søndag 10. mai 2009

Lesehestar kan og skrive -

Leseåret 2008/2009 (som startar og sluttar i mai) er no snart til endes. Har eg i år nådd målet mitt som er å lese 50 bøker?
50 bøker - det er mest ei bok i veka. Det skulle vel ikkje vere problem for ei som har haugar av bøker overalt - og som kan leite i alle boksamlingane i landet etter Den boka. Men døgnet har framleis berre 24 timar, og eg må sove i 8 av dei. Eg må lage mat og ete, gå på jobb, gjere noko naudsynt husarbeid, kanskje sjå litt fjernsyn og strikke litt. Eg har imidlertid gjort så godt eg kan, og resultatet er 41 bøker.

Mange av desse 41 bøkene har gitt meg gode leseopplevingar og leseglede. Somme bøker er slik at du må lese side etter side, så fort du kan- for det er så spennande. Andre bøker les du seint og nyt kvar setning.

Eg er ein bokslukar, har nok allstøtt vore det. Eg er oppvaksen med biblioteket berre 2 minutt frå huset der eg budde. I barndomen var eg på bibber'n kvar dag: Lånte ei bok og gjekk heim for å lese - og neste dag attende med boka og låne ei ny. Eg kan til og med minnast den fyrste boka eg lånte på eige bibliotekkort. Det var "Gun og bølgene". (Trur eg fekk fatt i den på eit antikvariat for nokre år sidan).

Eg les barnebøker og bøker for ungdom. Ei av barnebøkene eg hadde stor glede av å lese var "Ved Arken klokka åtte" - av Ulrich. Det var Noah som ba alle dyra om å kome til Arka. Fornøyeleg!

Ungdomsbøker likar eg og. Per Nilsson skreiv for fleire år sidan "Hjertets fryd"; om den unge guten som vert ulukkeleg forelska i jenta med det raude håret og den grøne genseren. Ho som duftar av sitronmelisse (eller hjertets fryd som det visstnok heiter på svensk). No har det kome eit framhald. "The return of Hjertets fryd". No får vi vite korleis det gjekk med den unge guten året etterpå - og kvifor den unge jenta ikkje ville ha meir kontakt. Bra ungdomsbok.
Berre titelen på Bjørn Sortland si siste bok gjer at du får lyst til å lese den. " Kva tåler så lite at det knuser om du seier namnet på det".
Ingelin Røssland har skrive spennande bøker om Engel Winge. "Englefjes" og "Englejakt". Engel er ein tøff tenåring som har sumarjobb i ei lokalavis og prøver å finne ut av mysterier på heimstaden sin. Det er ei fargerik og sterk jente - med eit frodig språk.
Anna Gavalda har og skrive for ungdom. "35 kg håp" handlar om Georg som er 14 år, hatar skulen, har dumpa og er no utvist. Men han kjem til slutt på ein skule der han trivst.

Ein burde kunne lese litteratur frå nabolanda på originalspråket. Eg har faktisk lese to bøker på svensk. Ja, omsett til svensk frå latvisk. Den fyrste boka tok det tid å kome gjennom, den andre gjekk mykje betre. Vizma Belsevica har skrive sjølvbiografiske romanar "Bille och kriget" og "Billes skøna ungdom". Bøkene gjev eit godt bilete av livet i Latvia under siste verdskrigen og dei fyrste åra etter krigen. Desse bøkene likte eg godt.

Eg er glad i høgtlesing. Då er lydbøker midt i blinken. Lasse Lindtner les bøker av Gunnar Staalesen. Han skifter mellom uike dialektar, og lydbøkene vert som høyrespel. "Kalde hjerter" og "Begravde hunder biter ikke" var spennande!
Høyrespel frå NRK er allstøtt moro å høyre på. Ein av mine favorittar er "God natt, mister Tom" av den engelske forfattaren Magorian. Det er krig i England, og vesle Will vert sendt ut på den engelske landsbygda for å kome unna bombinga av London. Eit rørande og godt forhold mellom den redde, vesle guten og den eldre mannen, Tom.
Harry Bernstein var over 90 år då han skreiv sine to sjølvbiografiske romanar. "Den usynlige muren" handlar om barndomen hans i England. Han budde i ein by der dei kristne budde på den eine sida av gata , og på den andre sida av den usynlege muren budde jødane.

Tysdag 12. mai startar mitt nye leseår. 4 bøker ligg klare !
Skal eg starte med framhaldsboka til Harry Bernstein - "Drømmen". Då har familien til forfattaren reist frå England til Amerika, men vert det nye livet som draumen dei har drøymt?
Eg gled meg til Anna Gavalda si nye bok "Lykka er ein sjeldan fugl", men den skal eg kanskje gøyme til pinsa? Kva med "Barn av Stalin. Tre generasjoner i krig og kjærlighet" av Owen Matthews?
Nei, eg trur eg tek "Dewey". Av Vicki Myron. Den handlar om bibliotekkatten som erobra småbyen og tok ei heil verd med storm!
Det må vel vere noko for meg i desse vakre, men akk så kalde maidagane.