søndag 17. juli 2011

Ætt skal fylgje ætterad


eller "Slekt skal følge slekters gang" som det står i bokmålsutgåva i verset " Tider skal kome" i den gode gamle salma "Deilig er jorden".

Om nokre veker er det 100 år sidan mor mi vart fødd. Ho vart nesten 97 år gamal, og ho sette familien sin svært høgt og hadde omsorg for alle. Som ho sjølv sa - kom ho seint i gong med barnefødslar - meg fekk ho då ho var nærare 36 år, bror min då ho var nesten 38 år og syster vår kom nokre månader før mor vår vart 40 år. Ho ynskte seg barnebarn, og etter kvart kom det 4 jenter og 2 gutar. Ho var svært oppteken av livet deira og hadde omsut for dei i alle år. Å vere mormor og farmor var flott, men eg som er så gamal vert nok ikkje oldemor, var omkvedet hennar. Men jammen vart ho det og. 4 staute gutar og 2 flotte jenter var ho oldemor til før ho døydde - og no har det attpåtil kome eit nytt lite nusk i familien.

Det er mangt som skal til når det kjem ein ny familiemedlem. Kvifor kaupe alt nytt når ein kan bruke det ein har - eller saume omatt. Gamle dynetrekk frå 70-talet vert som nye når dei berre vert klipte og sauma på nytt. Er det det vi kan kalle retro??
Retro-smekkar er det vel ingen som har. Men det skal Snuskeruska vårres få.
Då mor mi og eg vandra rundt i august i 1982 i Arendal og venta på Gullungen, fann mor mi ut at smekkar kunne vi lage sjølve. Vi budde 10 dagar på Bondeheimen medan vi venta på ho som var Gullungen den tid, og om kveldane sauma vi smekkar. Vi kaupte store vaskeklutar som vi med ei lita saks runda av til halskant og sauma på bendelband for hand. Rektig fine vart dei, tykte vi. Og dei kan ein bruke den dag i dag.
Lisbeth-smekken er nok berre til pynt. Det som er over 60 år gamalt kan vere for frøynt for dagleg bruk i dag. Så Gullungen får klare seg med smekkane frå 1982.
Den 7. juli kunne vi heise flagget og rope HURRA.
Lisjpia vårres vart fødd, og med ein storleik på 3,4 kg og 51 cm er ho klar for å møte familien og vener og verte beundra.

søndag 1. mai 2011

Trondhjem, Trondhjem - at æ rest ifra dæ...

Til lukke med dagen , du som hadde bursdag 1.april og du som har i dag 1.mai.

For nokre veker sidan var eg i fødebyen og feira syster mi. Ho hadde rund dag, og difor var det eit godt høve til å reise nordover. Eg har reist denne strekninga i over 40 år no, stundom med bil eller tog og stundom med fly. Denne gongen skulle eg vere hæli og køyre sjølv dei fyrste 10 mil. Her heime var det berre og fine vegar. I alle fall dagen før eg reiste. Eg vakna til Det snøveret den morgonen eg ville reise, så eg sette meg i bilen med noko høg puls. Eg har ein god bil, 4-hjulstrekk og nye dekk, så vegen over heia må gå bra. Eg hadde god tid, for eg skulle møte Gullungen i Telemark, og så skulle ho køyre til Gardermoen, og vi skulle fly.

Dagen til syster mi starta med at vi reiste på kyrkjegarden for å setje ljos på grava til foreldra våre. Dette var min plan - for eg ville takke dei for at eg hadde fått så snill og grei veslesyster. Der vassa vi i djupsnø, men ljos vart sett ned og tend. Vi var ofte med mamma på kyrkjegarden då vi var born, og det var der vi lærte namn og årstal på oldeforeldre og andre gamle slektningar.


Om ettermiddagen skulle syster mi ha selskap med etterkomarane etter våre foreldre:
3 born og svigerborn, 6 barneborn, 6 oldeborn - og 1 i kjømda. Dette hadde mamma lika, og 2 av oldeborna er ofte på grava og pyntar for olde-Py: Jolenissar og englar til jol og påskekjuklingar og blomar til påske.

Når ein vandrar rundt i fødebyen og høyrer si barndoms dialekt overalt, er det mange ord og uttrykk ein kjem på som har vore gløymt:
Syster mi er god til å bake, men denne gongen hadde ho ikkje laga tårnkak. Bror min broja bila i barndomen. Det hadde nok vore farlegare hadde ungane hange bak bilane i dag. Bror min og eg sparka basse. Eg var temmeleg god til å veppe. Men det var få jenter som likte det, dei ville heller hoppe tau. Bror min var og god til å kast' pæng. Han var så flink at han kunne leggje mange kroner i fotball-sko-kjøpet kvar vår. Mange guta la femøringan' sine på trikkskinnene for å få dei flate. Det var kanskje lettare å kaste på stikka med dei.
Skotthyll var det bare gamle-karan som dreiv med. No har eg høyrt at det er ein skotthyll-bane i Djupvika. Vi gyna aldri på skotthyll-karane, nei, det var meir artig å gyne på kjærestefolkan i Lamo'parken.
Om vinteren gjekk vi på skøyta på Buran-banen. Eg gjekk lenge på skru-skøyta. Då bror min fekk seg pansera, overtok eg hockey-skøytene hans. Det beste med dei var at dei hadde kalosja. For hadde du kalosja, kunne det hende at du fekk los. Det var mest stas å få los på Rosenborg-banen, for der hadde dei musikk. Store høgtalarar sende marsja og wienervalsa utover banen. Og fekk du los av den kjekkaste guten på banen og at det attpåtil var los utan vott, var det verdt heile turen opp frå Lamo'n.
Du høyrer det fort om nokre trur at dei kan tale trondhjemsk. Du må mest vere frå byen for å vite kva for preposisjonar du skal bruke til dei ulike stadane:
Vi sykla uti Ila, vi spasert fræmpå Buran, vi sprang innpå Lade, vi gjekk oppi Staten og vi for nedpå Lamon.

Dagen etter selskapet var det strålande ver. Vi kosta bort snøen på terrassen til syster mi, og gamletante og gamletanteungen sette seg ut i vårsola. Høgtlesing og strikking - kan det bli betre?

Det har skjedd store endringar i Byen sidan eg budde der. Her vi er i selskap på Tiller -
var det berre myrar i den tida eg vaks opp. Det er svært mange nye bydelar som eg ikkje finn fram til, men bror min er flink til å ta meg med på køyreturar og fortel kva dei heiter.
Mangt har endra seg, men Lilleby-skulen som er 100 år i år, er framleis ein skule. Der gjekk mor og far vår, og der gjekk eg og syskena mine.
Dora I og Dora II er ikkje dei fæle bunkersane lenger - dei vi høyrde om i barndomen, som fekk russerar mura inn i veggane under krigen. Eg har faktisk lese at desse to bunkersane er det største fuglefjellet på fastlandet i Noreg. Kven kunne vite det?
Vi lærte å svømme i bassenget på Singsaker-skulen. Bassenget var frå 1915 og vart nedlagt i 1995. Det var på 12,5 meter. Det tok lang tid å ta trikken frå Lilleby til Singsaker. Vi måtte ta 2 trikkar. Vi fekk trikkpeng', men fann fort ut at heimover kunne vi gå ned Staten og bruke pengan' på brunsukkerklumpa. For 10 øre kunne du få ein spisspose full med brunsukkerklumpa med tråd i.

Om mangt er endra, så står i alle fall Lykkens portal med gode minne frå ei svunnen tid.

søndag 27. februar 2011

Mat og tradisjonar

STABBURSKLOKKA
Vesle stabbursklokke.
Under støypinga
tenkte du kanskje
at du skulle hange i eit tårn
på Finnskogen.
Det vart ikkje noko tårn
for deg.
Du vart aldri tenkt til det,
men for husmenn og fattigungar
var songen din
om mat
finare for øyra
enn klangen frå Nidarosdomen
som nådde pilgrimane
på Feginsbrekka.
Halvor J. Sandsdalen
Det var ikkje vanleg med noko stabbursklokke på garden der eg busette meg sør i landet, i fjell-Noreg. Her var heller ikkje husmenn eller fattig-ungar. Men stundom skulle eg ynskje eg hadde ei klokke å ringje med. Då kunne eg ringt inn til kvart måltid, og eg kunne sleppe å springe rundt om på garden for å leite etter Gullungen og Hainn te mæ når det var mat. Så ein haust - på Dyrsku'en fann eg det eg leita etter. Ei vakker lita messingbjølle med god klang og låt. Og den har eg no brukt i mange år. Det er no helst om sumaren ho er i bruk, då "stend eg ute på stabburshella" og ringjer inn til mat. Det er viktig med tradisjonar, og dette er eit av mine bidrag.






Ein tradisjon i bygda mi er at vi kvar haust pyntar i kyrkja på Hausttakkefesten med "markens grøde". Det er Jordbruksklubben som får dette viktige oppdraget, og vi tek med det vi har hausta inn. Ingen går på bua og kauper. Eitt år vart til og med mine squasha omtala og heidra av presten.
Jordbruksklubben vår, som vi trur er den einaste i landet, er no over 80 år. (Sei frå om du kjenner nokon som driv med det same - ikkje hagelag, altså.) Vi dyrkar berre grønsaker, urter og krydder - og alt er sjølvsagt økologisk. Dette er ein flott tradisjon som vi hegnar om.

Mat-tradisjonar er og sers viktige. Mykje og mangt kan du finne i kokebøker, men dei mest nære og lokale rettane må du lære i heimen. Ta t.d. KOMPE. Andre stader i landet kallar dei det for komle, klubb, potet'ball, raspeball eller nevaball. Sume lagar dei med byggmjøl, sume har flesk inni ballen, nokre vil ha tyttebær attåt og andre vil ha sukker og smør.

Gullungen ville gjerne lage kompe for seg og Hainn te hu her ein dag. Frå ho var lita har ho vore med og male potetene, det kunne ho - men kor mykje mjøl skulle ho ha?
Ok, sa mor hennar. Då lagar vi kompe i dag. Frå kjellaren henta vi ei lita bøtte med potet, og eg til å skrelle. Gullungen kutta dei opp i bitar, for ho visste at då var dei lettare å male. Til 2-3 l oppkutta potet reknar eg 1-2 ts salt, 6 nevar med fin sammalen kveite, 2 nevar med grov sammalen kveite og resten er sikta kveitemjøl. Du må berre kjenne etter kor fast du vil ha deigen. Du brukar nevane og lagar passe store ballar. I mellomtida hadde eg fått vatnet på kok, og det var berre å koke kompene 20-25 min. Attåt kompene har vi steikt sauekjøt, kjøt frå ein salta og tørka bog eller lår. Nam,nam - med sukker og smelta smør.
Har du laga for mykje, kan du steike dei neste dag.

Og til dessert har vi heimebaka kanelkrullar.




søndag 6. februar 2011

Fola, fola Blakken

Fola, fola Blakken
gå no inn i stallen din.
Så kjem lisle Gullet inn
og klappar deg på nakken.
Dette var ein av yndlingssongane til Gullungen då ho var lita. Ja, sume av syskenborna hennar elska og dei versa. Tenk å ha ein hest, det måtte vere den største lukke på jorda, meinte Gullungen. Og endeleg på 12-årsdagen sin fekk ho den etterlengta fjordingen. Sylvinn var då 13 år, og i april kan han feire 30-årsdagen sin. Han har no forresten fått feira alle bursdagane sine med gode gåver. Når Gullungen ikkje sjølv var heime på Dagen hans, ringte ho meg opp og spurte om eg visste kva for ein dag det var. Sjølvsagt veit eg det, sa eg. Og posen med brødskalkar, gulrøter og søteple står klar for ein liten bursdagsvisitt. Ja, for det er ikkje alle år han har budd hos oss. Men han har allstøtt budd så nære at det berre var ein svipptur å besøke han.
Men at eg skulle bli glad i ein hest, hadde eg mest ikkje trudd. Eg som er ei bypi' som tykte at store hestar såg skremmande ut. Men eg måtte lære meg å stelle med han. Og eg likte det. Sjølv om vi i seinare år har kjempa om kven av oss er den sterkaste, (og Sylvinn vinn kvar gong).
Han visste nok at eg hadde respekt for han, men når han såg meg, kom han og leita i lommene mine etter smågodt.



Denne vinteren er det nokre andre som har ansvaret for Sylvinn. Han har pensjonist-tida si saman med andre hestar, men når våren kjem er han nok attende i grenda vår. Vonar både han og eg.
Men for eit par veker sidan vart han sjuk. Mathugen var borte, og han såg helst filleleg ut. Dyrlegen i bygda kom og gav han noko medisin. Då Gullungen kom heim på helgebesøk, bars det rett opp til hesten. Ho hadde og med dyrlegeveska si og gav han nokre livgjevande dropar - eller kva det no var. Ein kveld fekk eg og vere med i sjukebesøk, og vi fylte bilen med det gode høyet eg hadde samla for han. Kvar gong Hainn te mæ var ute med ljåen i sumar og slo graset rundt husa og i hagen, var eg der straks med riva. Vi bakketurka ein masse, og dette
høyet gav vi no til Sylvinn for at han skulle bli god att.

Omtanke og omsorg er viktig når ein er sjuk. I barndomen var eg ofte plaga med halsesjuke. Då måtte eg vere borte frå skulen. Dersom ein ikkje hadde feber, var det ikkje så gale. Å liggje i senga ein dag eller to med ullskjerf rundt halsen og naftaluktande ullklut på bringa
var ikkje så ille - når eg visste at mamma skulle gå på biblioteket og låne ein heil pose med bøker til meg. Og var far min heime, gjekk han til bakar Lein og kjøpte krembollar og cola. Og var det attpåtil onsdag, kjøpte dei Romantikk-bladet til meg og ein pose med Olsen-kailla. (Det var det vi kalla seigmannan' for i dei dagar).
Då var det ikkje lenge før eg vart frisk att.



Novellene i Romantikk-blada i gamle dagar slutta allstøtt med ring på fingeren, giftarmål og evig truskap. Bygdekvinnelaget mitt skipa til "Damenes aften" før jol - men mannekeng-oppvisning av gamle og nye klede. Fleire av medlemene hadde brudekjolane sine på loftet, og her er eit brudepar frå dei glade tretti-åra.

lørdag 15. januar 2011

MOT SOLEGLAD

Det stig av hav eit alveland
med tind og mo,
det kviler klårt mot himmelrand
i kveldblå ro.
Det er 87 år i dag sidan forfattaren Arne Garborg døydde. Og det er 82 år sidan Martin Luther King vart fødd. Denne dagen er offentleg høgtidsdag i USA.

Det er framleis vinter med snø og kulde her i sør. I dag var det 45 cm snø, og eg trur det er lenge sidan vi hadde så mykje. Det er reint og kvitt overalt. Hagen er full av rådyr-spor, dei leitar etter mat. Dei har funne avfallsdungen bak løa, der vi har kasta avfall etter eplepressinga.





I hønsegarden plukkar småfuglane opp restar etter hønene. Dei er igrunnen svært nøye på kva dei et. Eg kasta ei sitronskive inn til dei ein gong, og ei høne kom flaksande og tok sitronskiva i nebbet. Men ho kasta henne snart ifrå seg. Då var ei anna høne på pletten og ville stikke av garde med sitronskiva. Men ho tok ikkje mange stega før ho og kasta henne. Difor har eg to avfallsspann når det gjeld matavfall. Epleskrell og potet'skrell, sitronskiver og appelsinskal er noko av det som går i boksen til rådyra - medan hønene får kjøtbein, brødmat, potet' og saus
- og hønekraftfor. Hønene mine trivst og har det i grunnen bra etter vinterforholda.




Her ein dag sleppte eg dei ut i hagen. Det var før all den snøen hadde kome, og eg meinte dei hadde godt av litt mosjon. Dei trippa litt omkring, men tykte nok dei vart kalde på småfotan' og ville inn i huset sitt att. Der inne har dei det godt med mykje høy og varmelampe, så det nauar ikkje. Og no er lukka fullkomen - både for dei og for meg. Dei har starta å verpe att. På tre dagar har eg no fått 9 egg! Det vart kjempegode painnkaka til middag i dag!




No ventar vi på våren. Dagane er litt lengre, og faktisk - det fyrste fivreldet har kome seg inn i stoga.

søndag 2. januar 2011

Godt nytt år

GODT NYTT ÅR !
Jolehøgtida er på hell, og eg vurderer sterkt å hive ut joletreet i morgon den dag. Det ryr jo heile tida. Gullungen skulle vere smart, og ho helte varmt vatn i joletrefoten slik at treet skulle få det betre inne enn der det stod ute i skogen i nesten 20 minusgrader. Men overgangen vart for stor. Det veit vi jo, vi som har vore i badstoge og så rulla oss i snøen. (Eg gjorde det ein gong i ungdomen. Aldri meir!)
Men elles er treet riktig fint. Med ljos og flagg og kuler. Ingen strikka-kuler kom på treet, enda eg har laga ein masse. Dei havna i mange jolepakker som vart sende hit og dit. Dei som ikkje har fått kule i år, ynskjer seg kanskje til neste år? Eg strikkar gjerne. No spørs det om det vert mange gama fjernsynsprogram i det nye året. Det er nemleg då eg tek fram spitet, framom skjermen går strikkepinnane som olja lyn.



Det har vore sers kaldt dei to siste månadene. Men den som har helge-ansvar for eit lite hunde-gull, må ut - enten det er 20 pluss eller minus. Det er jo berre å kle seg. Lag på lag med ull. Og i sola var det nesten godt. Men hunden med det vene namnet Haust må jo også ut morgon og kveld, og ikkje berre når sola skin. Då kom eg på noko lurt. Eg gjekk nede på jordet
og let Haust springe fritt. Saman sprang vi rundt og rundt hekken. Haust etter og eg føre, (eller var det omvendt?) og etter ein halvtime hadde vi trimma nok. Tykte eg.
Då gjekk vi inn og vermde oss framom omnen.
I desse kalde dagar er det rikdom å ha mykje ved. Vi er styrtrike, for vi har ved både inne og ute, heime og på heia. For den del kan Fimbulvinteren berre kome att.



lørdag 18. september 2010

Draumedag med dyrlækjaren


Når ein har kome til skjels år og alder og har i skapet alt det som hjartet begjærer, må ein vere noko kreativ når bursdagsynskjelista skal skrivast. Mitt ynskje i år var ein Draumedag med dyrlækjaren. Tenk å få vere med ein veterinær ute i praksis - og sjå mange søte lam, store kyr og små dansemus. Ho eg kjenner sa: Berre kom - men belag deg på nattarbeid.
Eg pakka sekken med fjøs-støvlar, fann fram den gamle fjøs-jakka mi og skautet.

Dagen starta kl.05 med telefon om ei lamming. Vi laga niste og te og kasta oss inn i bilen, for det var ein times køyring til sauefjøset. Dyrlækjaren fekk etter noko strev ut 3 store og flotte lam.
Frukost i bilen medan vi køyrde til neste fjøs, der det var ei inseminering.
Og så var det ikkje meir den Himmelfartsdagen. Eg må seie eg vart skuffa. Lite æksjen den dagen. Og så kunne vi ikkje gå på kafe ein gong. For då måtte vi jo fyrst vaske av oss fjøslukta, og du skal berre sjå, sa dyrlækjaren, med det same vi er ny-dusja, må vi ut att. Så vi sat heime på hybelen og venta på telefonar.




Så gjekk det nokre veker, og eg fekk på nytt høve til eit besøk. Dyrlækjaren starta dagen på klinikken kl.08, og eg møtte opp kl.10. Då var det berre å kaste seg inn i bilen og køyre ein halvtimes tid til ei sjuk ku. Etterpå bars det av stad til nokre kalvar som skulle vaksinerast, og etterpå det var det ei anna sjuk ku. No hadde vi køyrt langt, og eg var i alle fall svolten. Kafe-besøk gjekk heller ikkje i dag. For det fyrste var det jo ikkje kafear der vi for, og for det andre hadde vi det travelt. Langt ute i bushen fann vi eit landhandleri, og eg inn i full fart for å kjøpe rundstykke og wienerbrød. Det likar eg når eg er på tur. Nei, her hadde dei berre brød og pålegg. Til alt hell hadde dei ei maskin til å skjere opp brødet, og med ei tube baconost var vi redda.
Eg smurte brødskiver, medan dyrlækjaren køyrde og åt. Det gjekk unna - både brød og mil.
No skulle ho inseminere 2 kyr. Men trur du dei var i det same fjøset? Å nei - det var mange mil mellom dei. Den fyrste kua måtte vi til og med hjelpe til med å jage inn i fjøset på støylen. Då er det godt å ha med ei gamal og røynd bondekone som kunne stå oppe i bakken og rope til kua: Ikkje kom her - gå ned i fjøset og få dosa di.
Vi var innom enda ein støyl der det var inseminering, og der hadde dei faktisk rjomegraut til sals. Men dyrlækjaren var noko streng - det har vi ikkje tid til. Vi hadde ikkje tid til å handle oss middag ein gong. Vi var innom ein plass og fekk hamburgarar og pommes frites i ein papirpose - og så var det ut på landevegen att.
No var det ei geit som hadde skada seg. Og ho var på ein støyl langt inn i fjellheimen. Veit du vegen, spurte eg. Ja, røktaren sa at vi skulle fylgje denne vegen til endes, så er det over ei bru og etter eit par svingar skulle vi sjå etter ei postkasse. Der skulle vi til høgre og sidan var det berre å køyre til vi kom til nokre straum-master. Og då var vi like ved.
Vi kom fram, og geita vart sauma i juret.
Då kunne vi ta kvelden. Det var lang veg heim, og klokka var midnatt då vi steig inn i dyrlækjar-bustaden. Eg var trøytt. Og det måtte i alle fall dyrlækjaren vere. Ho hadde køyrt 42 mil denne dagen, og ho hadde reparert og fiksa på mange dyr.

Det er lange avstandar i landet vårt. Sume stader er vegen både hompete og bratt. Ein plass vi var , var det så bratt og fullt av lause steinar i vegen at eg ville ikkje sitje på bilen, men eg sprang ned bakken. Dyrlækjaren kjem fram overalt, for ho - og sikkert alle andre - har bil med 4-hjulsdrift. Slik er det nemleg ikkje med sjukebil for folk.
Så mi oppmoding til deg er: Ikkje bli sjuk inne på heia - og serleg ikkje i dårleg ver, for då kjem verken ambulanse eller helikopter fram. Men har du ei sjuk ku eller geit, då kan du vere trygg. Dyrlækjaren kjem!