onsdag 30. desember 2009

Sokkar til glede og nytte

Den lisle jenta ho e so vare
ho kan'kje spinne, ho kan'kje karde
ho kan'kje spit' seg ein leggjesokk.
Men ho fær friarar likegodt.
Stev frå Setesdal






Ei strikkerske har allstøtt garnrestar liggjande, og det skal berre eit par pinnar og eit kveldsbel
så har du ein maskot ferdig. Og det skal ikkje meir enn ei raud topplue - vips, så er det blitt ein nisse. Som du puttar i eit brev eller legg på toppen av ei pakke, og mottakaren får seg ein god latter.

Har ein pinnar og garn tilgjengeleg, har ein det aldri kjedeleg. I dag er ikkje strikking naudsynt, trur kanskje det er vel så billig å kaupe sokkar og vottar på bua. Men eg trur at det du lagar og gjev bort, er så mykje varmare. Mottakaren kjenner sikkert varmen frå hendene dine når dei nye sokkane kjem på foten. Eg hadde 20 par sokkar liggjande då eg skulle til å pakke jolegåver. Mange vart sende av stad til fjern og nær.
Neste år får du kanskje sokkar av meg!


lørdag 19. desember 2009

Advent

Det er kaldt, det snør ute, og det er advent.
På kjøkenbordet står adventsljosestaken Hainn te mæ laga for over 30 år sidan. Ikkje noko krimskrams eller utskjeringar; berre ein halv bjørkekubbe som er godt høvla slik at han står støtt på bordet. 4 hol, akkurat passe til 4 lilla ljos.

Det er tid for brevskriving og kakebaking. No i kveld kjenner eg at eg er i rute; eg har vaska golvet og "borre" ved. Eg har endeleg fått baka nokre sortar, men peparkakene vantar. Gullungen har sagt at dei kjem ho med; ho har kjøpt ei ny peparkakeform, ein hund, (vi har jo dusinet fullt frå før) så i år vert det berre hundepaparkaker. Ho vil vel at vi alle skal sjå og vite at ho endeleg har fått kvalp.

Ljos er viktig i denne tida, men det er også jolekalenderen. Somme kallar det for adventskalender, men i mi barndoms jol var det Jolekalender.
Så langt tilbake som eg kan minnast, har vi hatt jolekalender. Den fyrste fekk vi nok midt på femti-talet. Mamma kjøpte ein som hadde 24 luker som vi skulle opne. Det var gjerne bilete frå bibelsoga dei fyrste åra. Seinare vart det med ulike nissar . Etter nokre år fann vi bittesmå plastfigurar inni lukene. Det var spennande, og eg trur eg har nokre av dei enno. (Når eg snart skal ha loftsrydding, skal eg jammen sjå om eg kan finne dei att).

I dag har vel dei fleste ungar sin eigen kalender. Somme har kanskje fleire; kanskje ein heimelaga og ein med sjokolade. Eg måtte dele kalenderen med mine to yngre sysken. Det finaste biletet eller den flottaste plastfiguren var sjølvsagt i luke nr.24.
Kven var så heldig å få opne den? Eg var størst og kunne både telje og rekne. Eg fann ut at den som opna sist av oss tre, ville vere den heldige som fekk opne luke 24. Å opne luke nr.23 var nesten like bra, og då måtte du starte med å opne som nr. 2. Dette skjøna bror min; vi var like gløgge! Men syster vår, ho var så lita at ho stråla over heile andletet når vi sa at ho kunne opne den fyrste luka. Ho undra seg i mange år over kvifor ho aldri fekk opne på jolekvelden. Sånn er det berre, sa bror min og eg - og så lo vi bak ryggen hennar.
Eg vonar at ho har tilgjeve oss. Kanskje eg må lage ein kalender berre for henne. Ho likar helst heimelaga gåver, så dersom eg skal bli ferdig til neste jol, må eg nok starte på nyåret.

Eg har lese at det var i Tyskland at dei fyrste kalenderane vart laga. Det var i 1904. Dei hadde helst bilete frå bibelsoga. I Noreg vart dei fyrste adventskalenderane kjende på slutten av 1940-talet. Det var Norsk speiderpikeforbund som produserte dei.
Mange av oss har vel heimelaga kalenderar - som går i arv. Det er moro å lage til og finne 24 gåver. Men stakkars ho bestemora eg veit om som har 4 borneborn. Ho lagar til 96 gåver ! All ære til henne!

tirsdag 3. november 2009

Spøkelse ved høylys dag??

Her ein dag - det var endåtil Allehelgensdag, trudde eg det var kome eit skrømt inn i huset mitt. Eit skrømt som var interessert i den nye joggebuksa mi. Så ny var buksa at prislappen sto på . Eg sto med buksa i handa - og etter ein augneblink eller helst to, var buksa borte. Ok, det hender at eg gløymer nokre småting - som eit forfattarnamn eller ein tittel. Det hender og at eg legg borte noko på ein lur plass, og så kjem eg ikkje i hug kor det var. Men denne gongen var det ikkje noko lite, det var EI BUKSE!

Eg hadde teke ut nokre klede frå ein koffert. Noko hamna i skittentøykorga, og noko vart lagt i klesskåpet. Kofferten sette eg på loftet. Eg skulle ta ein dusj, og etterpå skulle eg ta i bruk ny-buksa. Men kor var ho??

Eg leita høgt og lågt. Sjekka alle fire dører. Ingen kunne ha kome inn, alle dørene var låste. Det er vel berre skrømt som går gjennom låste dører? Buksa var borte. Eg sjekka i kofferten på loftet, i klesskåpa, og eg var ein tur i alle rom i heile huset. Eg hadde visserligen stått med buksa i handa. Eg hugsa jo kor god og mjuk ho var. Men kor var ho??

Eg måtte le litt av meg sjølv der eg for rundt og leita. Det var jo Halloween, tida då alt kan hende. Men kvifor var berre buksa borte?
Tåka kom sigande, og det var helst ei trolsk stemning nede i hagen. Epletrea vaia i vinden, og rett som det var fall eit eple ikkje langt frå stammen. Eg gav opp leitinga- og fann fram spitet mitt og lydboka mi (Mors bok av Margaret Skjelbred).

PLUTSELEG slår eit minne ned i skolten. Hadde eg ikkje opplevd noko liknande?
Jo, det var ein av desse varme sumarane i barndomen, den gongen vi budde nesten heile sumaren på Jonettaplassen.

Mor mi hadde kjøpt ei ny khakibuksetil bror min. Men fyrst skulle eg bruke buksa. Det var ei grøn bomullsbukse, med 4 gode lommer, 2 framme og 2 bak - med plass til alt ein hadde bruk for i det daglege livet på landet. Buksa hadde gylf. Det kunne jo ikkje eg ha. Den gongen hadde jentebuksene glidelås i sida, men mor mi visste råd. Ho skulle skifte glidelåsen, frå gylfen til sida - og året etter når bror min skulle ha att buksa, skifta glidelåsen plass att.

Men då ho skulle fikse buksa, var ho borte. Vi hadde køyrt med rutebil og drosjebil frå byen til Jonettaplassen, og mor mi kontakta både rutebilselskap og drosjesentral for å høyre om dei hadde buksa vår. Nei, inga bukse var å finne. Så den sumaren vart det ikkje noko ny bukse på meg!

Men kva hende sumaren etter? Jo, då hadde Olaf som vi budde hos, flutt på nokre møbla - på det som eg i dag vil kalle forstog-trevet - men som der og då vart kalla gongen utanfor jomfruburet. Og bak den rosemåla kista - der låg buksa! Det året fekk i alle fall bror min ny bukse!
Denne soga kom eg plutseleg i hug. Eg gjekk sporenstreks ned i gongen i ny-huset og kikka bak den rosemåla kista vi har der. Og tru det eller ei - der låg Stormberg-buksa. Eg hadde lagt buksa på loket, og ho hadde sklidd ned bak kista. Eller var det spøkelset som hadde løynt ho der??

søndag 25. oktober 2009

GULROT. Kort og godt.



Hagesesongen er over for i år. Og eg er sers nøgd med gulrotavlinga.
I heile haust har eg mest kvar dag gått i gulsrotsenga og teke opp ei gulrot her og ei gulrot der. Med vilje tynna eg dårleg i sumar, og no i haust har eg passa på å trekke opp gulrøter i dei ulike radene. No har eg teke alle inn i kjellaren, der dei ligg fint nedpakka i våt mose.

Tidlegare brukte eg sagmugg til lagring av gulrøtene. La dei lag for lag med sagmugg imellom. Med godt resultat. Lite råtna i løpet av vinteren. Eg fortalde dette til ein ven, og han ville gjere som meg. Han reiste til det same sagbruket som eg brukte. Men det verken han eller eg visste, var at den dagen han henta sagflis, hadde dei saga stokkar som var impregnerte. Han måtte kaste heile gulrotavlinga si.


Gulrøtene mine er kjempestore i år. Eg har fleire som veg 200 g. Den største vog 410 g - stor og rett og kraftig. Ho har eg no i kjøleskapet og vurderer å stille ho ut! Eg fortalde eventyr til ei gruppe barnehageborn ein dag, og då hadde eg sjølvsagt eit eventyr om ei kjempestor gulrot. Gulrota var så diger at både kona og mannen drog og drog for å få ho opp av jorda. Dei greidde det ikkje - og dei måtte få hjelp av alle dyra på garden: 5 kanarifuglar, 4 kjuklingar, 3 kattar, 2 grisar og ei ku.
Men det var fyrst då kona gjekk inn i huset , lokka fram musa og fekk ho med på laget at dei fekk opp gulrota. Og om kvelden kosa dei seg alle med ei stor gryte gulrotstuing.
Dette eventyret hadde eg omsett frå ei engelsk biletbok "The giant turnip",
og eg hadde gjort eventyret til mitt. Sjølvsagt vart det "anskuelsesundervisning" (åskodingsundervisning) for ungane, då eg drog fram den digre gulrota frå sekken min.
Då eg var skulejente, hadde eg ofte gulrot med i nistepakka. Gulrot er godt for augo, sa mor mi.
Gulrot er i grunnen godt for mangt. I gamle dagar brukte dei turka, revne gulrøter mot mark og diaré hjå småborn. Ein kan bruke finhakka, frisk gulrot som omslag på brannsår. Og det vert til og med hevda at gulrot har mentalhygiensk effekt - ho kan hindre sinne og misunning!
Men no kan eg ikkje skrive meir, eg må på ein viss plass.......



fredag 4. september 2009

Fager kveldsol smiler

Fager kveldsol smiler
over heimen ned,
jord og himmel kviler
stilt i heilag fred.
Berre bekken brusar
frå det bratte fjell.
Høyr kor sterkt det susar
i den stille kveld!



I bua vår langt inne på heia har vi ikkje anna leseljos enn det sola gjev oss. Den fagre kveldsola lyste opp inne i bua dei kveldane vi var der sist i juni. Det var varmt, og det hadde vore godt med eit kveldsbad - hadde det ikkje vore for den forbaska knotten. Då var det godt å trekkje inn i bua og finne fram boka. Dei siste åra har Hainn te mæ og æ berre hatt med ei bok på heieturen.
Hainn må ofte lese høgt, medan eg strikkar. Men denne gongen var det min tur (om eg ikkje skunda meg å lese fort vidare på eiga hand, då).


Det var varme, gode dagar. Men om natta og morgonen hadde vi skodde. Det gjev ei trolsk stemning. Legg ein godviljen til -kan ein godt sjå huldra danse borte i småskogen.


"Fager kveldsol smiler" har vi sunge i dag i gravferda til ein god granne. Denne songen var og kveldsongen i heimen den gongen Gullungen var lita. Ho var glad i viser og vers, og repertoaret var stort. Då ho var vel 2 år sa ho ein dag: "Titta lik itj Bæ,bæ lille lam. Titta like bare Levva livet!"
Dei gamle songane og salmane har vi teke fram att. Der Gullungen no bur, står det eit gamalt orgel i stoga. Vi har prøvd oss fram, og vi har spela mang ein melodi etter gehør. Med ein finger!Dei gode gamle salmane er dei enklaste å spele. "Leid milde ljos" trur eg er glansnummeret. Der spelar vi med ei hand kvar - og vi legg på akkordar. Vi er veldig imponerte over det vi får til. Til jol vert det nok ein konsert.
For oss sjølve.

søndag 16. august 2009

NYST MUNDE DET REGNA

Nyst munde det regna så såre,
og det dryper av tre og av runn:
vind og stein, furugrein hev deg rivi,
dei hev sliti di kåpe i sund.
"Om de regner og snor, om det stormar av nord,
uti hugen så leikar dine ord!"
Dansk folkevise omsett av I. Bøhn




Det er mangt ein kan gjere om sommaren om det regnar. Ein kan rydde opp i potetkjellaren og koke dei siste potetan' og lage eplekaker. Så kan ein gå ut i skogen mellom regnbygene og plukke blåbær - eller i hagen etter jordbær - og så setje seg på verandaen med alle godsakene.
Og kjem det då ei regnskur, er det berre å finne fram parasollen og leike at det er ein stor paraply. Det går det og!






Ein kan og sitje inne og saume nye gardiner. Og ein kan rydde på loftet og finne ut kva for gamle klede ein kan klippe opp til matt'filler. Det er eit arbeid som helst passar i friluft, men ofte når eg har teke med meg sekken med gamle klede ut i det fri, så har det kome ei skur. Og i all hast inn med alt. Litt av eit styr, men det går det og.
På festivalkonsertar kan ein reise om veret ikkje er så bra. Då lyt ein utstyre seg med støvlar, ullgenser og regnjakke. Er det opphalds når du kjem dit, har du sjølvsagt alt i ryggsekken. Men pass på. Inga vassflaske må vere med. Og festival-vaktene stolar ikkje på om du seier at du ikkje har noko drikkanes i sekken. Og det er ikkje fordi dei er redde for at du skal drikke - nei, dei er redde for at EG skal kaste flaska mi på musikarane!! Eg har blitt stoppa 2 gonger. SÅ mistenkeleg ser eg ut.
Vi har reist ein del i fylket vårt og i nabofylka i sommarvekene, og det er ikkje mange utstillingar vi ikkje har sett. Mange flotte måleri, av kjende og mindre kjende kunstnarar, kunsthandverk og mange artige innstallasjonar. Men den kleshaugen som låg utanfor Låven i Seljord, den lika eg ikkje. Eg vart provosert, men då hadde vel kunstnaren oppnådd det han ville.
Det har vore noko lite besøk her i sommar. 2 små og 2 store Vikingar var her - med liv og lyst kosa vi oss saman. Gullungen og kjærasten ser vi meir til no enn før. Det er stor glede i heimen for at dei har busett seg berre to bil-timar unna.
I gamle dagar - dei fyrste åra etter at eg flutte her sør, hadde vi jamt fullt hus i ferietida. Det hende at alle 5 soveroma var opptekne, og vi måtte til og med ha nokre sovande på sofaen i stoga. Men då hadde eg god hjelp i huset. Det var den gongen då mor mi var rask og før og kosa seg som hushalderske i slåttonna. Då var eg ute med riva heile dagen. No ser ein ikkje folk med river lenger, no er det berre traktorar ute på jorda. Eg må ha blitt gamal.

lørdag 25. juli 2009

Nei sjå kor det blånar her!

Nei sjå kor det blånar her!
No må me roe oss, kyra!
Å nei, slike fine bær,
og dei som det berre kryr a'!
Nei maken hev eg 'kje sett!
Sumt godt her er då til fjells.
No vil eg eta meg mett;
her vil me vera til kvelds!

Diktet -eller songen- Blåbærli av Arne Garborg rann meg i hu no i ettermiddag då vi var på blåbærtur i skogen. Det var blått i blått i heile lia. På vel ein halvtime hadde Hainn te mæ og eg ei bytte full. Ja, vi hadde bruka bærplukkar. Då går det fort, det var berre å ause opp. Men samstundes fylgjer det med mykje rusk og rask, og ikkje å gløyme å nemne dei kvite tyttebæra. Vel heimkomne bars det til å reinske, og det tok mykje lengre tid enn bærplukkinga. Bæra var heller små, så om vi ventar ei veke, vil det nok hjelpe. Men kor mykje skal ein hauste?

Her er blåbær til mange familiar i år. Men kor mange er det som tek turen ut i skogen? Ein får turen, frisk luft i lungene og så all den gode bæra. Nyrørt' blåbær på skiva. Finst det noko betre? Eller blåbærmuffins - eller blåbærsmoothie. Blåbær på painn'kaka må til, og blåbærsaft er godt for helsa. Vi må nok ut fleire turar.

Eg har rørt all bæra no. Noko putta eg i frysaren, men no skal vi fråtse nokre dagar. I morgon vil eg ta meg ein tur til fjells, til ein parkeringsplass eg veit om. Dersom det står ein spesiell bil der, skal eg setje att ei krukke med nyrørt blåbær, eg skal ta med ein stor squash frå hagen, og eg skal få Hainn te mæ til å ta opp ein pose med nypotet'. Då tenkjer eg at denne utvalde personen vert storglad når ho finn så mykje godt.

Då alt arbeidet med blåbæra var ferdig, ville eg setje meg ned framom fjernsynet og slappe av med spitet mitt. Men det vart ikkje noko spiting. Det vart berre forarging. I beste sendetid på laurdagskvelden sender NRK fotball. Og ikkje er det landskamp ein gong. Berre eit oppgjer mellom Start og visstnok eit Oslo-lag. Kven har interesse av det??? Sei meg det, du som les dette! Har dei ikkje anna å by oss, kan dei vel leite i arkiv og finne fram repriser. Eg kunne godt tenkje meg lomme-operetter frå 60-åra t.d. Eller fjensynsteater. Eg kan godt sjå dei gamle svart/kvite finske teaterstykka på nytt. Heller det enn fotball. Nei, takke meg til bokhylla mi. No går eg og finn meg ei gama bok - og bryr meg ikkje om kven som vann kampen.

tirsdag 14. juli 2009

Ull er gull. Men er pølse tull??

Ull er gull. Sumar som vinter. Eg har vore på fjelltur, og då er ull-singleten heilt naudsynt. Brukar du bomullstrøye, vert du berre klam. Her har eg hengt trøya til lufting, og då eg tok ho på att, snudde eg berre trøya att fram - og kjende meg like tørr som då eg starta turen.




Vi ventar på båtskyss inn til støylen. Då er det godt å lufte tærne, lage bål og steike pølser. Pølsene må vi ete opp før skyss-karane kjem. Trur ikkje dei likar pølselukta. Dei inviterer til middag. Og det er ein annan kost enn det Hainn te mæ og æ har ete i alle år. Vi har ete pølser og makaroni, og aure og potetstapp'. Nei no er det andre tider.


Her er Gullungen i ferd med å stelle til middag. Ho lagar mat i eisa - og tru det eller ei. Ho har teke med aubergine, squash, raudlauk, sopp og kotelettar.


Ja, Sjøla må berre innrømme det. Det smaka fortreffeleg! Og raudvin serverte dei og.
Eg tok gjerne oppvasken.


onsdag 8. juli 2009

No ser eg atter slike fjell og dalar...

No ser eg atter slike fjell og dalar
som dei eg i min fyrste ungdom såg.
Og same vind den heite panna svalar.
Og gullet ligg på snjo som før det låg.

Ok, då! Eg veit vel at dette diktet er Rondane av A.O.Vinje - og bileta eg syner fram er frå ein annan kant av landet. Men eg tykte dei passa så godt til kvarandre.
Og i desse fjella har eg vandra i snart 40 år, frå min fyrste ungdom. Ja, i barndomen var ikkje desse fjella i tankane mine ein gong. Men mangt endrar seg.





Her var den fyrste lange kvileøkta. Dei fyrste åra eg vandra her, hadde ikkje denne tjønna namn. Men dei tre som vandra her år etter år, meinte at ved dette vatnet var det så godt å kvile - ete ei skive og kanskje ein jogurt og så drikke seg utyrst av den siklande bekken. Det kom nok fram mange namne-framlegg, og det vi enda opp med vart KLIVE-tjønn. Namnet står ikkje på noko kart, men den vandrande klanen som no har fått 3 fleire medlemer, veit kor dette er.
På ei veke har eg gått denne fjellturen 4 gonger. I steikande sol og med sveitte i panna og langs ryggen. Det var så tørt i fjellheimen at eg kunne gå i sko heile vegen. Sekken var passe tung, og eg brukte like lang tid som i min fyrste ungdom. Det er eg mektig stolt av!


Det vart gode dagar. All matlaging var ute i det fri. Eg var snar til å ta på meg oppgåva som kokke og oppvaskar. Dei tre eg var i lag med hamra og saga og reiv og bygde. Så late dagar var det ikkje . For dei. Men eg hadde no med spitet mitt og boka mi (Stalins kyr av Sofi Oksanen) og var vel nøgd med opphaldet.

lørdag 20. juni 2009

Søteplehagen min - til glede og nytte

Det stod ein gammal apal i eplehagen vår
som ikkje hadde blomstra på mange Herrens år.
Og folk som såg han, meinte: "Hogg gamle kraken ned,
og ta han med til byen og sel han vekk som ved".
Men treet stod og kviskra så berre eg forstod:
"Det er visst ingen lenger som bryr seg om meg no."

Eg sa: " Eg bryr meg om deg, om det kan hjelpe litt."
"Å, gjer du det", sa treet, då skal eg gjere mitt."
Og aldri før i verda har noko epletre
hatt slike gode kvister å bere eple med.
Snart bogna dei av eple med runde, raude kinn,
og vi tok til å ete så magen snart var stinn.
Di meir vi åt, di fleir dei vart!
Vi undrast storleg etter kvart.




Ja, akkurat slik er det i eplehagen vår og, slik som Ruth Orbach skriv om det i "Eplegriser", biletboka som er omsett av Hanna Midtbø.
Når hausten er her, har vi kasse på kasse i kjellaren. Vi har ete det vi har orka av Transparente Blanche og Summerred. Ja, eg likar no best Säfstaholm. Dei kosar eg meg riktig godt med. Prinsar og Silkeeple likar dei andre i familien. Filippa og Lobo gøymer vi til vinteren, dei raudlette Lobo- epla er flotte å ta fram til jol og pynte med på fruktfat. Vi lagar eplekaker og eplepai, eg turkar epleskiver og drysser på kanel og litt sukker. Nam, nam.

Vi gjev bort eple til alle som vil ha. Men endå er det mykje att.
Kva då? Jo, for nokre år sidan gjekk vi til innkaup av kvern og saftpresse. Fyrst vert epla vaska og delte, og stygge flekkar o.l. skjer vi bort. Bytte på bytte med eple gjeng oppi eplekverna og vert malne sund. Når det store karet er fullt med ferdigmalne eple, går vi til saftpressa.


Vi "pakkar " dei malne epla inn i fiberduk. Imellom kvart lag legg vi ei plastplate. Vi tek 3 -4 lag til kvar pressing. Ein hydraulisk jekk på 10 tonn hjelper til å få kvar ein eplesaftdråpe ut av fruktmassen. Det vert berre skal og eplekjerner att. Siste året har vi minst pressa 4 gonger, og kvar gong har vi fått 60 - 70 liter saft.




Fin-fin eplesaft, som eg fyller på store plastflasker. No puttar vi dei i frysaren. Dei fyrste åra pasteuriserte vi safta, men ho var ikkje holdbar så lenge. No har vi saft heile året. Og dersom vi let flaska stå nokre dagar på kjøkenbenken, vert det den flottaste cider.
Kjem du innom, skal du få smake!
Og sidan gjer vi klar til fest kvar haust når treet bognar,
for fugl og folk og lodne dyr dei kjem når epla mognar.
Til neste år må også du ta med deg dei du kjenner
og kome hit på eplefest, så blir vi fleire venner!

søndag 10. mai 2009

Lesehestar kan og skrive -

Leseåret 2008/2009 (som startar og sluttar i mai) er no snart til endes. Har eg i år nådd målet mitt som er å lese 50 bøker?
50 bøker - det er mest ei bok i veka. Det skulle vel ikkje vere problem for ei som har haugar av bøker overalt - og som kan leite i alle boksamlingane i landet etter Den boka. Men døgnet har framleis berre 24 timar, og eg må sove i 8 av dei. Eg må lage mat og ete, gå på jobb, gjere noko naudsynt husarbeid, kanskje sjå litt fjernsyn og strikke litt. Eg har imidlertid gjort så godt eg kan, og resultatet er 41 bøker.

Mange av desse 41 bøkene har gitt meg gode leseopplevingar og leseglede. Somme bøker er slik at du må lese side etter side, så fort du kan- for det er så spennande. Andre bøker les du seint og nyt kvar setning.

Eg er ein bokslukar, har nok allstøtt vore det. Eg er oppvaksen med biblioteket berre 2 minutt frå huset der eg budde. I barndomen var eg på bibber'n kvar dag: Lånte ei bok og gjekk heim for å lese - og neste dag attende med boka og låne ei ny. Eg kan til og med minnast den fyrste boka eg lånte på eige bibliotekkort. Det var "Gun og bølgene". (Trur eg fekk fatt i den på eit antikvariat for nokre år sidan).

Eg les barnebøker og bøker for ungdom. Ei av barnebøkene eg hadde stor glede av å lese var "Ved Arken klokka åtte" - av Ulrich. Det var Noah som ba alle dyra om å kome til Arka. Fornøyeleg!

Ungdomsbøker likar eg og. Per Nilsson skreiv for fleire år sidan "Hjertets fryd"; om den unge guten som vert ulukkeleg forelska i jenta med det raude håret og den grøne genseren. Ho som duftar av sitronmelisse (eller hjertets fryd som det visstnok heiter på svensk). No har det kome eit framhald. "The return of Hjertets fryd". No får vi vite korleis det gjekk med den unge guten året etterpå - og kvifor den unge jenta ikkje ville ha meir kontakt. Bra ungdomsbok.
Berre titelen på Bjørn Sortland si siste bok gjer at du får lyst til å lese den. " Kva tåler så lite at det knuser om du seier namnet på det".
Ingelin Røssland har skrive spennande bøker om Engel Winge. "Englefjes" og "Englejakt". Engel er ein tøff tenåring som har sumarjobb i ei lokalavis og prøver å finne ut av mysterier på heimstaden sin. Det er ei fargerik og sterk jente - med eit frodig språk.
Anna Gavalda har og skrive for ungdom. "35 kg håp" handlar om Georg som er 14 år, hatar skulen, har dumpa og er no utvist. Men han kjem til slutt på ein skule der han trivst.

Ein burde kunne lese litteratur frå nabolanda på originalspråket. Eg har faktisk lese to bøker på svensk. Ja, omsett til svensk frå latvisk. Den fyrste boka tok det tid å kome gjennom, den andre gjekk mykje betre. Vizma Belsevica har skrive sjølvbiografiske romanar "Bille och kriget" og "Billes skøna ungdom". Bøkene gjev eit godt bilete av livet i Latvia under siste verdskrigen og dei fyrste åra etter krigen. Desse bøkene likte eg godt.

Eg er glad i høgtlesing. Då er lydbøker midt i blinken. Lasse Lindtner les bøker av Gunnar Staalesen. Han skifter mellom uike dialektar, og lydbøkene vert som høyrespel. "Kalde hjerter" og "Begravde hunder biter ikke" var spennande!
Høyrespel frå NRK er allstøtt moro å høyre på. Ein av mine favorittar er "God natt, mister Tom" av den engelske forfattaren Magorian. Det er krig i England, og vesle Will vert sendt ut på den engelske landsbygda for å kome unna bombinga av London. Eit rørande og godt forhold mellom den redde, vesle guten og den eldre mannen, Tom.
Harry Bernstein var over 90 år då han skreiv sine to sjølvbiografiske romanar. "Den usynlige muren" handlar om barndomen hans i England. Han budde i ein by der dei kristne budde på den eine sida av gata , og på den andre sida av den usynlege muren budde jødane.

Tysdag 12. mai startar mitt nye leseår. 4 bøker ligg klare !
Skal eg starte med framhaldsboka til Harry Bernstein - "Drømmen". Då har familien til forfattaren reist frå England til Amerika, men vert det nye livet som draumen dei har drøymt?
Eg gled meg til Anna Gavalda si nye bok "Lykka er ein sjeldan fugl", men den skal eg kanskje gøyme til pinsa? Kva med "Barn av Stalin. Tre generasjoner i krig og kjærlighet" av Owen Matthews?
Nei, eg trur eg tek "Dewey". Av Vicki Myron. Den handlar om bibliotekkatten som erobra småbyen og tok ei heil verd med storm!
Det må vel vere noko for meg i desse vakre, men akk så kalde maidagane.

mandag 20. april 2009

Å nei, eg høyrer lerka for fyrste gong i år!

Å nei, eg høyrer lerka for fyrste gong i år!
Ned frå ein vinterhimmel ho kved så kvat om vår.
Og dimt det er i lufta, og skodd har sola dult;
men den velsigna fuglen han kvitrar like fullt.

Dette var Anders Hovden sitt bidrag til lerke-diktinga den gongen han og Arne Garborg og Per Sivle trefte kvarandre på Jæren.

Arne Garborg kalla sitt dikt for Vårdag.
Å nei, for himmel rein og klår!
Å sæle meg, no er det vår!
No spelar liv om land og strand;
å sæle meg, at opp eg vann!

Og i det tredje verset kjem lerka fram:
Å nei, eg høyrer lerka slå
opp under bleike himmelblå!
Mot kvelv ho stig med songen sin;
snart når ho visst i himlen inn.

Per Sivle skreiv songen om lerka som Lars Søraas sette tone til og som vi lærte alle versa på
i skulen i gamle dagar:
Og vesle lerka ho hev det so
at finn ho ein tuvetopp fri for snjo,
så kved ho i med sin gladaste song
- so trur ho på vår med ein einaste gong -
"Å hei! å hi! å tiriliti!"

Desse songane kom eg i hug då eg i det vakraste vårver køyrde heim frå Telemark no på sundag. Eg hadde vore saman med mine 4 kjære venninner som eg vart kjend med i Oslo for mange, mange år sidan. Vi gjekk saman på høgskule i Oslo, og no i år er det 40 år sidan vi fekk vitnemål i hand. Vi var 6 jenter i vår beste alder som kom til Oslo frå ulike kantar av landet. Fort vart det vi som var saman. På skulen lærte vi å skrive referat og føre protokollar - med sakliste og vedtak. GDB-klubben vart etablert, og det varte ikkje lenge før den fyrste protokollen vart innkaupt, og referatskrivinga gjekk på omgang. Det vart sjølvsagt skrive referat frå 40-årsfesten vi hadde i helga, og alle formenn underteikna protokollen.

Det er ikkje kvart år vi har møte. Men går det lenge mellom kvar gong vi ser kvarandre, så går dei 3 skrivne bøkene i posten, og dei vert sende rundt i landet etter eit bestemt mønster! Då skal kvar formann skrive om stoda på arbeidsplassen eller i familien - og helst lime inn nokre bilete. Kvar gong bøkene kjem i mitt hus, startar eg lesinga på side 1 i bok 1. Og tru det eller ikkje, det er like stas å lese i bøkene kvar gong!
Denne gongen hadde vi lagt møtet til Telemark. Våren viste seg frå si beste side. Vi gjekk lange turar, sume av oss kasta både ulltrøye og stillongs - for sola varma godt! Vi kosa oss i sola på verandaen. Vi fekk mykje god mat og drikke, og vi sat lenge til bords. Og skravla gjekk! Sers triveleg hadde vi det. Formannen vi besøkte er litt av ein blomeven og fuglekjennar, og ho kunne fortelje at no var lerka komen.

Det var vel ei veke sidan eg køyrde gjennom Telemark sist, og då var det mykje snø mange plassar. Hainn te mæ og æ ville feire påska i eit solrikt land utan snø i år, og vi reiste til Italia. Nærare bestemt Toscana. DER var det grønt, fargerike blomar på tre og buskar, og sola skein frå ein blå himmel dei dagane vi var der. Vi kledde oss i kortermaskjort! og ullstrømpene vart lagde nedst i kofferten. Det var liv og røre overalt, fullt av folk i og utanfor kyrkjer og museum. Fortausrestaurantar der folk kosa seg med vin og øl. Og pizza, så klart.

Vi kosa oss og. Vi besøkte Firenze, Pisa, Siena og Lucca. Trivelege byar. Travelt var det, og vi var på farten heile dagen. Det forundra oss at butikkar og marknader var opne både skjærtorsdag og langfredag. Eg trudde at i Paven sitt land ville dei vere noko strengare med slikt. Men for oss turistar var det jo flott at alt var ope.

No er det vår i Noreg! Fram med rive og trillebår, arbeidshanskar og greip. Sauelort og frøposar.
Flaumen går, og bjørka sprett i dalom.

Knuppar seg kvesser
i logne lider.
Bekkjer brusar
i døkke dalar.
Liv leikar,
blom blømer.
Sjø skvalar
i gråe glòpurd.

Nord i nare
og arme audner,
ligg det landet
som nemnest Noreg.
Sol signar,
vind vermer,
foss fløymer
og liv vaknar.
Vår vandrar
i grender gamle.

søndag 29. mars 2009

Norge, mitt Norge....

Norge, mitt Norge! - så sover du tyst
i vinterens skinnende sale,
og ingen kan drømme så lett og så lyst
når elvene synker i dvale,
og ingen kan smile så stille og glad
når meisenes fløytende stemmer dør av,
og skogene sover i dale!



I dei siste dagane av mars hadde eg trudd at våren ville kome her sør i landet. Vel bur eg i fjell-Noreg, men eg hadde venta at snøen ville halde seg borte no. Eg var på bytur heilt sør i landet siste helg, og då varma sola så godt at eg måtte kaste både ulljakka og boblejakka der eg venta på bussen i buss-skuret. Kristiansand hadde rekordvarme den laurdagen med 15 - 16 plussgrader.
var eg bekymra for at all snøen på heia skulle tine og øydeleggje skuterføret. Gullungen og kjærasten hadde nemleg planlagt å få køyrt inn materialar til seterbua som ligg langt inne i fjellet. Dei vil stelle på veggar og golv, og då trengst det så mykje av alt at då er skuteren god å ha til å frakte med. Dei var utruleg heldige med veret og føret, og alt kom inn til støylen og inn i bua. Til sumars vil dei bruke fritida si på å rive og kle på nytt.

Det var så laga at eg var heime frå jobb denne veka, og i god gamaldags husfrueånd kunne eg stelle for dei unge som hadde travle dagar i fjellet. Nybaka stomp måtte til, og eg bestemte at denne veka skulle vi ikkje ha noko "fancy" mat. Ikkje pizza og foccatia, heller ikkje pasta og bernaise. Eg stod over grytene og laga lapskaus og fårikål, og dei fekk eplekaker - og flotmylje av nybaka braud.

Då eg vakna i dag tidleg, var verda atter kvit. Eg må vedgå det, det er no vakkert og. Eg veit at dersom berre sola kjem fram, så tiner alt. Og eg kan leite etter knuppar på gull-busken min.




Norge, mitt Norge! - så gi meg en vår
med sol over vuggende vanne!
Men hør meg, ja hør meg: når dagen forgår,
og aftenen skygger min panne,
da lær meg å visne, å Norge, min mor,
da red meg en seng i din hellige jord,
når sommeren drager av lande!

Theodor Caspari, 1853 - 1949.

søndag 15. mars 2009

And the winner is....


ENDELEG! Etter mange års røynsle - ikkje med pil og boge som Olav H. Hauge skriv - men med spade, grev, gummihanskar, gummibrett til å stå på kne på, pinnar, snor og FRØ har eg endeleg vunne 1.premien i jordbruksklubben.
Vi hadde årsmøte her ein kveld, og resultatet etter siste års hagearbeid vart kunngjort. Jordbrukssjefen har vore på vitjing i hagane til medlemene og sett nøye på korleis vi steller jorda og plantene. Eg har hatt 4.plassen i fleire år, så no var det godt å kome høgast på resultatlista. Medlemene er ihuga grønsakdyrkarar, og det var jammen godt at det i år også på denne pallen stod ein trønder. Det er når det verkeleg gjeld at trønderane viser seg fram: Hjallis, Toralf Engan, Petter Northug, Magnus Moan - og så mæ.

Det såg ille ut her i fjor vår, då ein hare hadde vore på ferde i kjøkenhagen min. Men eg har stått på; tynna og luka bort vassarve, meldestokk, kveke, løvetann. Brennesla laga eg suppe på, og alt det andre ugraset hadde eg i komposthaugen. Skvallerkålen kjempar eg mot i ein annan del av hagen. Ja, rett skal vere rett. Eg vil dele æra med hjelperan' mine. Hainn te mæ har køyrt fleire trillebårlass med saueskit i hagen min og snudd jorda. Han vil eg takke. Likeins med gullungen. Ho var heime den veka då ugraset hadde lagt seg som eit grønt teppe på jorda mi, og eg sjølv var bortreist. Ho gjekk på med krum hals, rivjern og ei lydbok i øyret. Då sjøla kom heim, var hagen eit vakkert syn. Men seinare har eg vore der sjølv, kosa meg med gulrottynning medan sola svei i nakken, pakka meir jord rundt lauken medan regnet krulla håret mitt. Og resultatet vart flott. Om æ ska sei det sjølv!
Jordbruksklubben eg er medlem av, er den einaste klubben i Noreg som berre driv med grønsakdyrking. Til eige bruk. Kva er vel betre enn å gå ein sumardag ut i hagen og ta inn det du vil bruke i dagens salat: salatblad, reddik, graslauk, ringblomar og agurkurt. Eller på haustkanten dra opp nokre gulrøter, som går i nistepakka, invitere vener til squashmiddag eller dele ut krukker med basilikum i aust og vest.
Og vite at alt er økologisk dyrka. Ikkje ein drope gift i min hage.
I kjellaren har vi framleis store, saftige gulrøter - lagt lagvis i mose. På kjellerveggen heng lauken, og i frysaren har vi erter, bønner og squash.
Ute er det enno vinter, men no må eg planleggje kva for frø eg vil kaupe i år.
Eg kan ikkje kvile på mine laurbær.

lørdag 7. mars 2009

Kvinne, dame, donna , dros, eva, fruentimmer.....


Til lukke med dagen, jenter!

101 år er det sidan 8. mars vart feira fyrste gong internasjonalt. Det var i New York at kvinnene kjempa for røysterett, og det vart vedteke i 1910 i USA.

Kor mange av oss er med og kjempar i dag? Er det lenge sidan DU gjekk i demonstrasjonstog?

Den som er ung i dag veit ikkje om anna enn likestilling på alle felt. På alle felt? Har vi lik løn for likt arbeid i dag? Har jenter dei same mogelegheiter som gutar?

Jenter og gutar vert oppseda etter same reglar i dag, i dei fleste heimar. Men det er ikkje til å kome frå at fleire jenter enn gutar vil leike med dokker, og fleire gutar enn enn jenter vil ha bil og traktor å leike med. Gullungen vår fekk trøtraktor og dokkevogn då ho var lita. Dokkevogna er velbruka, men traktoren står på løa og er mest like fin som for 25 år sidan. Men gullungen tok traktorsertifikat då ho var 16 år, og ho kan skifte hjul på bil, og ho kan setje opp gjerde. Det er meir enn mora kan.

Mora og ei venninne var på biltur gjennom Telemark. I ein sving punkterte dei . Ja, ikkje Den Svingen som Kjetil Brottveit skriv om i boka si, "Nattradioen".
Ingen hadde røynsle frå hjulskift! Venninna hadde nokså ny bil, og den var full-lasta. Mora til gullungen var redd for at reservehjulet var teke ut, slik at dei skulle få betre bagasjeplass. Men heldigvis, det låg på plass.

Ja, vi må ha ein jekk, sa den eine. Og kanskje instruksjonsbok. Jekken kom på plass, men korleis få hjulet opp frå bakken? Dei stod med nokre "dingsar" i hendene, men visste ikkje å få kople dei i hop. Vi tek ein kulepenn, sa den eine frua. Og då var jobben i gang: Kulepennen inn i eit hol, sveive rundt, tak kulepennen ut og få eit nytt tak. Slik heldt dei på. Det gjekk utruleg seint. Bil etter bil køyrde forbi, ingen stansa og ville hjelpe dei to middelaldrande fruene. Til slutt gjekk den eine frua ut i vegkanten og fekk stoppa ein yrkessjåfør. Han hjelpte til. På eit blunk var hjulet av, og på ein -to-tre var det nye hjulet på. JENTER, lær dykk å skifte hjul.

Men vi som er fødde under eller like etter Krigen, vi er ikkje opplærde til den slags.

I min barndomsheim var vi tre sysken, og eg var eldst. Men kven var det som fekk ansvar for å låse døra når foreldra våre var ute ein kveldstur? Jo, det var broren som var 2 år yngre enn meg. Og kven var det som fekk bruke Storkniven og skjere opp brødskiver når foreldra var ute? Det var den same broren. Så det er ikkje rart at eg ikkje kan skifte hjul - eller køyre traktor. Men eg er veldig flink til finare broderi og brødbaking.


Dei orda eg skriv i overskrifta har eg funne i Norsk synonymordbok (ved Dag Gundersen, Oslo 1970). Her kan ein sjå kor ulikt dei to orda "mann" og "kvinne"vert brukte og forståtte i norsk språk:

Synonym til kvinne: kvinne, dame, donna, dros, eva(datter), fruentimmer, kvinnfolk, lady, matrone, mor, nymfe, sjarmtroll, tøtte, yrkeskvinne, amasone, furie,
kakkenyn(n)e, pavinne, pimpernille, jåle, spjåk, fjolle, gås, høne.

Synonym til mann, derimot, er m.a. adam, det sterke kjønn, fyr, gentleman, herre, kar, kall, mannfolk, ektemann, gemal, make, arbeider, mannskap.

"Det maniske fruentimmer"


God helg til alle lesarar, frå ei kakkenynne (kva no det er).

Eg slo opp i fleire leksika for å finne tydinga av dette ordet.
I Norsk ordbok fann eg ordet, som kjem frå Frol.:

Det er ei kvinne som småpratar om laust og fast.

lørdag 28. februar 2009

I dukkehuset i Dukkevei 2....


I dukkehuset i Dukkevei 2
skal verdens heldigste dukke få bo.
Med lampe i taket og bittesmå stoler
og blomstervase til dukke-fioler,
og flaggstang med flagg og en dukke-garasje,
og kjøkken med godter og kake og brus
og innerst i hjørnet i første etasje
skal dukken til dukken ha dukkehus.

I et hus inni huset i Dukkevei 2
skal den knøttlille dukken til dukken få bo
og ha eget bad og en dukke-do.
Og teppe på gulvet og hyller med bøker,
og askebeger til dukker som røker,
og vinduer oppe og vinduer nede,
et spennende loft og en kjeller med mus.
Og innerst så lite at ingen kan se det- skal dukken til dukken - ha dukkehus.
ANDRE BJERKE

Det vart ikkje noko dokkehus på meg. Ikkje at eg venta det heller. Kvar skulle det stå? I eit husvere i byen på 2 rom og kjøkken er det ikkje plass til all verda. Men det var plass til dokkevogna mi, gyngehesten og gyngestolen. I dokkevogna låg Bjørn-Helge, babydokka som kosta 45 kr. hausten 1954. Då han kom inn i livet mitt, måtte Olemann vike plassen. Olemann hadde tøykropp fylt med sagmugg, og når han var pynta, hadde han på matrosdressen som mamma hadde sauma.

Olemann og May-Britt. Eller var det Inga-Lill?!

Det var gama å leike med dokker. Syster mi og eg hadde smådokkene i korger kjøpt på Martna'n, "påkledningsdokkene" hadde vi i skoesker under senga, og stordokkene låg i dokkeseng og vogn. Vi hadde namn på alle dokkene våre, og sjølv om det har gått over 50 år sidan vi leika med dei, kan eg namna på dei: Negerdokkene Tamar og Tom, svenskedokkene Inga-Lill og May-Britt, danskedokkene Margrete og Anne Marie. Syster mi hadde i tillegg Grete-dokka med hol i panna (vi sette på plaster) og Tullemor som ho sauma kleda til rett på kroppen. Vi sauma, hekla og strikka klede til dei.

Bjørn-Helge, 55 år gamal

Bror vår ville lage klede til lille-bamsen sin. Og han strikka genser og ryggsekk. Den dag i dag kan vi sjå kunstverket hans, for bamsen hans har fast plass på peishylla.
Syster mi hadde store-bamsen. Han var visst opprinneleg blå, men etter mange år og mange turar skifte han let.

Born i dag har dokker og bamsar og kosedyr i hopetal. Men alle har ein yndling - som får vere med dei overalt. Og mange må ha kosedyret med seg i senga kvar kveld.

Nalle er yndlingsbamsen til venninna mi på 5 år. (Bestemor hennar er av mine beste vener, så eg er svært godt kjend med barnebarnet). Prinessa som vi kallar henne, ringte meg ein kveld og fortalde at ho hadde mista den fyrste tanna si, og ho var redd ho hadde svelgt henne. Samstundes kunne ho fortelje at snart skulle ho på sjukehuset og operere auget sitt. Ho skulle til Oslo, men det er ikkje langt når ein reiser med fly, kunne ho fortelje.

I går kveld ringte ho meg på nytt og fortalde at no var ho heime att. Både ho og Nalle. Han hadde vore med heile tida. På flyet hadde dei fått Løvemat, og på sjukehuset hadde dei fått dessert kvar dag. Tenk det. Kvar dag. Ja, men du spiste vel middag og, sa eg. Klart det, sa ho. Det var jo fiske-middag. Det beste eg veit. Og veit du, sa ho, då eg vakna etter operasjonen hadde eg lapp på auget mitt, og det hadde Nalle og.

Neste gong du ser meg, er eg litt "annerledes", sa ho. Ja, men du er nok like pen og nuskat', meinte eg - og det var ho samd i.

Mora kunne fortelje at operasjonen hadde teke 4 timar. Vi var mange som var spente dei timane. Opphaldet på sjukehuset hadde vore bra. Der tok dei seg godt av både ungar, foreldre og Nallar. Prinessa hadde vore glad og sprudlande, og ho hadde jubla då ho vakna opp etter narkosen og fann indianerklede og pil og boge i senga si .
Fleire sjukehusopphald ventar.
HURRA for Prinessa vår, som er så tøff og livsglad.
Hipp hurra for foreldra , som har gjort henne så trygg .

søndag 22. februar 2009

Når sola stig og løyser vinterbandet....

I dag er det den 22.febr., og i primstavboka til Juel Lund vert denne dagen kalla
PER VARMSTEIN. Eller Persok. No tærer det på isen undantil, so isen kan vere fårleg. Det skulle vere St.Peter som kasta varme steinar i vatn og elvar og gjorde isen fårleg. Dei gamle seier at dersom nokon går ut på isen og fell gjennom, så har ingen plikt til å hjelpe. Då kan han berre ha det så godt, han kan for ulukka sjølv.
Vi merka godt at Per varmstein arbeidde i dag. Det var plutseleg +-grader, og snøen minka. Det draup frå tak, og eg trur eg høyrde fuglekvitter. Sola vermde gjennom stogeglasa, så vi fyra berre i dag tidleg. Dagane er mykje lengre no enn i jola. Som sagt før, det går rett veg i år og.

VINTERSONG

Når sola stig og løyser vinterbandet
og våren glitrande går over landet
då syng ein fugleher i li og lundar
og frigjer alt som mot forløysing stundar

Når isband kuar blomane og ordet
og fonna stig i vinterhugen trist
då er den siste rest av jubelkoret
ein sporv i tun ein kjøtmeis på sin kvist

Ver helsa vengde blomar på vår jord
kom att kvar vår og syng i lauv og sky
la hugen stige bløme enn ein gong

Men sporv og kjøtmeis høyr mitt siste ord:
Om alle flyr må ikkje de to fly
med dykkar fattigslege vintersong

RAGNVALD SKREDE


Det er også fastelaven i dag. Vi hadde ikkje fastelavensbollar til kaffen, men vi hadde laup. I min barndom hadde vi ofte laup til fastelaven. Er det noko betre enn nybaka laup med smør og brunost? Eg laga ein stor porsjon, så eg kan ha med til nyste kvar dag denne veka.

LAUP
700 g kveitemjøl (14 dl)
300 g grovt sammale rugmjøl (6 dl)
100 g margarin
200 g sirup
1 ts salt
2 ss anisfrø
ca. 7 dl mjølk
70 g gjær

Hev deigen godt, både før og etter utrulling
Steik laupane i 15 - 20 minutter i 200 gr C.

Njot maten!

tirsdag 17. februar 2009

Jeg tror, jeg tror på sommeren...

Eg fekk eit oppdrag frå ei blogg-venninne: Finn fram det 6.biletet i samlinga di, og skriv soga rundt biletet.
Gullungen kom heim på sumarferie, og ho ville absolutt måle løa. Ja, vi hadde jo sett lenge at det trongst nokre liter beis, men korleis skulle vi få måle den store og høge veggen heilt opp til mønet? Inga sak, sa den unge jenta. Pappa leiger ein lift, og så tek du og eg turen opp i høgda.

Eg er ikkje skuggeredd, og kunne ho styre liften, så kunne no eg vere med.
Kl. 08 var liften på plass, og ho og eg for nesten til himmels. Vi var sikkert 15 meter over bakken. Det er litt skummelt å stå i høge stigar, men dette var berre kjekt. Gullungen styrte liften - som om ho ikkje hadde gjort anna i livet - litt lengre opp til høgre, inn til veggen og vri han litt.
Vi beisa og lo, song og skråla - og stundom vinka vi til folk på bakken. Det var no helst Hainn te mæ som kom for å sjå korleis vi greidde brasane. Vi imponerte, for arbeidet gjekk unna.

Sola steika godt i ryggen på oss. Vi kasta det eine plagget etter det andre, og vassflasker og solkrem med faktor minst 20 kom fram. Då kl. var rundt 12, måtte vi ta pause. Då var det for varmt. Verken den beisa veggen eller vi hadde godt av solstrålene. Vi måtte vente til skuggen kom, og det var ikkje før eit bel utpå ettermiddagen.
Då stod vi på'n att, og då mørkret senka seg over garden, var den løeveggen ferdig.
Denne sers varme dagen var ein måndag. Eigentleg burde eg ha synt bilete frå laurdagen og, då vi måla den hi sida. Då stod vi mesteparten av dagen i skuggen - i boblejakke, skjerf og langbukse. Og fraus.

Det er godt å bu i Noreg - med skiftande ver. Etter eit par veker med streng kulde her sør, har vi det no helst "mildt". Berre 5 minusgrader, og snødjupna er rundt 40 cm. Men dagane er lengre, sola er komen over Honnås. Det blir nok vår og sumar i år og. Då skal vi vel beise resten av løa. Kjenner eg Gulllungen rett.

søndag 8. februar 2009

Jeg snører min sekk, jeg spenner mine ski...

Praktfullt vinterver på denne 8. februardagen. Eg måtte berre ut frå omnskroken - med ski på beina - og ull både inst og ytst! Anna hjelper ikkje. Det var faktisk 14 minusgrader då eg starta noko før kl.11. Eg spente på meg skiene rett utafor stovedøra. No har vi nesten 40 cm snø, det glinsa i dei kvite snøkrystallane då eg for bortetter vegen. Nydeleg sledeføre ville dotter mi sagt, om ho var heime.

Eg hadde i grunnen lagt skiene på hylla, men når vintereventyret ligg rett utanfor husveggen, er det stor synd å ikkje bruke det. Eg likar best bortover- ski, så eg tok ein times tur nede på elva. Det var masse spor etter rådyr. Andre skilauparar enn eg hadde det nok ikkje vore her i dag. Så eg laga mine eigne låmer. Trea var fulle av nysnø, og det var ingen oppover- eller nedoverbakkar. Eg gjekk elva på kryss og tvers og fekk opp farten. Sola varma, brilleglasa dogga og selbuvottane måtte av. Riktig fin diagonalgang hadde eg. Farten var nok ikkje som Harald Grønningens, men eg vart god og varm - og kosa meg retteleg. Og det trur eg ikkje mange skilauparar gjer i dag. Dei fleste halsar av garde som om dei har den vonde i hælane. Ser dei spor etter rådyr eller harar? Har dei tid til å ete ei appelsin eller sprette ein Kvikklunsj?

I gamle dagar, den gong eg budde i Trondheim, var bror min og eg kvar sundag på ski heile sesongen. Syster vår var allstøtt så lita, så ho måtte bli heime. Vi tok bussen opp til Skistua - og vi rente ned til Vintervatnet og for til Kvistingen, Storheia og Elgset'hytta. Eg var liksom Harald Grønningen, og han var Håkon Brusveen (eller var det Hallgeir Brenden?) , og vi kappast om å gå fortast. Heimover tok vi Rustadrenna - eller Måneskinnsløypa med Damenes fallgruver. Vi for ned Steinberget, ned til Ila og tok trikken heim. Vinterstid hadde alle trikkar skistativ utafor kvar vogn, der feste vi skiene våre. Stavane kunne vi ta med inn.

Skiene eg brukte den gongen, er no festa på bror min sin skivegg. Skipar nr. 3 frå venstre fekk meg greitt både opp og ned bakkar. Den gongen var det berre treski, og vi smurte med blå Swix, parafinvoks eller talgljos.

Eg trur ikkje vi song når vi for av garde i skiløypene, men det gjorde eg i dag. Åleine som eg var nede på elva, sette eg i med ei av songane eg lærde på skulen:

Eg snører min sekk, eg spenner mine ski
nå lyser det så fagert i heien.
Fra ovnskroken vekk! Så glad og så fri
mot store, hvite skogen tar jeg veien.

I fykende fei, jeg baner meg en vei
blant vinterkledde stubber og steiner.
Den susende vind meg stryker om kinn,
og snøen drysser ned fra lave greiner.

Margrethe Munthe

fredag 30. januar 2009

Så mange bøker, så lita tid...

Bloggen min skal m.a. vere om blomar og bøker; men det har blitt svært lite om bøker. Og det er ikkje fordi at eg ikkje les. Nei, du - her ligg det bøker kvar eg vender meg - både heime og på arbeid.
Så mange bøker - og så lita tid... (Desse orda stod på ei t-skjorte eg fekk til jol - So many books, so little time). Men slik er det vel for den som har mange jern i elden.

Eg har ei tevling gåande med ei lita venninne på 10 år. Kvar for oss skriv vi opp forfattarar og titlar på bøker vi har lese, og målet er å lese 50 bøker på eit år. Venninna mi greidde det alt fyrste året, men eg som har halde på i tre år, greier det ikkje. Året mitt går frå mai til mai - og no er eg oppe i 28 bøker, og eg har heldigvis nokre veker att. I fjor las eg 32 bøker, og året før vart det jammen meg 43 bøker.

Akkurat no held eg på med tre bøker:
Lydboka " Jeg forbanner tidens elv" av Per Petterson høyrer eg på når eg held på med handarbeid eller køyrer bil.
På nattbordet ligg boka til Ian Sansom : "Bokbussdetektiven og mysteriet med dei forsvunne bøkene". Den er veldig humoristisk. Ein ung og urban lesehest frå London reiser til Nord-Irland for å få den draumejobben som bibliotekar; men biblioteket er stengt og bøkene er borte. Mange artige episodar, og boka er godt omsett av Tove Bakke.

Lesesirkelen eg er leiar av, les bøker frå Baltikum i år. Vi skal ha møte om ei vekes tid, og til då må eg ha lese ferdig "Fiskerens sønn" av den latviske forfattaren Vilis Lacis.
Vilis Lacis har vore statsminister i Latvia, og han fortel om livet i ein liten latvisk fiskarlandsby tidleg på 1900-talet. Folk lever under trasige forhold, og hovudpersonen, Oskar Klava, strevar og strir for å greie seg.

Eg hadde stor glede av å lese den siste boka til Tore Renberg:" Charlotte Isabel Hansen". Her har Jarle Klepp blitt far. Jarle Klepp høyrer vi om i "Mannen som elsket Yngve" og "Kompani Orheim."

Vil du ha andre boktips? Eg likte godt "Slottet i Pyreneene" av Jostein Gaarder. Magnhild Bruheim har skrive ei spennande bok frå nord-Gudbrandsdalen "Nattskrik". Tove Nielsen og Edvard Hoem har slått seg saman og skrive boka "Jordmor".

Neste veke vert travel. Eg skal på basar, på quiz og på to styremøte. Døgnet har for få timar; kanskje eg på byrje å lese om natta. Eg må prøve å greie meg med mindre enn 8 timar med svevn.

tirsdag 20. januar 2009

I have a dream....

Skal tru om Martin Luther King jr. i sine villaste draumar kunne sjå for seg at 5 dagar etter sin 80årsdag ( han var fødd 15.januar 1929) ville ein afroamerikansk president bli teken i eid som den 44. amerikanske presidenten. Det umogelege har skjedd, det vart sagt fleire gonger i dag frå fjernsynsoverføringa frå Washington D.C.

Martin Luther King jr. var min helt i skuledagane, og eg skreiv særoppgåve om han på gymnaset. Mamma og eg tala mykje om korleis dei svarte hadde det i Statane. Den dagen han vart skoten - 4.april 1968- klyppte vi ut bilete av han frå avisa og sette det på skjenken med ei svart ramme rundt biletet. Martin Luther King jr. ville nok juble i himmelen i dag.

Juble - ville nok Lilly også gjort , ho vi såg i i fjernsynsserien Ein vakker dag, for mange år sidan. Tenk, kor vanskeleg dei svarte hadde det berre for 50 år sidan. Far til han som vart president i dag kunne ikkje ein gong gå på den restauranten han ville, og no er sonen president.

BARACK OBAMA vart den nye presidenten. Og han viser at berre vi vil, så kan vi alle få til det utrulege. Yes, we can!
I dag har eg spelt Sousamarsjar i vilden sky og heia på deg, Obama.
Lukke til med arbeidet ditt. Helsing frå ein trønder-fan.

tirsdag 13. januar 2009

IS-SLOTTET - og gamle, varme minne

"Unn såg ned i ein trollheim av små tindar, takkvelvingar, rima kuplar, mjuke bogar og forvirra kniplingsverk. Alt var is, og vatnet spruta mellom der og bygde stadig vidare.

Greiner av fossen var avleidde av is og f'ór i nye leier og laga nye ting. Alt skein. Sol var ikkje komi, men det skein isblått og grønt av sitt eige, og dødskaldt."




Desse orda er henta frå "IS-SLOTTET" av Tarjei Vesaas.
Eg tenkte på denne boka då eg reiste gjennom Telemark i helga. Snøen hadde regna bort, og mange stader hadde isen laga vakre formasjonar i landskapet. Det kunne vere isslott, både her og der.
Eg var på veg heim etter å ha teke avskil med ei god venninne. Ho døydde av kreft i ein alder av 63 år. Det vert eit stort sakn etter henne - i familien, blant vener og på arbeidsplassen.
Det er mange minne som kjem fram, medan ein sit der og humpar på bussen . Vi vart kjende for vel 40 år sidan, då vi båe starta på den same utdanninga. Vi hadde mykje moro dei åra vi var saman i Oslo.
Året før vi starta i Oslo hadde ei av mine barndomsvenninner fått seg pennevenn frå Sveits. Det lyt du og få, sa Randi - du vert så flink i tysk når du skriv brev. Ho skulle få Kurt, venen sin, til å sende meg nokre namn. Men det gjekk både vinter og vår, og eg høyrde ingenting. Eg reiste til Oslo og til studiar og gløymde at eg skulle få ein brev-ven.
Ein dag får eg brev frå mor mi der ho skriv at det har kome 5 -6 tyske brev til meg. Ho skal sende dei etter helga. Men då eg opna pakka heimanfrå var det 12-14 brev der.
Veka etter kom eit nytt brev frå mor mi der ho seier at far min skjems når han går og hentar posten, for det renn ut fleire titals brev, kvar dag. Frå heile Europa, Arabia og det fjerne Austen, ja, til og med frå Afrika. No skulle ho få tak i ei stor eske, så snart skulle eg få DET lesestoffet. No må du berre ikkje la brevlesinga gå ut over skulearbeidet ditt, sa ho.
Då brevpakka kom, inviterte eg venninna mi på hybelen til brevlesing. O g vi las og las - og sorterte i bunkar. Ein bunke med Tarzan-fyrane (dei ville vi ikkje ha), ein bunke med kanskje-typar, og ein bunke med brukbare. Vi valde to brukbare kvar, og andre venninner fekk og velje.
Ard frå Holland vart ein av dei utvalde for venninna mi. Han skreiv at han var politimann, og han kunne tenkje seg ein tur til Noreg. Etter nokre månader kom han på vitjing, og vi andre venninner fekk og høve til å treffe han den veka han var her i landet. Nokre kveldar etter at han var reist sat venninna mi og eg på hennar hybel og høyrde på Ønskekonserten. Medan vi lytta til musikken frå "Den flygande hollender" kom hybelvertinna hennar og sa at det var telefon til henne. Det er sikkert den flygande hollender, sa eg og lo. Men eg vart bra lang i maska då det synte seg at det faktisk var Ard i telefonen.
Fleire år seinare hadde vi båe gløymt histora med alle breva. Då fekk ho ein dag besøk av framandpolitiet i den byen ho då budde i.Dei ville vite kva slags kontakt ho hadde med hr. Ard, han hadde visstnok gjort noko ulovleg og politiet kunne ikkje få tak i han. Visste ho kor han var? Namnet til venninna mi hadde dei funne i husveret hans, og dei hadde oppsøkt hybelvertinna hennar frå studietida.
Korleis det gjekk med han - og kvifor framandpolitiet ville ha tak i han, fekk vi aldri vite.
Men ei god historie vart det. Og eit morosamt minne. I ei sorgfull tid.

torsdag 1. januar 2009

Gamle året seig i hav




Gamle året seig i hav, siste dag i dauden bleikna;
men i aust det atter kveikna, ny-fødd sol stod upp or grav.
Ljoset fram or myrkret stiger, som på fyrste skapningsdag.
Sol og dag er fødd til siger, myrkret dømt til nederlag.




Gome ville at vi skulle syngje denne nyårssalma av Blix når vi sette oss til bords nyårskvelden. Det gjorde vi allstøtt i dei åra ho levde. No er vi ikkje så mange til bords lenger, så det vert ikkje mykje song. Men Joleevangeliet høyrer med på jolekvelden. Det er det Gullungen som les, og det har ho gjort i alle år sidan ho lærte å lese. På video har vi ein film om ein liten og alvorleg åtteåring som les om gjetarane på marka.



Vi har og bilete av Gullungen når ho som ungdom køyrer rundt med hest og slede og leikar jolenissen. Ho var innom mest kvar gard i grenda vår og ynskte god jol og leverte ut jolepakkar. Eg trur ikkje ho var så nøgd i den raude nissdrakta, for året etter kledde ho seg som ein fjosnisse - i vadmålsbukser, grove beksaumsko, brun heimespita lue og grått krøllete skjegg (ho hadde ofra noko av eit grått saueskinn).



Jola 2008 har gått over i historia. Det var ei god jol, med få endringar frå tidlegare år. Joletreet vart hogge i rett tid, og det kom på plass i god tid før høgtida vart ringd inn. Peparkakehuset er flott, men slik blir det vel når ein bygningsmann har regien. Gjester har vi hatt, frå fjern og nær. Tevlingskvelden (eller quiz som det heiter i urbane strøk), var vi i storform, alle fire. Det trudde no eg. Men så kom spørsmåla , frå Aftenposten og Morgenbladet, og dei gjekk ikkje heilt i vår gate. Få av oss hadde greie på franske filosofar og fransk kunst. Nei, neste år skal vi sjå om ikkje Nationen har spørsmål som høver for oss alle. Vi var like gode, i år og.




Jolefesten i mållaget er eit av dei store høgdepunkta i jola. I år med flott konsert av ein av våre store hardingfelespelarar. Folk kosa seg. Og risengrynsgrauten var god. Den hadde eg jobba med i 2 -3 timar, så det skulle berre mangle. Det er vanskeleg å seie kor mange som kjem på ein slik fest, og difor må ein lage ekstra med mat. Mat skal ein ikkje kaste, men det var få av kjøkkengjengen som ville ha restar med heim. Difor et no vi graut til dugurds mest kvar dag - og er det ikkje graut, så er det riskrem. Sjølv om grauten var aldri så god, så har no eg fått nok no - trur ikkje eg lagar ny graut for bortimot påske!



GODT NYTT ÅR!