søndag 23. november 2008

Nei, nei, gutt. Dette må bli slutt..

Desse - og andre ord av Margrete Munthe har følgt meg i mange år. Ein skal ikkje berre storme inn i stoga og kaste frå seg lua, eller jakka. "Jeg takker borte, jeg takker hjemme, og si takk må jeg aldri glemme." Har du vore borte og fått "koka-mat" skal du takke med handa. Elles er det nok å seie takk for mat. Når vi fekk ei gåve, skulle syster mi og eg takke med handa og neie, og Guten i familien måtte lære seg å bukke. Dette var noko av det vi lærde heime. Kunne vi oppføre oss og ikkje finne på noko tull, kunne ho mor sende oss ut i verda.

Men korleis er det med denne lærdomen i dag? Vel, vi kan stille spørsmål med somme av songane til Margrete Munthe, men dei lærde oss folkeskikk. Eg las i avisa her ein dag at på ein skule sør i landet måtte borna dagleg handhelse på læraren. Læraren såg på kvar einaste elev, og samstundes lærde ungane seg til å helse.
Eg var leiar i ein 4H-klubb ein gong. Dagen for Haustfesten kom, og alle borna stod på rekkje og rad og fekk diplom og sylvskei. Det var svært få av dei rundt 20 borna som takka for det dei fekk med å rekkje fram handa. Eg var flau på deira vegne. Neste år tjuvtrena vi i god tid på å rekkje fram handa og seie takk, og då var det ein flott gjeng som høfleg og stolt tok i mot vitnemålet på at dei hadde fullført oppgåva si.

Borna lyt lære dette i heimen. Det er der den fyrste påverknaden kjem. Men stundom kan ein undre seg over andre tilhøve au som påverkar dei små. Ungane påverkar kvarandre, i barnehage og skule. Denne påverkninga kan vere sterkare enn den som kjem frå foreldra.
Kvifor er det slik at somme fargar er for jenter og somme er for gutar? Gutefargane kan jentene gjerne bruke, men å setje på ein liten gut ein rosa genser eller ei rosa lue? Fysj og fysj.
Er det framleis slik, tenkte eg - og ville gjere eit eksperiment. Eg strikka eit rosa sokkepar og sende det til ein gut på vel 3 år. Syster hans på vel 4 år fekk grøne sokkar. Gjekk dette bra? Nei! Gutungen nekta å bruke rosa sokkar, medan syster hans godt kunne bruke båe para. Så spør eg. Er det i barnehagen denne indoktrineringa kjem? Eller er det alt frå fødeavdelinga? Derifrå kjem denne soga:
2 nyfødde låg i kvar si seng på fødeavdelinga. Er du gut eller jente, spurte den eine. Eg veit ikkje, var svaret. Enn du då? Eg veit heller ikkje. Men vent skal eg sjå, sa ungen og kikka under dyna. Eg er gut.
For eg har blå sokkar!

3 kommentarer:

Fivrel sa...

Haha, artig soge til slutt ;-) Det er eit merkeleg fenomen du tek opp der, ja! Kvifor i all verda er det slik. Ikkje berre med fargar, men au med leiketøy og interesser. Sjå, ei gravemaskin! seier gutungen. Sjå, ein hest! seier veslejenta. Er det miljø? For det kan då vel ikkje vere arv, altså genetisk innprenta? Det siste trur eg ikkje. Eg trur at sjølv om foreldra er medvitne og meiner seg vere nøytrale i borneoppsedinga, vil det umedvite snike seg inn kjønnsskilnadar. Og, som du poengterer, i skule, barnehage, på besøk hjå vener osb.

Men for å ta det heile i eit større perspektiv; er kjønnsskilnadar eigentleg positivt? Eller ikkje? Ein strevar jo mot likestilling i dag. Sjølv om realiteten er langt unna. Då tenkjer eg på td løningar, korleis samfunnet har bygd opp ordningar for permisjon og utbetalingar kring fødsel osb. Men ER likestilling ein god ting, for ein kvar pris? Kva dersom mannen helst VIL hogge ved, og kona lage mat? Kva dersom kona gjerne VIL vere heime med ungane, medan mannen vil vere ute og arbeide og forsørge? Då må det jo liggje til rette for det, og at ikkje kvinnene vert taparar fordi dei ikkje har tent konkrete pengar, men vore heime og oppdrege neste generasjon til å ta i handa og brette kleda fint saman.

Dette vart voldsomt. Men det er eit forvitneleg emne!

Unknown sa...

Dette er et merkelig fenomen - men det slår ikke alltid til - ikke for å ødelegge bevisførsla, men den den lille guten på 3år syns i utgangspunktet det var helt greit å få rosa sookker han - helt til mora måla begge para og fann ut at det rosa paret var øøøørlite større enn det grønne - og derfor bytta hun om slik at guten fikk de grønne:) Du får gjøre en kvalitetssikring på kildene dine, kjære venn ;)
Sokkene var derimot supre - og blir brukt som tøffler i barnehagen. Tusen Takk, sier vi - og både bukker og neier samtidig.

Rani sa...

Det som er ekstra interessant er at rosa ein gong var rekna som ein gutefarge, i det minste i USA. Sjølv er eg nokså lei rosa, det er helst det og lilla det går i på kleda i jentedelen av butikkane her i England. Jentungen og eg finn meir spennande ting i gutedelen.