fredag 19. desember 2008

Nå har vi vaska golvet...

Ja, det har eg. Vaska golv, mange gonger. Men eg kan ikkje skryte på meg noko vedbering, for det gjer Hainn te mæ, og han fyrar så det durar i omnan'. Fuggelband har eg ikkje fått tak i, og eg har heller ingen havreåker i år. Eg hadde det nokre år. Vi laga jolenek og stod i sentrum og fraus på fingran' og selde Dei var fine - i utgangspunktet - knytte på den gamle måten. Eg hadde ein stor haug i løa, men då eg tok dei fram i desember, hadde det vore mus i haugen, dei hadde riktig kosa seg, så eg måtte slå fleire band saman for at det skulle bli mat til småfuglan'. Nei, dette vart ikkje noko nisje for meg, nei.

Treet kan eg ikkje pynte, for det er ikkje i hus. I min barndom hadde vi pynta ferdig hus og tre, lislejolekvelden. Men dit eg kom då eg gifta meg, var det andre skikkar. Og ein må jo ta skikken der ein kjem.
(I alle fall ei stund). Her henta dei joletreet på jolekvelden. Og det skulle vi pynte når jola vart ringt inn. Men vi endra fort på den skikken, og no får vi treet i hus på lislejolekvelden, og vi pyntar det den kvelden.

Vogga kan eg godt rugge på, for der ligg jo Bjørn Helge. Bjørn Helge vert 54 år på jolekvelden, og han er framleis gullande snill. Han er ei babydokke , kan skrike om du legg han på magen og han kan late att augo når han søv. Den dokka hadde eg sett i eit butikkvindauge , der dei selde dokker og barneklede. Heile hausten i 1.klasse sparte eg alle øra eg fekk. Kroner var det ikkje så mange av, den gongen, og eg kan minnast at han kosta 45 kr. Nokre dagar før jol mangla eg enno 15 kr., og eg vona at eg fekk pengar til jol så eg kunne handle på nyåret. Syskenbarnet mitt, han Knut, hadde sagt at han ville gje meg 3 kr. i gåve, så eg hadde ei von om dokka.
Stor var gleda då eg fekk ei veldig stor pakke på jolekvelden, og eg kunne mest ikkje tru mine eigne auge då eg såg dokka . Han hadde ordentlege babyklede, og han smilte til meg. Det var gått gjetord i familien at eg sparte til denne dokka, og det var mange gåvmilde gjevarar som ville glede meg.
Namnet hans berre kom av seg sjølv. Stundom leika vi at han var jente, då var namnet Rikke.

Eg kan godt dra krakken bortåt glaset og finne leia til jolestjerna. Den skin ikkje over noko jordmorhus her i bygda, men over den spesielle fjelltoppen vi har. Segna om det fjellet seier at den dagen 7 systrer gifter seg med 7 brør, skal fjellet ramle ned. Men eg er ikkje redd for det. Folk får så få born no til dags.

Alle veit at det er Alf Prøysen som har skrive Julekveldsvisa. Med sine 7 vers rommar den heile joleevangeliet. Så enkelt kan det seiast.
-"og såmmå å som hende er stjerna like stor
-du ser a over taket der a Jordmor-Matja bor".

tirsdag 2. desember 2008

Vi lister oss så stilt på tå...

og framhaldet? Akkurat, - alle kan vel den songen:
"når vi skal ut og røve, vi røver bare det vi må og det som vi behøver."

Dette er moralen hos dei 3 røvarane i Kardemommeby, men kan vi godta det? Kan ein berre forsyne seg av andre sine ting, berre fordi ein må ha det - eller akkurat då treng det?
Desse røvarane lyt tenkje på kva det fører med seg å ta frå andre. Greit, du kan få noko av meg om du spør. Men du skal ikkje berre kome og forsyne deg. Ja, men du har så mykje, seier du - meir enn det eg har.
Ja, men eg har kanskje spinka og spart for å få akkurat den bilen eller den datamaskina.

Er dette noko å skrive om i desse adventstider, spør du. Ja, folkens, sei til alle de kjenner, kjeltringar eller andre og be dei halde fingrane frå fatet. Fortel dei om at dei gjer vanlege folk utrygge . Og tenk på dei kostnadene dei gjev samfunnet. For ikkje å tale om kor forarga ein vert.

Eg sit stundom i Lagretten eller er meddomar i ei straffesak. Du får melding i god tid om å møte til førehavinga i retten, men det passar sjeldan eller aldri.

For nokre år sidan hadde eg tinga teaterbillettar til Piaf-framsyninga i hovudstaden, og dotter mi og eg gledde oss til framsyninga. Nokre veker før teaterbesøket fekk eg melding om ei rettsak, og eg kunne ikkje seie at eg skulle på teater. Men eg sa frå den gongen eg skulle på studiereise som var betalt og ordna - og vart friteken.

Men no skulle eg vere i Retten ei veke i jolestria. Berre fordi ein eller annan kanskje har gjort noko gale.
Og ikkje nok med det. Hainn te mæ og eg skulle eigentleg på ein liten førjolstur, men den gjekk jo i vasken.

Men ei plikt er ei plikt, og så fann eg til slutt ut at kanskje kunne eg på denne byturen få unna jolebrevskriving, lesing og strikking om kveldane. For då hadde eg fri. Eg var innstilt på denne jobben, så eg vart i grunnen skuffa då eg vart skutt ut og sendt heim same dagen. Lagretten hentar inn 16 personar, men berre 10 skal sitje i juryen. Ved loddtrekking måtte vi andre reise heim. Men eg hadde alt brukt ein heil dag på å kome dit, og bussturen var lang, og alt kostar. Det må samfunnet betale. Dersom alle heldt seg i skinnet og greidde seg med det dei får tak i på ærleg vis, hadde staten spart store summar.

søndag 23. november 2008

Nei, nei, gutt. Dette må bli slutt..

Desse - og andre ord av Margrete Munthe har følgt meg i mange år. Ein skal ikkje berre storme inn i stoga og kaste frå seg lua, eller jakka. "Jeg takker borte, jeg takker hjemme, og si takk må jeg aldri glemme." Har du vore borte og fått "koka-mat" skal du takke med handa. Elles er det nok å seie takk for mat. Når vi fekk ei gåve, skulle syster mi og eg takke med handa og neie, og Guten i familien måtte lære seg å bukke. Dette var noko av det vi lærde heime. Kunne vi oppføre oss og ikkje finne på noko tull, kunne ho mor sende oss ut i verda.

Men korleis er det med denne lærdomen i dag? Vel, vi kan stille spørsmål med somme av songane til Margrete Munthe, men dei lærde oss folkeskikk. Eg las i avisa her ein dag at på ein skule sør i landet måtte borna dagleg handhelse på læraren. Læraren såg på kvar einaste elev, og samstundes lærde ungane seg til å helse.
Eg var leiar i ein 4H-klubb ein gong. Dagen for Haustfesten kom, og alle borna stod på rekkje og rad og fekk diplom og sylvskei. Det var svært få av dei rundt 20 borna som takka for det dei fekk med å rekkje fram handa. Eg var flau på deira vegne. Neste år tjuvtrena vi i god tid på å rekkje fram handa og seie takk, og då var det ein flott gjeng som høfleg og stolt tok i mot vitnemålet på at dei hadde fullført oppgåva si.

Borna lyt lære dette i heimen. Det er der den fyrste påverknaden kjem. Men stundom kan ein undre seg over andre tilhøve au som påverkar dei små. Ungane påverkar kvarandre, i barnehage og skule. Denne påverkninga kan vere sterkare enn den som kjem frå foreldra.
Kvifor er det slik at somme fargar er for jenter og somme er for gutar? Gutefargane kan jentene gjerne bruke, men å setje på ein liten gut ein rosa genser eller ei rosa lue? Fysj og fysj.
Er det framleis slik, tenkte eg - og ville gjere eit eksperiment. Eg strikka eit rosa sokkepar og sende det til ein gut på vel 3 år. Syster hans på vel 4 år fekk grøne sokkar. Gjekk dette bra? Nei! Gutungen nekta å bruke rosa sokkar, medan syster hans godt kunne bruke båe para. Så spør eg. Er det i barnehagen denne indoktrineringa kjem? Eller er det alt frå fødeavdelinga? Derifrå kjem denne soga:
2 nyfødde låg i kvar si seng på fødeavdelinga. Er du gut eller jente, spurte den eine. Eg veit ikkje, var svaret. Enn du då? Eg veit heller ikkje. Men vent skal eg sjå, sa ungen og kikka under dyna. Eg er gut.
For eg har blå sokkar!

fredag 7. november 2008

Og ded var Danerkongins son...


Og ded var Danerkongins son
stakk ormens hovud på eit spjut:
de helsar Lyselin, stolte jomfruga
at hon vil koma herut.
Og ded var Danekongins son
han kom der ridand i gård
og ded var stolte jomfruga Lyselin
hon ut af vindauga såg.



Denne puta er laga i ein spesiell handarbeidsteknikk som eg ikkje har namnet på. Puta er laga av vår venninne i England. Motivet på puta framstiller ein del av innhaldet i folkevisa om Lindarormen. Den er laga spesielt til ein utskoren stol, og det e sjølvsagt Hainn te mæ som er treskjeraren. Puta og stolen passar saman med emnet mitt, namn frå eldgamle dagar, frå arils tid, frå den tida då folk gav borna sine naturnamn.

Jentenamn:
Bjørg, Bjørk, Erle, Gry, Lin, Linnea, Liv, Rose, Silje, Siv, Sol, Vår.

Gutenamn:
Aril, Ask, Berge, Bjørge, Bjørn, Dag, Elg, Elvar, Hauk, Leiv, Mår,
Ottar, Ravn, Rein, Sjur, Stein, Svale, Ulv, Ulvar, Varg, Ørn.

Dersom du, ja, akkurat DU, som les denne bloggen kjenner somme som nettopp har fått born, fortel dei at det er så mange flotte namn. Ikkje alle treng å heite Sebastian, Nikolai eller Ida.


Denne stolen t.d. er laga av ein som heiter Knut. Eit anna gamalt og flott namn.


søndag 2. november 2008

Og Olav heet son, og Olav heet far...

Og Olav heet son, og Olav heet far,
det Olav paa Olav var,
solenge som det var spurt til Mann
som eigar av Nordigard.

Dette verset er henta frå Storegut av A.O.Vinje, og eg tykkjer det høver godt i starten av dette blogginnlegget.
NAMN skal vere temaet i dag. "Å skriv' navn" - var noko vi brukte å gjere i gamle dagar, før fjernsynet hadde gjort sitt inntog i "de tusen hjem".

Klar, ferdig, gå! Skriv jentenamn på D. Slik var ordren frå Stora, og 3 ungar - 4 når vi var på sommarferie- skreiv så blyanten fresa. I alle fall Stora. Ho hadde lese Snorre, og ho hadde lagt merke til snodige og artige namn når ho gjekk tur på kyrkjegarden med mor si. Der var det mange flotte namn, og det var om å gjere å minnast dei. Dei yngre syskena tykte ikkje noko om denne leiken, for dei visste at dei kunne berre vanlege namn. Og der var det ikkje mange poeng å få.

Denne interessa for namn har halde seg. Enno er eg rundt omkring på kyrkjegardar og les namn, men eg les og fødselskunngjeringar og dødslysingar. Det er så mange herlege namn frå gamle dagar, og så mange kjedelege namn folk brukar i dag. I namnestatistikkane kan vi lese kva for førenamn som er mest populære. Er det slike namn folk vil ha på ungane sine?
Dersom du står på ein skuleplass i Oslo og ropar Emma eller Markus eller Lea eller Tomas - så kjem det ein brote med ungar springande. Men ropar du Herdis, Jofrik, Vermund eller Asgerd - så kjem det ingen. Det skal eg vedde på.

Eg lurar på kva folk tenkjer når dei skal gje ungane sine namn. Oppattkalling er greitt nok. Men oppattkalling er ikkje oppattkalling, meiner eg, når det berre står om førebokstaven. Når bestemor Mari og bestefar Kåre vert til Michelle Chathrine eller Ben Ronny er oppkalla etter oldefar Bjørgulv, då kan dei gamle snu seg i grava. Det var ei stor ære og ein sjølvsagd ting å bli oppkalla.

Oppkalling er det mykje slutt med i dag. Dei eldre treng kanskje ikkje kjenne seg svikne om borneborna får andre namn. Men dei er nok opptekne av at borna får namn som gjev glede og ikkje skam. Og norske namn gjer at vår heimlege namnearv vert førd vidare.Som Ivar Aasen seier det i songen: "...at når fedrane sjå att på jordi, dei kan kjenna sitt folk og sitt land".

Her har eg laga ei liste over namn eg har funne i eit par store aviser det siste året:
JENTENAMN: Aline, Andine, Anina, Angelica, Alseda, Asgerd, Asora
Borgunn, Cassandra,Eialin, Eili, Eiri, Freidis, Gølin,
Hane, Hagny, Henna, Hildri,Ingeride, Iril, Ithilie, Ive,
Jasine, Jørgny, Laurine, Margine, Mode, Oddlaug, Siglinde, Sindri,
Theodine, Thilla, Tia, Tomally, Tønni, Tåre, Vega.

GUTENAMN: Adler, Alde, Bergtor, Bergsvein,Eimund, Eiler, Folmar,
Hallgrim, Hartvig, Heli, Herdag, Hogne, Haagen,
Jofrik, Jonar, Jorodd, Judolf, Kolgrim, Magnulf, Mimen, Modolv
Neving, Niri, Skage, Skjak, Tolli, Tyke, Vedstein, Vermund, Viljar,
Øyalf, Årstein.

Namn med ein spesiell stavemåte: Alic, Audunn, Biörn, Elinn, Linnëa, Søllvy,
Torsander, Trånd, Wetle.

Og dei tøffaste til slutt:
Audun Jarl og Frigg Ottar er sysken; det er også Hauk, Eira og Jardar. Likeså med Eiri, Bjor og Tyri.

Har du nokre namn eg kan ta med på listene mine. I jola skal vi ha familieselskap med tevling. Då vil Æ SKRIV NAVN.

fredag 31. oktober 2008

Det hev ei rose sprunge..



Det hev ei rose sprunge ut av ei rot så grann.
Som fedrene hev sunge, av Jesse rot ho rann,
og var ein blome blid
midt i den kalde vinter
ved myrke midnatts tid.

Um denne rosa eine er sagt Jesajas ord.
Maria møy, den reine, bar rosa til vår jord.
Og Herrens miskunnsmakt
det store under gjorde
som var i spådom sagt.

Guds rosa ljuvleg angar og skin i jordlivs natt.
Når hennar ljos oss fangar, ho vert vår beste skatt.
Me syng i englelag:
No er det født ein Frelsar,
og natti vart til dag.

Etter ein tysk song frå 1500-talet ved Hognestad.

Denne songen har eg nynna på og sunge i heile oktober. Ikkje for at det er jol snart, men fordi eg har så fine roser i vinterhagen. Eg hadde gule og raude potte-roser på verandaen i heile sommar, og dei stod lenge med blomar. Så vart det haust, og jammen kom det nye knoppar. Eg var redd dei ville fryse for meg og bar båe krukkene inn i vinterhagen. Der er det no flotte raude og gule roser - og endå mange knoppar. Dei vil glede meg i mange haustveker. Og eg syng - kvar gong eg går forbi dei.
Det er dei små gledene som er viktige.

fredag 24. oktober 2008

Haustbrev



Haustbrev
er tittelen på dette diktet av Ingebjørg Kasin Sandsdalen:

Jorda tenkjer tungt om hausten.
Båten driv -
Skogen talar mildt med vinden.
- Korte liv.

Bekken fløyter lauv i oset.
Rognen blør.
Mosen legg si hand på steinen.
Ingen spør,-

ingen spør kva steinen kjenner
mot sitt kne.
Snøen legg si hand på mosen:
Vi er tre.-

Grana dreg si svarte kutte
tett ikring.
Bjørka legg sitt slør om foten.
Ingenting--

ingenting til vern mot kulden.
-Korte liv.-
Vatnet voggar siv i sanden.-
Båten driv.

Det er triveleg å få skjermbrev. Artig å få kommentarar på bloggen. SMS på dialekt får meg til å le. Men toppen, det er å få eit brev -eller ei pakke i posten. Å sitje der med det uopna brevet - eller ei pakke, sjølv om du ikkje har bursdag. Ei slik pakke fekk eg i går. Med den nye CD'en til Herborg Kråkevik og eit nytt og fint bokmerke. Og Hainn te mæ fekk kaffe. Han måtte smake på kaffen, sjølv om det var kveld, og nattesvevnen vart borte.

To sjeler og ein tanke: For medan eg opna pakka, visste eg at mi pakke og var på veg.
På slutten av seksti-talet, då eg var student i hovudstaden, fekk eg pakker heimanfrå. Den gongen var nok studentane fattigare enn no, og det kom godt med å få ei sending frå heimen. Ofte med ei pakke spekepøls' og noko te, ei kopptu' og litt sjokolade. Sjokoladen kom frå tante som jobba på Nidar, og alt anna kom frå mamsen.
Det er tanken bak som tel mest, det tenkte eg på då eg putta tyggis, papirlommetørklær, sjokolade og masse avisutklypp i posen eg sendte til studenten min i hovudstaden.
Takk til posten som let meg bruke frimerka omatt. Ja, dei var ikkje stempla fyrste gongen eg fekk konvolutten. Og no høyrer eg frå studenten at ho og kan bruke konvolutten igjen. Posten har ikkje stempla no heller. Dette er då gjenbruk på det beste!

tirsdag 21. oktober 2008

Det kissebær eg gjev deg...



Denne songen har eg leita etter lenge. Eg kunne noko av den norske versjonen og noko av den engelske. Men til dette biletet eg tok i august, måtte alt vere med.

Det kissebær eg gjev deg har ingen stein,
den kjuklingen eg gjev deg har ingen bein,
den soga eg fortel deg har ingen slut,
det barnet som eg gjev deg har inga sut.

Koss kan det vere kiss'bær og ingen stein,
koss kan det vera kjukling og ingen bein,
koss kan det vera soger og ingen slut,
koss kan det vera småbarn og inga sut?

Eit kissebær i bløming har ingen stein,
ein kjukling inni egget har ingen bein,
og soga om vår kjærleik har ingen slut,
eit barn når det er sovna har inga sut.

Til norsk ved Hartvig Kiran.

Eg gjekk til mitt lokale bibliotek og leita etter songen i alle dei visebøker der var,og eg visste at Hartvig Kiran hadde omsett denne. Fekk hjelp av eit nabobibliotek, som søkte i basar og fann boka som songen stod i. Boka vart tinga frå fylkesbiblioteket. Men akk, boka hadde kome bort!
Eg skulle til Oslo og gjekk opp på sjølvaste Deichmann. Der fann dei ut at boka var utlånt. Vel heime, tinga eg boka i biblioteket i den næraste storbyen, og etter nokre dagar var boka på plass i mitt lokale bibliotek. Det er Noregsbiblioteket på sitt beste.
Ein kan sitje heime og søkje fram boka, tinge den t.d. i Risør bibliotek og hente den på Marnardal folkebibliotek. Og jammen kan eg levere att boka i Sirdal eller Evje - om eg no er der!

Lån og levér kvar du vil. Bibliotek er toppen!!

Men når eg no har fått tak i "Viser om kjærlighet fra mange land", redigert av Tone Bergli Joner, må eg også ta med den opphavelege, amerikanske folkevisa, "The Riddle".

I gave my love a cherry that has no stone,
I gave my love a chicken that has no bone,
I gave my love a ring that has no end,
I gave my love a baby with no cryen.

How can there be a cherry that has no stone?
How can there be a chicken that has no bone?
How can there be a ring that has no end?
How can there be a baby that has no cryen?

A cherry, when it's blooming, it has no stone,
a chicken when it's pipping, it has no bone,
a ring - when it's rolling, it has no end,
a baby when it's sleeping, has no cryen.

No skal eg lære meg denne songen. Så skal eg levere att boka - og låne meg ei ny. Frå mitt bibliotek, eller frå eit anna. Eg kan faktisk låne frå alle bibliotek i heile Noreg.

lørdag 11. oktober 2008

Det var ein gong...



ja, det var den gongen at dei tre Bukkane Bruse skulle heim frå støylen. Dei hadde vore på heia heile sumaren. Dei hadde reist dit tidleg, så dei fekk med seg alle dei gode urtene på støylsvollen.

Men så var det ein dag i siste veka. Då fekk dei høyre at snøen låg i Tveitebølia og på Hommfjødd. Graset hadde gulna, og det var ikkje rare smaken på det. Men dei visste at nede på jordet låg det fullt av traktoregg eller kumatpakker, som sume kallar dei, og dei visste og at i tadden ville det vere godt og varmt å vere i vinter. Difor tok dei på heimveg. Men på vegen kom dei til Joresåne, og dei måtte over brua. Men kven bur under den brua?? Dei tre bukkane greidde seg, takk vere den største bukken som stanga trollet i fossen. Til stor jubel - frå store og små som såg det heile.


Katten med støvlane var der og. Og han fortalde dette eventyret for små og store som hadde funne eventyrstien den vakre oktoberkvelden i bygda mi. Vi hadde kulturveke, med tilskipingar kvar kveld. Noko for store og noko for små. Bygdekvinnelaget hadde i samarbeid med folkeakademiet laga til ein eventyrsti. Opp dei bratte bakkane frå Preststøyl stod , sat eller låg 8 eventyrfigurar, og dei som gjekk stien , skulle gjette kven desse figurane var. Der var m.a. reve-enka, prinsessa som ingen kunne målbinde, prinsessa på erta, den sjette og sjuande far i huset og Oskeladden. Og alle var så fint pynta og måla at dei 80 - 90 menneska som gjekk forbi, var opp i under. At konene i bygdekvinnelaget kunne lage til noko så morosamt!


Då alle hadde gått over brua (trollet låg heldigvis under fossen) og var komne til samlingsplassen, vart det servert trollpølser og heksesaft til alle.


Folk kosa seg i den flotte oktoberkvelden. Borna hadde det moro, og det var litt skummelt, tykte dei minste. Alle sa det var ei flott oppleving, og denne tilskipinga ynskjer dei og neste år.

For kulturveka kjem kvart einaste år. I bygda mi.



mandag 22. september 2008

INDIAN SUMMER, INDIAN SUMMER....


"Løvet gulner,potetgræsset var vokset høit op og stod i blomst, jagttiden kom igjen, jeg skjøt ryper, årfugl og harer, jeg skjøt en ørn en dag. Stille, høi himmel, svale nætter, mange klare klange og skjære lyder i skog og mark. Stor og fredelig hvilte verden....

Indian summer, indian summer. Stierne lå som bælter ind gjennem den gulnende skog, en ny stjærne kom hver dag, månen skimtedes som en skygge, en skygge av guld duppet i sølv...."

Desse orda har eg henta frå "Pan" av Knut Hamsun.


Indian summer - det var slik laurdagen var. Sval morgon, men då sola sto høgt på himmelen, varma ho så godt at både genser og skjorte vart kasta der vi sto i potetåkeren. No var det innhausting. Potetgraset var slått, og det var berre å spa opp. Hainn te mæ sto med grevet, og eg var klar til å plukke. Snøgg - tidlegsorten- var like stor og flott som vanleg, og det vart god avling både av den gamle sorten Kong Georg og Pimpernell. Inn i den gode, gamle potetkjellaren. Og der er det og plass til gulrøtene. Berre eg legg dei i fuktig mose ,vil dei vare til våren. Det ser ut til å bli ei bra avling. Lauken heng alt til turk på stabbursveggen.

Tyttebæra er alt i frysaren, likeins blåbær og rips. Solbærsaft og eplesaft på flasker. Det er berre elgkjøtet og lammekjøtet som manglar. Men så kan vi gå den lange vinteren i møte.


Slik er det i Noreg. Den nederlandske ungdomen som budde hjå oss ein sumar, tykte det var rart at eg dro så sjeldan til handelmannen for å kjøpe middag. Vi treng ikkje det, når vi har frysarar, meinte eg. Mor hans hadde ikkje frysar, men så måtte ho handle kvar dag.


Eg kan minnast vi las "Pan" det fyrste året på gymnaset. Høgtlesing, og eg , ja ikkje berre eg,skjøna ikkje kvifor frøkna lo då Oskar las det slik det sto - indian summer. Ja, kva var det no eigentleg som summa?

Vi fekk jo snart greie på at det var eit uttrykk for varm seinsumar. Det var mangt ein fekk lære på skulen.

onsdag 10. september 2008

Langt i det fjerne, bak fjellene blå...

I sumar var eg i fødebyen. Eg var der i 14 dagar og farta rundt på kjende og ukjende stader. Ein dag tok bror min meg med på ein haug eg aldri hadde vore på. Eg som hadde sykla og gått rundt i dette nabolaget i to tiår, men her hadde eg aldri sett mine bein. Vi kunne sjå vidt. Og der såg eg jammen huset eg hadde budd i heile barndomen min. Eg kunne ha sett vindauga, hadde det ikkje vore for nokre store tre. Eg såg huset der mamma budde til ho var godt over 90 år, og der var kyrkja vår.



(Dobbeltklikk på biletet for å sjå det stort)

I eit husvære på 2 rom og kjøken budde vi, mor og far og 3 born. Ikkje kan eg minnast at vi hadde det trongt. Men det hadde kanskje mamma sin familie. Dei budde i det same husværet med mor og far og 7 born; og far min budde i" leiligheten over gangen" saman med foreldre og 8 sysken.

Ofte er det slik at der det er hjarterom, er det husrom. Eg kan minnast den gongen 2 av syskenborna våre skulle bu ei veke hjå oss. Men kor skulle dei liggje? Mamma visste råd. Ho putta alle 5 borna i storsenga (dobbelsenga), og ho la oss på tvers i senga. Då vart det best plass.

I dag vert ungane putta på kvart sitt rom når dei er små. Så kjedeleg! Vi hadde det morosamt om kvelden når vi hadde lagt oss. 3 ungar har mykje å tale om , og det vart ofte høglytt latter. Då kom mamma inn og sa at no sløkkjer eg storlyset. Men fyrst måtte vi fortelje ferdig soga, eller lese ut kapittelet i boka. Syster mi og eg låg stundom og øvde oss på "Peer Gynt". Vi hadde boka med, og vi spela dei ulike rollene - der vi låg i senga. Den dag i dag kan eg lange remser av "Peer Gynt" utanåt, berre fordi vi kosa oss med den boka om kveldane.

søndag 31. august 2008

Tida smyg seg umerkande fram...

Ja, tida skrid fram, mest så vi ikkje merkar det.
Det kunne vere i vår, eller i fjor vår, at den vesle i huset skulle vere med og få sauene til fjells, for fyrste gong. Ho var vel 4 eller 5 år.


Vegen opp på heia er steinete og bratt. Store og små steinar har trilla ned bakkane, og det er ulageleg for ein liten fot å finne feste. Sjøla går foran med saltposen og ropar på sauene. Dei kjem, den eine etter den andre, og lamma spring hit og dit. Den vesle hyrdingen og pappan går bak og prøver å halde orden på rekkja av dei brekande dyra. Det er varmt, og det går seint.

Sjøla går eit godt stykke framom flokken, og på "kvilsteinen, dom kalle" legg ho 2 Foxar og 2 Twist-bitar. Det er for høgt til at sauene kan få tak i dei, men lågt nok til at den vesle hyrdingen i stuttbukse og ull-undertrøye kan sjå dei.

"Pappa, sjå her. Kven kan ha mista godteriet sitt akkurat her?"
Og pappan som har skjøna opplegget til Sjøla, seier at dei berre kan ete det. "Ja,men dei som har mista det, vil vel kome og leite etter det?" Seier den vesle hyrdingen, medan ho rister på flettene for å halde flugene vekk frå andletet.

"Det er nok berre Tor som har mista det," seier pappan, "og han vil vel heller at du skal ete godteriet enn at reven eller jasen finn dei. Dei kan jo ikkje vite at dei skal ta av papiret ein gong."



Nøgd med svaret puttar hyrdingen godteriet i munnen. No har ho fått nye krefter, og då dei finn meir godteri lenger oppe i bakken, smiler ho over heile andletet og viftar til ho som går framom, og ropar at ho skal få sjå noko løyndomsfullt, når dei skal gå ned att.

Hyrdingen har vorte vaksen og har sterke bein å gå på.
Men Sjøla og Sjølen har vorte gamle og fått stive bein og krokete kne. Men på heia ville dei. Også i år. Men no utan sauer.

Dei kom seg av garde, sekkane var ikkje så tunge som før, og no brukte dei vandringsstavar. Opp bakkane gjekk det heller smått, men dei kom seg fram.
Då lyste det noko gult på ein stein ved stien; det låg ein Fox der. Sjøla måtte sjå to gonger, ja, det stemde. Ho vifta til Sjølen og synte det gule papiret. Foxen hadde ho alt i munnen, og den gav henne nye krefter. Då dei var komne på høgste heia, og kreftene heldt på å ebbe ut, feste dei augo på endå ein steinvarde med noko gult på. Der låg det to nye Foxar, og dei gamle tok kvar sin og sette seg ende ned. Det var godt å kvile, og smattande på karamellane gjekk tankane attende til den gongen det var dei som la ut lokkemat.

Denne gongen var det dei gamle som fann godteri på støylsvegen, godteri som gav nye krefter, og ein god latter. Men og vemod når gamle,gode minne vart levande i hugen att.

Tida smyg seg
umerkande fram
og hendingane
bylgjer mot
ei framand strand.


Dette verset vart laga av Sjølen då vi gjekk ned frå heia i dag etter å ha teke farvel med 2 ungdomar som langa i veg opp dei bratte bakkane. Utan å stoppe for å finne godteri.

onsdag 20. august 2008

Kanskje kommer kongen...

Ja, Han kom faktisk. Og ikkje berre han. Sonja var og med. Dei trilla inn på tunet, og kongen sjølv sat ved rattet. Kva for ein bil hadde dei? Nei, det veit eg ikkje. Men han var grå, slik grå bil som alle har i dag. Ikkje noko oppsiktsvekkjande som dei raude som trillar rundt på vegane.
Og kvifor kom dei til meg - eller oss? Dei ville berre rundt og sjå korleis folk lever og strevar, og dei hadde fått eit hint om at Hainn te mæ og æ - vi tek imot alle gjestar. Med opne armar.

Kongen kom inn, i den blå boblejakka. Tok av seg støvlane og sette dei på trappa, og han gjekk inn og stilte seg ved glaset for å sjå på utsikta. Sonja måtte ein tur på badet, kanskje fiksa ho litt på frisyren, men etterpå kom ho og vart med meg på kjøkenet. Dei hadde jo ringt berre eit par timar på førehand, så eg hadde ikkje fått ordna med noko serleg med maten. Nei, dei ville ta det vi hadde. Dei var greie slik. Så eg sette Sonja til å vaske salaten, medan eg sjølv sette på potetan', steikte sauekjøtet og laga den kvite sausen. Lokal mat, tradisjonskost, det var det dei ynskte seg.

MEN eg vart jo - som vanleg- ståande der på kjøkenet, Sonja gjekk ut til Sjølen og Hainn te mæ. Kva dei prata om, veit eg ikkje.
Det sto ingenting i avisa i dag tidleg at dei har vore her, ingen fotografar eller bladfykar var med på ferda. Og Hainn te mæ skjønar ikkje kva eg talar om når eg spør om dei hadde det kjekt i lag.

Ja, eg må nok berre innrømme det. Det var ein draum. Men den var så levande at eg mest trur det har hendt. Ja, kven veit?

søndag 17. august 2008

Skal gamal venskap kverva bort..

Eg har nett hatt ei fantastisk oppleving. Ein "ven" som sto meg nær for nokre år sidan, har vore borte frå meg og ute av tankane mine eit bel. Men no treftest vi att.

Det var ein vakker seinsumardag. Sola vermde godt, og det var mykje folk og fe ute. Alle ville få med seg denne vakre dagen. Det var kjøleg frå morgonen, men eg var så heldig at eg snart kunne kaste jakka. Og der sto eg - plutseleg- nær henne. Ho såg på meg. Kunne det vere attkjenning i dei brune augo? Dei brune augo som no skein mot meg, stundom kunne dei vere noko ljosare, og dei har eit snev av gult i seg. Dei brune krøllane rundt øyro var like mørkebrune som før. Ho hadde med familien sin. Dei to borna hennar var like flotte som mora. Faren var og med, og det er sjeldan å sjå så stolt eit eksemplar av arten.

Eg hadde mest tårer i augo der eg stod framanfor dei. Ho kikka på meg, og eg strauk henne over augo. Nei, gamal venskap skal aldri kverva bort!



No lyt eg verkeleg prøve å få lagt ut bilete, så alle kan sjå kor flott ho er. Men eg tru ikkje det vert i dag.

tirsdag 29. juli 2008

Sumarselskap



Heldig er den som har ein hage og attpåtil er ein ihuga grønsakdyrkar. Er det då noka sak å invitere til sumarselskap? Ein stor salatbolle må ein ha, og så er det berre å gå ut i hagen og hente inn salat og reddikar.



Ja, ta inn noko graslauk, pipelauk og grave fram kvitlauken. Nokre ingrediensar må eg nok kaupe, men nypotet' til potetsalaten har eg, litt dill og persille og store rabarbrablad til å dandere spekematen på. Ringblomane er dekorative i salaten, og ikkje å forgløyme agurkurten (borago) min. Blå blomar i rjomedressingen eller til pynt på kaka, det er prikken over i'en.



Basilikumen gror så godt, og med alle dei plantene eg har, har eg nok til heile hausten. Noko må eg vel tørke.
Bergamott- eller etasjeblom - eller hestemynte- har så vidt starta bløminga, dei raude hovuda pyntar òg godt på eit salatfat. Ertepesjene er små, men sers gode i potetsalaten.



Eplesafta vi pressa i fjor haust og vinter, har vi enno nokre flasker att av i frysaren. Let eg ei flaske stå nokre dagar på kjøkenbenken, er det ikkje lenge før det brusar i henne. Den herlegaste eplecider kjem frå hagen min.



No er det tida for fråtsing av jordbær. Vi et alt vi maktar. Som bestefaren til "Lille Tre" (av Forrest Carter) seier til barnebarnet sitt at han kan like gjerne ete opp all blåbæra med ein gong. Uansett - det skal jo i magen.

O du herrlege sumartid, måtte du vare lenge...

søndag 27. juli 2008

Orms veg på berget


Har du ein hage og eit bibliotek har du i grunnen - nesten alt. Har du attpåtil ei gamal støylsbu i fjellheimen og høve til vandringar dit, har du ikkje noko å klage over.



Denne støylsbua har eg vitja nesten kvart år i snart 40 år. Den fyrste turen Hainn te mæ og eg tok i 1970 vart unnagjort på vel 2 timar. Men då vi gjekk dit tidlegare i sumar, brukte vi nærare 4 timar. Var sekkane våre tyngre no? Eller var det berre det at føtene ikkje er så spreke lengre? Avstanden har i allefall ikkje endra seg, bua ligg der ho ligg. Sekkane er ikkje tyngre; vi - eg - har lært å berre ta med det mest naudsynte. Ikkje noko tjukk bok lenger; dei siste åra har Hainn te mæ og eg hatt med ei bok på deling, og vi har hatt høgtlesing om kveldane. I ljoset frå parafinlampa. Den siste boka vi las på denne måten var "Orms veg på berget" av Torgny Lindgren. Denne boka vart også i år aktuell - i alle fall tittelen. For ein orm vart observert på berget, like ved der vi har eisa, der vi kokar og har alle ute-måltida.

I år hadde vi ikkje med bok, men 2 ungdomar var derimot med på ferda. Dei hadde starta turen før gamlingane, og Hainn te mæ venta at kaffen var klar når vi kom fram.





Det var derimot eit underleg syn som møtte oss. Alt av inventar og utstyr var bore ut på vollen, og dei to unge var opptekne med å brenne saker og ting på bålet. "Saker og ting" viste seg å vere alt vi hadde av tørrfor. Som ris, spaghetti, makaroni og havregryn. Alt var uspiseleg. Mygla og fælt.

Kva hadde hendt? Dei unge hadde kome til ei hytte som var broten opp. Låsane i ytterdøra og forstogsdøra var brotne opp, og lemmen var teken av det eine glaset.
Det som var borte var noko verkty. Ingenting anna sakna vi. Men dei som hadde brote seg inn vart kan hende skremde av det dei såg inne i bua. Der var alt kaos. Vedkassa sto midt på golvet, stolar var velta og i skåpet stod det vatn i koppar og krus. Ingen forlet jo bua si slik når dei reiser.
Men dette har og skjedd tidlegare. Vi slo opp i hytteboka (som heldigvis låg på øvste hylle i skåpet og ikkje hadde vass-skade), og der hadde Hainn te mæ opplevd det same i 1994.
I vinter var det mykje snø, og den smelta bråfort. Vatnet som smelta rann truleg på overflata av den harde snøen, og samla seg i ein svær dam som vinden hadde forma rundt hytta - og vatnet trekte etter kvart inn i hytta - og der stod det ca. 70 - 80 cm opp på veggen. To gonger har det skjedd på 14 år, og aldri har det skjedd tidlegare. No då vi reiste frå hytta, hengde vi opp alt vi kunne under taket, og vi brukte berre dei øvste hyllene i skåpet.

Om våren når dette hender er det uråd å kome seg inn til støylen.
Korleis kan vi då hindre dette i framtida?








søndag 20. juli 2008

Hare på ferde...



Ja, akkurat - kven har vore i grønsakhagen min og ete toppane av bøneplantene mine og og øydelagd alle mangold-plantene mine?? Er det kanskje ein harepus?? Helene harefrøken som er så nuskat og god, ja, heilt til ho går i kjøkenhagen til folk. Til folk som i år verkeleg legg seg i sela for å få premie i jordbruksklubben (den einaste i landet), og ikkje berre vert den evige firar.


Etter turar både hit og dit sette eg meg fore å luke og å få sving på kjøkenhagen. Det er kanskje lurt å vere borte i 14 dagar, så ser ein korleis veksten er. Gulrøter og lauk sto fint, og med tynning og luking vart det riktig flott. Boragoan' mine var store, og saman ringblomane pyntar dei opp alle salatbollar. Men kvifor tek ikkje harepus og et av salaten eller dei raude reddikane?


Eg har verkeleg tenkt å henge opp noko med lyd på erte-hesja mi, men utrangerte CD-plater er det vel ikkje noko hjelp i. Skal eg finne fram små klokker frå jolepynten? Irriterande er det, og eg klaga mi naud til dei to domarane som alt har vore her på si fyrste synfaring.


Sumarvarmen let vente på seg her sør, men det er allstøtt ting som må gjerast. Hainn te mæ er atter oppteken av sine gamle hus. No har han flutt badstoga, ei riktig gamal ei, og det er stokkar som må skiftast ut.


Dotter vår er heime på ferie, og ein student må ikkje berre liggje og dra seg. Så ho har sett i gong med å beise løa. Løa er stor og høg, og mor må vere med og halde stigen. Snart har det gått med 30 liter beis, og vent og kirsebærraudt vert det. Eg har ikkje sans for grøne løer, eller gule - nei raude må dei vere. Dei står så fint til dei grøne trea vi omgjev oss med.

Det var full bløming i eplehagen i vår, og det vert stor avling. MEN er det rognebær i år? Ellers vil rognebærmøllen slå seg til i epla og øydeleggje avlinga vår.

fredag 11. juli 2008

Wenn jemand eine Reise tut, hat er 'was zu erzählen

Denne byrjinga på eit tysk dikt frå 1786 hadde eg tenkt som overskrift på bloggen etter Estlandsturen hainn te mæ og eg gjorde tidleg i juni . Vi var nokre dagar i Tallinn før vi reiste med buss til øya Muhu. Vi opplevde mangt og mykje, og eg hadde store planar om ei reiseskildring. Men det skjedde andre og viktigare ting i livet mitt. Og eg gjorde på nytt ei reise til fødebyen.

Mi kjære, gamle mor på 96 år fekk slag natt til 18.juni, og vi skjøna at det gjekk berre ein veg. Eg fekk vere hjå henne dei siste dagane og nettene, og eg gret mang ei tåre den tida. Det var ei fredfull stund då ho sovna, fredag morgon, den 27.juni. Eit langt liv var til endes. Men minna vil leve. Det går ikkje ein dag utan at eg tenkjer at mamma sa det slik, eller ho ville ha gjort det sånn. Ho ville ha ei "pen begravelse", og eg trur ho ville ha likt den måten vi syskena ordna alt på. Ho fekk både "Den fyrste song eg høyra fekk" og "Fager kveldsol smiler", og medan organisten spela nydelege tonar før presten kom inn, "dansa" Prinessa på 4 år foran kista til ære for Oldepy. Det hadde Oldepy likt, det er eg sikker på - ho hadde smilt og klappa.

Trondheim viste seg frå si aller beste side denne fredagen gravferda var, det var steikevarmt. Ein slik dag ville mamma ha likt seg i hagen på Tiller, sitjande i ein god stol, med solhatt og med eit ynskje om å bli brun på armane. Vi var der, hennar born, svigerborn, borneborn -sume av dei med ektefeller - og oldeborn. Og det vart ei fin og verdig avslutning på dagen.

mandag 16. juni 2008

Omgrepet"tagging"

Dette omgrepet kjenner eg lite til. Men eg har skjøna - etter å ha fått det nøye forklårt for meg - at eg skal svare på nokre spørsmål.
Så til verket:
1. Kva for namn går du under?
Fornamnet mitt - du - mamma

2. Nemn 3 ting som skremmer deg.
- Fallskjermhopping og dykking
- ufred
- egoisme

3. Nemn 3 ting du helst/ofte har på deg:
- forkle
- briller
- støvlar

4. Nemn 3 sanningar om deg sjølv:
- treng dagleg dose med bokstavar og garn
- elskar trønderviser og Sousa-marsjar
- ihuga grønsakdyrkar

5. Nemn 3 ting du gjerne vil ha:
- Har no fått oppfylt dei 3 ynskja eg har hatt i minst 30 år:
garasje, bislag og veranda. Så i grunnen treng eg ikkje stort meir, det måtte vere seg
- nok av ved i vedkassa når det er kaldt ute
- nybakt brød med brunost
- at dei tekniske vidundera eg alt har må virke no og i all æve

6. 5. setning på side 123 i næraste bok vart i dag:
- Du synest sikkert eg går for langt no, men eg kunne altså tenkje meg ein kopp urtete likevel....

Dette står i "Eg elska ho" av Anna Gavalda.

søndag 1. juni 2008

Så mange bøker, så lita tid

Kvelden lister seg på tå - heiter det i ein barnesong, kvelden er lang og herleg no den fyrste junidagen. Eg har vore ute og vatna kjøkenhagen min som eg sådde ferdig i går, og no er det sol og vatn som skal gjere meg lukkeleg til hausten. I år har eg hatt to slags gulrotfrø, sumar- og vintergulrot. Vonar dei vert så gode og haldbare som dei eg sådde i fjor. Vi har ein god og gamaldags kjellar, og gulrøtene har vore fine heilt til no. Dei siste tok vi opp i dag. Det er luksus å ha sine eigne økologiske grønsaker.
Skal tru korleis squashen vert i år. For 2 år sidan var squashane mine så store som babyar, og på hausttakkefesten i kyrkja vår, kommenterte soknepresten storleiken på squashen min frå talarstolen.

Eigentleg var det noko anna eg hadde i tankane i kveld. 2 år på rad har eg i mai sett meg det mål å lese 50 bøker. Men har eg greidd det? Nei. Så mange bøker, så lita tid. Fyrste året vart det 43 bøker, og no vart det berre 32. Kanskje eg heller må notere meg sidetal. For det er helst tjukke bøker eg les. - så mange herlege leseopplevingar .

Boka eg les framleis er "Saman er ein mindre aleine", av Anna Gavalda, og den er jammen på over 600 sider. Ei herleg bok, om Camille som m.a. ein dag gjekk i ein hagebutikk og "såg på alt som kunne setje i gong dagdraumvideoen i ho: hanskar, gummistøvlar, hagesakser, hønsenetting, såpotter, organsisk gjødsel og frøposar av alle slag." Camille ynskjer seg eit "ordentleg hus med eit stort messingkar til å lage syltetøy i...Eit langt og skikkeleg bondbord og gardiner av kretong....Ein kjekk liten hage, med høner som gav ho dei nydelegaste smilande egg....Eit lite bed med urteplantar, ein peis, velbrukte lenestolar og bøker på alle vegger....Ein komfyr med trekol, der ho kunne ha himmelske biffgryter med gulrot ståande og godgjere seg frå morgonen av...Himmelske biffgryter med gulrot...herregud".
Camille seier ein dag til Franck, ein annan viktig person i boka,: "La klutane og handklea vere i same skuffa, du, livet er artigare når det er litt rot.."
Så sant, så sant.

Det er ein kjærleiksroman, ein roman om å leve og ein roman om å lage mat! Det er livfulle skildringar av dei 4 hovudpersonane. Boka er mykje, mykje betre enn filmen. Som også var god, i grunnen.

Sjølvsagt har også eg lese bøkene til Stieg Larsson, og dei var så spennende at det var vanskeleg å leggje dei frå seg. Og det var også bøkene til Khalid Hosseini: Drageløperen og Tusen strålende soler.
Eg som liker å reise med tog hadde stor glede av "Damekupeen" av Anita Nair. Ein forfattar frå India som skriv om kvinner som ikkje kjenner kvarandre, men som skal tilbringe timar i same togkupe. Dette har også eg opplevd; mange flotte samtalar med heilt ukjende folk, medan mitt tog tøffar opp og ned over Dovre.

søndag 25. mai 2008

Alle har ein draum-

Ugla er attende i reiret sitt etter ei veke på farting, rundt om i landet. Sidan Ugla og husbonden slutta med sau for eit par- tre år sidan, har vi feira 17. mai ulike stader . Tidlegare år var maidagane dei travlegaste dagane i året, med lamming tidleg og seint. Og det er ikkje få lam som har breka seg inn i livet den 17.

Men no er livet annleis. 17. mai på landet er triveleg og flott, og det er 17. mai i byen også.

Vi feira dagen i Trondheim i år. Søstra spurde om vi ville vere med på feiringa utanfor byen, men nei, det var bylarmen eg ville ha. Og jammen vart vi vekte av korpsmusikk, det var plent som i gamle dagar. Morgonen var kald, men med ulltrøye og ullvottar og den berømte halskluten var vi budde på det meste. Det var eit fargerikt barnetog, små og store born i det finaste dei hadde, og det var hurrarop over alt. Det var rørande å sjå dei små skuleborna vifte med flagget og vi høyrde dei syngje - både "Alle fugler" og "Mellom bakkar og berg".

Det artigaste var no Borgertoget. Der stilte dei opp både spreke gymjenter, karar med flotte bartar og mustasjar, korps som både spelte og song, drilljenter, polsdansarar og skigåarar. Alt i ei herleg blanding. Det vart tid til besøk på sjukeheimen og ein god familiemiddag.



Alle har ein draum! Min draum har i mange år vore ein tur til Fosen, og helst til Bjugn. Mange har ledd av denne draumen, og dei har spurt - kvifor akkurat der? Det har no vore mitt ynskje, og i år vart det oppfylt.

Nokre vener henta oss, og vi tok vegen til Agdenes og ferja over fjorden til Brekstad. Vi køyrde rundt om på Ørlandet, og som bror min seier: Som landet, så folket - flatt og vindfoillt.



Bjugn og omland var eit flott rike. Store, velstelte gardar, nysådde åkrar, svaberg og sjø .

Artige stadnamn som Koet, Kopparen, Garten, Gjølja - kanskje vi må prøve å finne tydinga.

Vi kom ikkje inn i Austrått-borga, borga som m.a. har vorte kjend i skodespelet til Ibsen: Fru Inger til Austrått, så vi må nok tilbake til denne delen av landet for å få meir kunnskap om borga og hendingane der gjennom hundreåra.



På denne ferieturen reiste vi med tog og buss og bil. Dersom ein har godt fylgje på toget, gjer det ikkje noko om turen tek mange timar. Denne gongen reiste eg med Anna Gavalda, og Hainn te mæ heldt seg framleis til Märta Tikkanen. Dei var og med på tilbaketuren, for når ein er på familiebesøk, har ein viktigare gjeremål enn lesing. Mi gamle mor besøkte vi på sjukeheimen kvar dag, og gammeltanteungan' var vi på bytur med.



På heimturen stoppa vi eit par netter i nærleiken av Aulestad, og der fekk vi innvie eit ny-gamalt gjestehus i "shabby chick"-stil, og der sov vi som nokre blomar i ei himmelseng.



Det var ein ferietur med trivelege samver med familie og vener, og jammen vart vi kjende med nokre nye, koselege folk og.



Men i morgon den dag må æ hiv mæ roint og få orden på kjøkkenhagen min. Det eg sådde inne før eg reiste, står bra - takk vere gode vener som vatnar og tek inn avisa. Det er ikkje bare bare å reise bort i våre dagar, ein lyt ha nokre til å sjå etter og halde oppsikt både med det eine og det andre-

søndag 11. mai 2008

Jorda som skapar

Tenk det; 2008 skal vere FNs internasjonale potet-år.
Så bra. FN vil at fleire skal dyrke potet', det kan redde fleire frå svolt.
Dessutan, den maten som reiser kortast, er den maten vi sjølve dyrkar. Den poteten vi set i jorda i dag, kan vi hauste i august og september. Er det noko betre enn dei fyrste nye potetan'?

I Noreg er det minst 1 -ein- million hagar, kvifor er det ikkje fleire då som dyrkar sine eigne potetar? Eller grønsaker? Eg har lese at det trengst ikkje meir enn 20 -30 kvadratmeter jord for å dyrke nok grønsaker til ein person. Kvifor er det då så mange som heller vil ha plen - og kaupe dei sprøyta feilfrie grønsakene på butikken.
Hagen gjev også mosjon, og den kan gje reduserte utslepp av klimagassar. Berre fordi maten ikkje treng transport!

Dette er ein hyllest til poteten.



Poteten kom frå Sør-Amerika til Europa på 1500-talet. Til Noreg kom den på 1700-talet, og det var prestane som skulle gjere den kjend for alle. Ordet "potet" fekk vi frå det engelske ordet"potato" og det spanske ordet "patat". Her eg bur no, seier dei jordeple - eller berre eple. På fransk heiter det "pomme de terre"- det er eple frå jorda. I Sverige seier dei"jordpäron" . Danskane seier "kartoffel", det kjem frå italiensk. Der seier dei "tartufolo".

I Noreg har vi 32 godkjende sortar. Dei vi har dyrka gjennom åra er: Kerrs pink, Pimpernell, Kong Georg, Snøgg, Beate og nokre blå - svært tidlege. Alt det ein kan bruke poteten til:
Lefser, potetsuppe, eplekaker og eplegraut. Ja, og så akevitt. Under krigen, fortalde mor mi, brukte dei potetmjøl i baksten som erstatning for kveitemjøl.

Eplekaker og eplegraut må ikkje forvekslast med æpl'kak og desserten æpl'graut.
Fyrste gongen eg fekk smake eplekake, sa svigermora mi at ho hadde laga 60 eplekaker den dagen. Hjælpe mæ, tenkte eg - ei byfrøken - eg lagar no berre ei i gongen. Men så viste det seg at det ho hadde laga var det eg kalla potetkak'.

Eg har høyrt sagt om Frostabonden at når han søv, så snorkar han på innpust , og på utpusten kjem det potet' og pæng.



Eg har i dag leita i mitt rikholdige bibliotek etter eit potetdikt. Men anten er biblioteket for lite eller så er det ikkje skrive noko potetdikt. Eg fann til slutt ein hyllest-song til poteten:

UNDER BONDENS AGER

Under bondens ager,
snedig skjult i jordens skjød,
ligger trinn og fager
en potet som død.
Bonden er en listig rev,
tar poteten opp med grev,
gjemmer den blandt ost og kål.
Bondemannens skål!

Dypt i bondens kjeller
råder gravens dysterhet,
inntil bonden selger
hele sin potet.
I en sekk av spunnet hamp
spent bak bondens geile gamp
stiler den mot høie mål.
Bondemannens skål!

Bent til Lysholmgården
ruller vår potet på hjul,
der blir den omskåren,
brent på sorte kull,
destilleres hen og dør,
men står opp i ny kulør
som fugl Phønix fra sitt bål.
Akevittens skål!

Skål for bondens ager,
skål for hans poteter små.
Bondens viv er fager,
skål for henne og.
Skål for bondens hest og høi,
skål for vogn og seletøi.
Skål for den som uten skam
drikker Lysholms dram.
(Frå Smørekoppens visebok)

søndag 4. mai 2008

KOM MAI MED BLAD OG BLOMAR -

Mai månad tek prisen. Det seier til og med Alf Prøysen i Året rundt-visene.
"Det er jeg som kan vifte i brisen,
med et flagg som er rødt, hvitt og blått.
Jeg har bjørker med slør over stammen,
jeg har gromuld for alt som vil gro.
Jeg har allting som holder oss sammen,
i det landet der nordmenn vil bo."(frå minnet har eg teke denne songen, kan hende skriv eg noko feil).
Heldige er alle dei som er fødde i mai. Store og sterke er mange, med tru på seg sjølve, og det skal mykje til for å vippe ein tyr av pinnen.

Mai, med grønt lauv, kvitveis, leirfivel og blåveis. Eg har sett bakkar fulle med slike blomar i dag, på mi søndagsferd gjennom Telemark. Sol og varme i ryggen, der vi sat med tekoppen i handa ved Bandak. Konfirmasjon fleire stader i dag, og dei flagga rundt om på gardane.

1.mai er og ein flaggdag. Då eg var lita var det ein dag vi pynta oss og gjekk til byen. Mamma, pappa og "3 søte småbarn med øyne blå". Småskoene var nypussa, sløyfer i håret på to av oss og eg hadde fått ny pjekkert. Dæsjåmitt, så fin, sa syster mi. Ho gledde seg alt til ho skulle arve den om 4 år. Vi skulle fingå til byen. Over elva, som er utmerka til å spøtt' i, og til midtbyen. Der skulle vi sjå på toget, og eg gledde meg til all hornmusikken. Musikkorps hadde tidleg om morgonen kome inn i gata der vi budde og spelt oss opp av dynene.
Musikkorps,ja. Eg saknar det her eg bur no . Eg har attpåtil lånt bort bilen min med CD-spelar, så eg får ikkje spelt Sousa-marsjane mine før i juni. Stundom, når eg er åleine, opnar eg kjøkenglaset på vid vegg og lar "Liberty bell" ljome utover garden. Ja, vi har alle vårt.!

Denne veka har eg ikkje lese eit ord. No er det hagearbeid, og den som har skvallerkål i hagen sin, kan aldri sitje på rumpa. Her viser ein at ein har tolmod. Skavallerkålen har Hainn te mæ og eg kjempa mot i fleire år. Vi gjev oss aldri. Ialle fall ikkje i år. Her skal alt vere økologisk, så ikkje ein dråpe gift kjem i min hage.

lørdag 26. april 2008

Halsklut og kattskinn

Så var det denne halskluten då. Sist laurdag var det så nydeleg eit ver, og eg var ute heile dagen. Tok av meg ullskjorta og kasta halskluten, nå,ja - eg tulla han rundt hovudet så ikkje dei grå hårstråa skulle vere til besvær der eg fauk rundt i hagen. Men ai,ai. Kor lenge er det ikkje sidan eg las Kinck-novella om "Denne krakkjen" - der Taddak ropar til kona si -

"Halskluten din! Æ du 'kje vetuge!- For ingenting i verden var så farlig for helsen som træk på halsen."

Dette burde eg ha visst, så mange år som eg har levd; men når vårsol i bakkane blenkjer, trur ein at ein er 17 år att - og tolar alt. No sit eg her, med vondt i halsen og snørrat' - og har berre meg sjølv å skulde på. Æ kan for det sjøl! Og då er det ingen som tykkjer synd i meg.



Lett yr i dag, og dermed slapp eg å vatne alle kassane mine med frø. For no har også eg sådd: Asters, timian, erteblomar, solslikke og basilikum. Grønsakane går rett på friland, når berre jorda er varm. No har eg alle frøkassane i vinterhagen, og om litt skal eg setje ut det lisle drivhuset mitt.



Eg har gjeve hainn te mæ ei lydbok i dag, og der sit han ved kjøkenbordet med treskjeringa si og lyder på Edvard Hoem som les om "Faderen". Far til Bjørnstjerne Bjørnson. Sjølv las eg ferdig"Min lange reise ender her" av Ragnhild Nilstun her ein dag. Hovudpersonen Anna er no rundt 80 år og ho har kome sør i landet. Ho reiste frå Vadsø. ..."men også der sør var vintrene råkalde og fuktige....då var kattskinnet godt å ha. Dette var siste bok i ein trilogi, og alle er like gama. "For mitt blikk" og "For kjærlighets skyld" heiter dei to fyrste. Eg veit om mange eg kan tilrå dei bøkene til.

Elles er det nokre finske bøker som ligg framme og ventar på meg. Vi vil vere med på turen til Finland i august, som Foreningen Norden skipar til, og då er det lurt å førebu seg og lese noko av den moderne finske skjønnlitteraturen. Ikkje berre Kivi og Linna, men Leena Lander, Märta Tikkanen, Arto Paasilinna (hainn te mæ har alt lese Harens år), Pirjo Hassinen(eg har lese Julehustru), Kjell Westö, Kari Hotakainen, Monika Fagerholm, Matti Joensuu - og fleire.



Så mange bøker, så lita tid.

lørdag 19. april 2008

"Markje grønast, snjogen bråna-"

Måtte berre finne fram dette vene vårdiktet til Edvard Storm. Akkurat NO er det slik her i sør! Det vart fort grønt nede i hagen no når eg fekk raka bort gamalt lauv i går. Det vart fleire trillebårlass med avfall frå tre og blomar, og alt hadde eg i utepeisen og tende på. Det var litt vind i lufta(i luftin - om eg er av dei som framleis nyttar dativ), så eg passa godt på. Til slutt hadde eg ein stor gløsehaug(skal tru om namnet Gløshaugen i Trondheim tyder det same?)- og jammen fekk eg ein ljos ide. Det var tid for å lage middag, og eg sprang inn på kjøkenet, henta store potetar, pakka dei inn i aluminiumsfolie - og putta dei inn i gløsehaugen. Nokre vipsar seinare- var dei blitt til nydelege bakte potetar.

Har ein jordeple i kjellaren, vert ein aldri matlaus. For å variere kosten noko, fann vi ut , hainn te mæ og æ, at vi ville bake eplekaker i dag. Laurdagsfri og allting, då kan ein gjere alt det ein vil. Av ei bøtte potet' vart det ca. 60 potet'kaka. Ja, somme vart mindre - og somme vart tjukke. Men du og du, kor godt dei smaka. Med rjome og tyttebærsylte.

Eplekakebakinga tok berre eit par timar, og då måtte eg ut att i hagen. Herlege vårdagar er til for å vere ute i. Eg raka litt meir, klipte nokre buskar og leita fram dei overvintra jordskokkane mine frå hagen. Vi måtte ha VÅR-suppe i dag.
Men dei oppskriftene eg fekk frå internett, inneheldt så mykje som eg ikkje hadde i huset - så eg laga mi eiga oppskrift:
Eg skrapa og vaska ein heil haug jordskokkar, henta lauk i kjellaren og fann graslauk, topplauk(utan toppar sjølvsagt) og det grøne frå kvitlauken i hagen. Surra alt i smør, dryssa på litt mjøl- helte på buljong og koka eit bel. Eg skar opp litt norsk cheddarost,(eg hadde ikkje maskarpone- veit no mest ikkje kva det er) putta det i den ferdige suppa saman med finstrimla skinke. Litt salt og pepper.
Attåt suppa hadde vi heimebaka brød og braud frå siste veke.
Det vart eit herremåltid.

lørdag 12. april 2008

Akkurat no

Mine kjære bloggarvener skriv så mykje- så ofte og så nydelege tekstar. Eg er ei ugle som er ute og flaksar om kveldane, difor vert det lita tid til blogging. Men nokre må ta seg av kulturlivet i bygda. Siste veke vart det lange kveldar med lesesirkel og planlegging av kvinnemøte. I bygda mi vil vi no invitere til eit fleirkulturelt dametreff. I dei siste åra har vi fått mange nye landsmenn, og det skal bli moro å høyre om deira kultur - og iallefall smake tradisjonell mat frå deira land. Vi har damer frå Tsjetsjenia, Burma, Thailand, Afghanistan, Nederland, Polen, Russland, Somalia. Vi vonar at mange kjem. Sjølv må vi vel og lage til noko heil-norsk. Då vil eg kome med framlegg om braud og rjome.

Nylaga braud er naugodt. Eg har akkurat laga 20 leivar flatbrød med både fint og grovt sammale kveitemjøl, litt rug og litt byggmjøl i "nåa". Eg baka braud akkompagnert av Åge Aleksandersen. Kjevla rulla taktfast over leiven medan eg song "Leva livet" i duett med Åge. Eg må nemne at det var ein gong ei lita pie - midt på åttitalet - som heller ville syngje Leva livet enn Bæ,bæ lille lam. Skal tru om det er ein person der ute på den store verdsveven som kjenner seg att.

Akkurat no - er liene rundt bygda der eg bur kvite av nysnø; akkurat no var det ein liten bjørkefink på fuglebrettet mitt; akkurat no så skifte hainn te mæ sumardekk på bilen(den gamle bilen utan servostyring); akkurat no kikkar eg på utskrifta av flybillettane våre til Estland(tenk at eg greide å tinge billettar på internett! Eg tinga hotellrom og, men vi har ikkje fått stadfesting på det - men eg har betalt, så då er vel alt ok?)
Akkurat no skal eg lage meg ein kopp te, finne fram strikkinga mi og sjå reprise på Farmen. Eg som flaksa slik siste veke fekk ikkje med meg kva som hende i finaleveka.

Så vil eg finne fram boka mi "Kjærligheten banker på" av Marisa de los Santos. Venskapen mellom Clare på 11 år og Cornelia på vel 30 år er spesiell. Dei finn snart ut at dei er sjelevener; båe elskar jo Anne-bøkene (sjølvsagt - Anne fra Bjørkely). Cornelia er kjærast med far til Clare, men han bryr seg ikkje mykje om ungen sin.

Og i kveld er det opning av den nye operaen i Oslo. Eia var vi der -

fredag 4. april 2008

Odessa





Det er faktisk sume av oss som ikkje kan sitje med hendene i fanget. Er det rastløyse, arbeidsglede og eller kreativitet? Dei timane i veka eg sit framfor fjernsynet , berre MÅ eg ha ei strikking. Ingen av min næraste treng genser eller jakke, då vert det luer, sokkar og vottar. Odessaluene, dei har perler i strikkinga, er populære. Og så mange fine fargar det finst i bomullsgarn. Eg har sikkert laga 10 stk. , og eg har til og med sendt 6 til England!



Når ein bur i ei lita bygd er det viktig å ta del i kulturlivet i bygda. Vi har bygdekino ein gong i månaden, og det er mange år sidan riksteateret var her. Men vi har eit levande organisasjonsliv, der vi lagar kultur sjølve. Sume driv med korps; andre er ivrige i kor, idrott og mållag. Det finst til og med ein jordbruksklubb i mi bygd. Der er vi som vel å dyrke og odle våre eigne grønsaker. Dei er IKKJE sprøyta med filleskap; dei er reine og smakfulle. Og no er eg snart i full sving i hagen. Ja, men så er det litt snø i lufta igjen i dag. Men eg har alt funne graslauken min. Den var like god som i haust!

Det er og viktig å møte fram på det som vert skipa til av andre. I går kveld var eg på kabaret. Ein visesongar frå kysten song viser av Evert Taube og fortalde om livet hans. Det var moro å vere med på allsongen. Sjung av hjärtat, sjung.

lørdag 29. mars 2008

Laurdag for store og små

Det er siste laurdagen i mars, og det er snø i hagen og på plena. Eg må nok gje mine vener, småfuglane, mat i dag og. I fleire år ynskte eg meg eit lite fuglehus til å ha fuglemat i - og tru det eller ei; ei jol fekk eg det i gåve. Og det er ei gåve eg stadig har glede av. Det står på ein påle utanfor verandaen, og eg kan sitje ved kjøkenglaset og fylgje med. Fugleboka er innan rekkjevidde.Det er helst kjøtmeis og blåmeis som kjem. Når blåmeisene kjem i flokk, kallar eg dei for B-gjengen. Elles har vi hatt granmeis og spettmeis. Dompapen kjem ikkje på brettet rundt huset, men eg har sett han og kona nede på bakken eller i syrinen like ved. Grønfinken kjem i flokkar. Nøtteskrika sit stundom i eit av epletrea, og ved joletid var det ein flaggspett her.



Dette minnar meg om soga om lærarinna som var på tur med småskulen. "Sje, der sit ein føggel",sa ei lita pie." Nei", sa den vaksne." Dette er en ful." "Jammen, hainn va no bra lik ein føggel,ja", sa pia.

I dag luktar det laurdag i huset. Det er slutt på grønsåpelukta. No er det fiberklutar og moppar som tek smuss og støv. Det er nybakt brød på kjøkenbenken - og ein heil haug med "kanel i svingane" (kanelbollar). No skal eg lage meg ein god kopp te og smake .

Her er oppskrifta:
150 g margarin 
5 dl mjølk
50 g gjær
1 egg
1/2 ts salt
125 g sukker
2 ts kardemomme
1 1/2 l kveitemjøl

Fyll:
150 g margarin
12 ss sukker
4 ts kanel
 
Smelt marg og varm mjølka. Ha i gjær og alt det andre. Hev deigen i minst 45 min.
Lag fyll og varm dette til ein graut.
Del deigen i 2 og kjevle ut kvart emne til ein rektangulær leiv, smør på fyllet, brett saman og del opp i ca 13 lange remser. Tvinn og knyt og legg dei på steikebrett. Etterhev godt, 45 minutt. Steik dei i 8-10 min på 225 gr.

mandag 24. mars 2008

Bibliofiolen skal no prøve seg på bloggen - for fyrste gong - åleine.

Eg har lånt bort kameraet mitt, det digitale, så no vert det ikkje bilete meir . (Ha, ha, eg kunne ikkje bruke det heller) Så mangt å lære for ein tilårskomen fiol.
MEN eg har lært at dersom du trivst med deg sjølv og den du er, vil du truleg like dei du treff på, same kven dei er.
Dette sitatet har eg funne i ei bok, og det er heilt sant.

Eg ventar på våren, slik at eg kan finne fram hageutstyret mitt og så gulrøtter, erter, salat og skvåsh. Blomar og, dersom vi kan ete dei. Ringblomar t.d. Alle blomar med officinales i det latinske namnet sitt kan ein ete. Eg trudde eg kunne finne nokre grøne strå av graslauken i påska, for det var jo mest berrt før vi dro på ein liten påsketur til Fivrelet i Bergstaden (den i sør). Ha, då vi kom heim -(etter å ha køyrt i kolonne over fjellet) var hagen heilt kvit. Snøen hadde igjen lagt seg. Det tek nok mange dagar - kanskje veker- før eg igjen kan syngje "enno ein gong fekk eg vetren å sjå for våren å røma". "Flaumen går, i Noreg er vår" har eg derimot vore med på å syngje av full hals. Det var då bygdekvinnelaget mitt skipa til fylkesårsmøtet no på kvinnedagen.

fredag 21. mars 2008

Vottar med vri

Finske lagnadar



Norden les finsk i år, og dette er ei av dei aktuelle bøkene:
Tikkanen, Märta: To: scener fra et kunstnerekteskap. Gyldendal 2006. Biografi.

Frå bokomslaget:

"En selvbiografisk roman om kjærlighetens enorme styrke og sårbarhet. Märta og Henrik Tikkanen levde sammen i nesten tretti år. To kunstnere under samme tak, to mennesker som elsket hverandre lidenskapelig, men som hadde store vansker med å få hverdagen til å fungere. Han tilhører en annen tid med sine stadige krav om oppmerksomhet og en hyperaktiv kreativitet som bare flasken kan dempe. Hun er en heltidsarbeidende firebarnsmor med en drøm om to mennesker som står side om side, en kvinne som tar nettene til hjelp for å gi uttrykk for alt som brenner inne i henne. Begge har i skjønnlitteraturen skrevet om den andre og om samlivet, Märta blant annet i Århundrets kjærlighetssaga og Rødhette. I denne boken gir hun en åpenhjertig skildring av deres ofte kaotiske tilværelse. Boken er et sterkt vitnesbyrd om kjærlighetens enorme styrke - og sårbarhet. Boken er illustrert med tegninger av Henrik Tikkanen. I 1979 fikk Märta Tikkanen «Nordiske kvinners litteraturpris» for diktsamlingen Århundrets kjærlighetssaga."