Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.
Dette diktet av Olav H. Hauge vart lese for meg her ein føremiddag av ein ung gut på 8-9 år.
Også dette skuleåret har 8 - og 9 åringane på skulane i kommunen hatt faste besøk på biblioteket kvar månad. Då er det eg som les for dei og fortel dei om morosame bøker. Dei har vore ihuga lånarar, og det er ei stor glede å ha dei på vitjing.
Vi avsluttar ofte med fest på Bokdagen, og då er det skuleborna som har laga eit program for meg.
Eg hadde dekka langbord i biblioteket - med fargerike koppar og fat, kaker og brus venta dei.
I år ville dei lese dikt for meg, sa dei. Eg var bra spent. Ungane var ivrige, og Åsmund var fyrstemann. Han stilte seg opp framom heile klassa, utan manus og litt alvorleg. Han tenkte seg om, og så kom heile "Draumen". Han las det så godt at eg som var vaksen sat der med tåror i auga. Han las det seint og med håg og klår røyst. Dette kunne han. Han tok imot applausen med eit lite smil og eit bukk.
Dei andre borna var og flinke. Somme hadde ein liten hugselapp, andre kunne diktet utenat. Og alle dikt var av Olav H. Hauge. Korleis kunne de vite at Olav H.Hauge er ein av mine yndlingsforfattarar, spurte eg. Nei, det visste dei ikkje - men dei var og glade i dikta hans. Sa dei, åtte- og niåringane mine.
Siste veke hadde eg mange aktivitetar på biblioteket. Noko for ein kvar alder.
Barnehagebesøk er allstøtt triveleg. Då er det høgtlesing og song.
For dei godt vaksne hadde vi avslutning for datakurset som har gått over 3 føremiddagar. Der har "gamlingane" lært både tekstbehandling og vore på Internett.
Vi var så heldige at Margaret Skjelbred kom på forfattarbesøk ein kveld. Det var gama, og ho fortalde så levande om bøkene sine - og serleg då om "Mors bok". Kaffe og kake serverte vi, og det vart nokre trivelege timar for dei 18 frammøtte.
Veka vart avslutta med "skattkistefesten".
Sjølv små kommunebibliotek har mangt å by på for sine brukarar.
Gå innom ditt lokale bibliotek du også.
Det er enkelt, nært og gratis