fredag 30. januar 2009

Så mange bøker, så lita tid...

Bloggen min skal m.a. vere om blomar og bøker; men det har blitt svært lite om bøker. Og det er ikkje fordi at eg ikkje les. Nei, du - her ligg det bøker kvar eg vender meg - både heime og på arbeid.
Så mange bøker - og så lita tid... (Desse orda stod på ei t-skjorte eg fekk til jol - So many books, so little time). Men slik er det vel for den som har mange jern i elden.

Eg har ei tevling gåande med ei lita venninne på 10 år. Kvar for oss skriv vi opp forfattarar og titlar på bøker vi har lese, og målet er å lese 50 bøker på eit år. Venninna mi greidde det alt fyrste året, men eg som har halde på i tre år, greier det ikkje. Året mitt går frå mai til mai - og no er eg oppe i 28 bøker, og eg har heldigvis nokre veker att. I fjor las eg 32 bøker, og året før vart det jammen meg 43 bøker.

Akkurat no held eg på med tre bøker:
Lydboka " Jeg forbanner tidens elv" av Per Petterson høyrer eg på når eg held på med handarbeid eller køyrer bil.
På nattbordet ligg boka til Ian Sansom : "Bokbussdetektiven og mysteriet med dei forsvunne bøkene". Den er veldig humoristisk. Ein ung og urban lesehest frå London reiser til Nord-Irland for å få den draumejobben som bibliotekar; men biblioteket er stengt og bøkene er borte. Mange artige episodar, og boka er godt omsett av Tove Bakke.

Lesesirkelen eg er leiar av, les bøker frå Baltikum i år. Vi skal ha møte om ei vekes tid, og til då må eg ha lese ferdig "Fiskerens sønn" av den latviske forfattaren Vilis Lacis.
Vilis Lacis har vore statsminister i Latvia, og han fortel om livet i ein liten latvisk fiskarlandsby tidleg på 1900-talet. Folk lever under trasige forhold, og hovudpersonen, Oskar Klava, strevar og strir for å greie seg.

Eg hadde stor glede av å lese den siste boka til Tore Renberg:" Charlotte Isabel Hansen". Her har Jarle Klepp blitt far. Jarle Klepp høyrer vi om i "Mannen som elsket Yngve" og "Kompani Orheim."

Vil du ha andre boktips? Eg likte godt "Slottet i Pyreneene" av Jostein Gaarder. Magnhild Bruheim har skrive ei spennande bok frå nord-Gudbrandsdalen "Nattskrik". Tove Nielsen og Edvard Hoem har slått seg saman og skrive boka "Jordmor".

Neste veke vert travel. Eg skal på basar, på quiz og på to styremøte. Døgnet har for få timar; kanskje eg på byrje å lese om natta. Eg må prøve å greie meg med mindre enn 8 timar med svevn.

tirsdag 20. januar 2009

I have a dream....

Skal tru om Martin Luther King jr. i sine villaste draumar kunne sjå for seg at 5 dagar etter sin 80årsdag ( han var fødd 15.januar 1929) ville ein afroamerikansk president bli teken i eid som den 44. amerikanske presidenten. Det umogelege har skjedd, det vart sagt fleire gonger i dag frå fjernsynsoverføringa frå Washington D.C.

Martin Luther King jr. var min helt i skuledagane, og eg skreiv særoppgåve om han på gymnaset. Mamma og eg tala mykje om korleis dei svarte hadde det i Statane. Den dagen han vart skoten - 4.april 1968- klyppte vi ut bilete av han frå avisa og sette det på skjenken med ei svart ramme rundt biletet. Martin Luther King jr. ville nok juble i himmelen i dag.

Juble - ville nok Lilly også gjort , ho vi såg i i fjernsynsserien Ein vakker dag, for mange år sidan. Tenk, kor vanskeleg dei svarte hadde det berre for 50 år sidan. Far til han som vart president i dag kunne ikkje ein gong gå på den restauranten han ville, og no er sonen president.

BARACK OBAMA vart den nye presidenten. Og han viser at berre vi vil, så kan vi alle få til det utrulege. Yes, we can!
I dag har eg spelt Sousamarsjar i vilden sky og heia på deg, Obama.
Lukke til med arbeidet ditt. Helsing frå ein trønder-fan.

tirsdag 13. januar 2009

IS-SLOTTET - og gamle, varme minne

"Unn såg ned i ein trollheim av små tindar, takkvelvingar, rima kuplar, mjuke bogar og forvirra kniplingsverk. Alt var is, og vatnet spruta mellom der og bygde stadig vidare.

Greiner av fossen var avleidde av is og f'ór i nye leier og laga nye ting. Alt skein. Sol var ikkje komi, men det skein isblått og grønt av sitt eige, og dødskaldt."




Desse orda er henta frå "IS-SLOTTET" av Tarjei Vesaas.
Eg tenkte på denne boka då eg reiste gjennom Telemark i helga. Snøen hadde regna bort, og mange stader hadde isen laga vakre formasjonar i landskapet. Det kunne vere isslott, både her og der.
Eg var på veg heim etter å ha teke avskil med ei god venninne. Ho døydde av kreft i ein alder av 63 år. Det vert eit stort sakn etter henne - i familien, blant vener og på arbeidsplassen.
Det er mange minne som kjem fram, medan ein sit der og humpar på bussen . Vi vart kjende for vel 40 år sidan, då vi båe starta på den same utdanninga. Vi hadde mykje moro dei åra vi var saman i Oslo.
Året før vi starta i Oslo hadde ei av mine barndomsvenninner fått seg pennevenn frå Sveits. Det lyt du og få, sa Randi - du vert så flink i tysk når du skriv brev. Ho skulle få Kurt, venen sin, til å sende meg nokre namn. Men det gjekk både vinter og vår, og eg høyrde ingenting. Eg reiste til Oslo og til studiar og gløymde at eg skulle få ein brev-ven.
Ein dag får eg brev frå mor mi der ho skriv at det har kome 5 -6 tyske brev til meg. Ho skal sende dei etter helga. Men då eg opna pakka heimanfrå var det 12-14 brev der.
Veka etter kom eit nytt brev frå mor mi der ho seier at far min skjems når han går og hentar posten, for det renn ut fleire titals brev, kvar dag. Frå heile Europa, Arabia og det fjerne Austen, ja, til og med frå Afrika. No skulle ho få tak i ei stor eske, så snart skulle eg få DET lesestoffet. No må du berre ikkje la brevlesinga gå ut over skulearbeidet ditt, sa ho.
Då brevpakka kom, inviterte eg venninna mi på hybelen til brevlesing. O g vi las og las - og sorterte i bunkar. Ein bunke med Tarzan-fyrane (dei ville vi ikkje ha), ein bunke med kanskje-typar, og ein bunke med brukbare. Vi valde to brukbare kvar, og andre venninner fekk og velje.
Ard frå Holland vart ein av dei utvalde for venninna mi. Han skreiv at han var politimann, og han kunne tenkje seg ein tur til Noreg. Etter nokre månader kom han på vitjing, og vi andre venninner fekk og høve til å treffe han den veka han var her i landet. Nokre kveldar etter at han var reist sat venninna mi og eg på hennar hybel og høyrde på Ønskekonserten. Medan vi lytta til musikken frå "Den flygande hollender" kom hybelvertinna hennar og sa at det var telefon til henne. Det er sikkert den flygande hollender, sa eg og lo. Men eg vart bra lang i maska då det synte seg at det faktisk var Ard i telefonen.
Fleire år seinare hadde vi båe gløymt histora med alle breva. Då fekk ho ein dag besøk av framandpolitiet i den byen ho då budde i.Dei ville vite kva slags kontakt ho hadde med hr. Ard, han hadde visstnok gjort noko ulovleg og politiet kunne ikkje få tak i han. Visste ho kor han var? Namnet til venninna mi hadde dei funne i husveret hans, og dei hadde oppsøkt hybelvertinna hennar frå studietida.
Korleis det gjekk med han - og kvifor framandpolitiet ville ha tak i han, fekk vi aldri vite.
Men ei god historie vart det. Og eit morosamt minne. I ei sorgfull tid.

torsdag 1. januar 2009

Gamle året seig i hav




Gamle året seig i hav, siste dag i dauden bleikna;
men i aust det atter kveikna, ny-fødd sol stod upp or grav.
Ljoset fram or myrkret stiger, som på fyrste skapningsdag.
Sol og dag er fødd til siger, myrkret dømt til nederlag.




Gome ville at vi skulle syngje denne nyårssalma av Blix når vi sette oss til bords nyårskvelden. Det gjorde vi allstøtt i dei åra ho levde. No er vi ikkje så mange til bords lenger, så det vert ikkje mykje song. Men Joleevangeliet høyrer med på jolekvelden. Det er det Gullungen som les, og det har ho gjort i alle år sidan ho lærte å lese. På video har vi ein film om ein liten og alvorleg åtteåring som les om gjetarane på marka.



Vi har og bilete av Gullungen når ho som ungdom køyrer rundt med hest og slede og leikar jolenissen. Ho var innom mest kvar gard i grenda vår og ynskte god jol og leverte ut jolepakkar. Eg trur ikkje ho var så nøgd i den raude nissdrakta, for året etter kledde ho seg som ein fjosnisse - i vadmålsbukser, grove beksaumsko, brun heimespita lue og grått krøllete skjegg (ho hadde ofra noko av eit grått saueskinn).



Jola 2008 har gått over i historia. Det var ei god jol, med få endringar frå tidlegare år. Joletreet vart hogge i rett tid, og det kom på plass i god tid før høgtida vart ringd inn. Peparkakehuset er flott, men slik blir det vel når ein bygningsmann har regien. Gjester har vi hatt, frå fjern og nær. Tevlingskvelden (eller quiz som det heiter i urbane strøk), var vi i storform, alle fire. Det trudde no eg. Men så kom spørsmåla , frå Aftenposten og Morgenbladet, og dei gjekk ikkje heilt i vår gate. Få av oss hadde greie på franske filosofar og fransk kunst. Nei, neste år skal vi sjå om ikkje Nationen har spørsmål som høver for oss alle. Vi var like gode, i år og.




Jolefesten i mållaget er eit av dei store høgdepunkta i jola. I år med flott konsert av ein av våre store hardingfelespelarar. Folk kosa seg. Og risengrynsgrauten var god. Den hadde eg jobba med i 2 -3 timar, så det skulle berre mangle. Det er vanskeleg å seie kor mange som kjem på ein slik fest, og difor må ein lage ekstra med mat. Mat skal ein ikkje kaste, men det var få av kjøkkengjengen som ville ha restar med heim. Difor et no vi graut til dugurds mest kvar dag - og er det ikkje graut, så er det riskrem. Sjølv om grauten var aldri så god, så har no eg fått nok no - trur ikkje eg lagar ny graut for bortimot påske!



GODT NYTT ÅR!