn nokre bilete. Kvar gong bøkene kjem i mitt hus, startar eg lesinga på side 1 i bok 1. Og tru det eller ikkje, det er like stas å lese i bøkene kvar gong!
Denne gongen hadde vi lagt møtet til Telemark. Våren viste seg frå si beste side. Vi gjekk lange turar, sume av oss kasta både ulltrøye og stillongs - for sola varma godt! Vi kosa oss i sola på verandaen. Vi fekk mykje god mat og drikke, og vi sat lenge til bords. Og skravla gjekk! Sers triveleg hadde vi det. Formannen vi besøkte er litt av ein blomeven og fuglekjennar, og ho kunne fortelje at no var lerka komen.

Det var vel ei veke sidan eg køyrde gjennom Telemark sist, og då var det mykje snø mange plassar. Hainn te mæ og æ ville feire påska i eit solrikt land utan snø i år, og vi reiste til Italia. Nærare bestemt Toscana. DER var det grønt, fargerike blomar på tre og buskar, og sola skein frå ein blå himmel dei dagane vi var der. Vi kledde oss i kortermaskjort! og ullstrømpene vart lagde nedst i kofferten. Det var liv og røre overalt, fullt av folk i og utanfor kyrkjer og museum. Fortausrestaurantar der folk kosa seg med vin og øl. Og pizza, så klart.

Vi kosa oss og. Vi besøkte Firenze, Pisa, Siena og Lucca. Trivelege byar. Travelt var det, og vi var på farten heile dagen. Det forundra oss at butikkar og marknader var opne både skjærtorsdag og langfredag. Eg trudde at i Paven sitt land ville dei vere noko strengare med slikt. Men for oss turistar var det jo flott at alt var ope.

No er det vår i Noreg! Fram med rive og trillebår, arbeidshanskar og greip. Sauelort og frøposar.
Flaumen går, og bjørka sprett i dalom.

Knuppar seg kvesser
i logne lider.
Bekkjer brusar
i døkke dalar.
Liv leikar,
blom blømer.
Sjø skvalar
i gråe glòpurd.

Nord i nare
og arme audner,
ligg det landet
som nemnest Noreg.
Sol signar,
vind vermer,
foss fløymer
og liv vaknar.
Vår vandrar
i grender gamle.