lørdag 18. september 2010

Draumedag med dyrlækjaren


Når ein har kome til skjels år og alder og har i skapet alt det som hjartet begjærer, må ein vere noko kreativ når bursdagsynskjelista skal skrivast. Mitt ynskje i år var ein Draumedag med dyrlækjaren. Tenk å få vere med ein veterinær ute i praksis - og sjå mange søte lam, store kyr og små dansemus. Ho eg kjenner sa: Berre kom - men belag deg på nattarbeid.
Eg pakka sekken med fjøs-støvlar, fann fram den gamle fjøs-jakka mi og skautet.

Dagen starta kl.05 med telefon om ei lamming. Vi laga niste og te og kasta oss inn i bilen, for det var ein times køyring til sauefjøset. Dyrlækjaren fekk etter noko strev ut 3 store og flotte lam.
Frukost i bilen medan vi køyrde til neste fjøs, der det var ei inseminering.
Og så var det ikkje meir den Himmelfartsdagen. Eg må seie eg vart skuffa. Lite æksjen den dagen. Og så kunne vi ikkje gå på kafe ein gong. For då måtte vi jo fyrst vaske av oss fjøslukta, og du skal berre sjå, sa dyrlækjaren, med det same vi er ny-dusja, må vi ut att. Så vi sat heime på hybelen og venta på telefonar.




Så gjekk det nokre veker, og eg fekk på nytt høve til eit besøk. Dyrlækjaren starta dagen på klinikken kl.08, og eg møtte opp kl.10. Då var det berre å kaste seg inn i bilen og køyre ein halvtimes tid til ei sjuk ku. Etterpå bars det av stad til nokre kalvar som skulle vaksinerast, og etterpå det var det ei anna sjuk ku. No hadde vi køyrt langt, og eg var i alle fall svolten. Kafe-besøk gjekk heller ikkje i dag. For det fyrste var det jo ikkje kafear der vi for, og for det andre hadde vi det travelt. Langt ute i bushen fann vi eit landhandleri, og eg inn i full fart for å kjøpe rundstykke og wienerbrød. Det likar eg når eg er på tur. Nei, her hadde dei berre brød og pålegg. Til alt hell hadde dei ei maskin til å skjere opp brødet, og med ei tube baconost var vi redda.
Eg smurte brødskiver, medan dyrlækjaren køyrde og åt. Det gjekk unna - både brød og mil.
No skulle ho inseminere 2 kyr. Men trur du dei var i det same fjøset? Å nei - det var mange mil mellom dei. Den fyrste kua måtte vi til og med hjelpe til med å jage inn i fjøset på støylen. Då er det godt å ha med ei gamal og røynd bondekone som kunne stå oppe i bakken og rope til kua: Ikkje kom her - gå ned i fjøset og få dosa di.
Vi var innom enda ein støyl der det var inseminering, og der hadde dei faktisk rjomegraut til sals. Men dyrlækjaren var noko streng - det har vi ikkje tid til. Vi hadde ikkje tid til å handle oss middag ein gong. Vi var innom ein plass og fekk hamburgarar og pommes frites i ein papirpose - og så var det ut på landevegen att.
No var det ei geit som hadde skada seg. Og ho var på ein støyl langt inn i fjellheimen. Veit du vegen, spurte eg. Ja, røktaren sa at vi skulle fylgje denne vegen til endes, så er det over ei bru og etter eit par svingar skulle vi sjå etter ei postkasse. Der skulle vi til høgre og sidan var det berre å køyre til vi kom til nokre straum-master. Og då var vi like ved.
Vi kom fram, og geita vart sauma i juret.
Då kunne vi ta kvelden. Det var lang veg heim, og klokka var midnatt då vi steig inn i dyrlækjar-bustaden. Eg var trøytt. Og det måtte i alle fall dyrlækjaren vere. Ho hadde køyrt 42 mil denne dagen, og ho hadde reparert og fiksa på mange dyr.

Det er lange avstandar i landet vårt. Sume stader er vegen både hompete og bratt. Ein plass vi var , var det så bratt og fullt av lause steinar i vegen at eg ville ikkje sitje på bilen, men eg sprang ned bakken. Dyrlækjaren kjem fram overalt, for ho - og sikkert alle andre - har bil med 4-hjulsdrift. Slik er det nemleg ikkje med sjukebil for folk.
Så mi oppmoding til deg er: Ikkje bli sjuk inne på heia - og serleg ikkje i dårleg ver, for då kjem verken ambulanse eller helikopter fram. Men har du ei sjuk ku eller geit, då kan du vere trygg. Dyrlækjaren kjem!