onsdag 30. juni 2010

Hønseføtter og gulerøtter...

Hønseføtter og gulerøtter
og halsen av ein svane.
Den som kysser småjentene,
han har ein underleg vane.

Eg er så heldig at eg har 3 høner og ein hane i ein hønsegard nede i hagen. Å, for ei lukke - og for ein velstand med 3 nylagde egg kvar dag. I år er eg riktig flink til å luke ugras - både i kjøkenhagen og i blomhagen, og kvart eit trillebårlass eg har med kveke, vassarve, meldestokk, skvallerkål og og anna utyske køyrer eg inn i hønsegarden. Hønene likar kan hende ikkje alt dei får, men dei et det dei vil ha, sparkar i jorda og finn makkar, og dei har det riktig så triveleg.
Det kan eg sjå på egga, for gulare plommer enn det som er i desse egga, får du ikkje i den flottaste matbutikken på Karl Johan.
Vi fråtsar mest i eggemat. Den eggerøra eg lagar er mest så gul som sola, og sukkerbrøda mine er høge og flotte. Pannekakene mine er like så gode som dei du får i Holland, men mine er gulare. Og ikkje noko kunstig farge her på garden , nei.

Men her ein dag oppdaga eg noko rart. Mystisk var det. Storleiken på egga har vore den same i mange veker - alle tre egg like store. Men så ein dag låg det eit lite egg i rugekassa. Egget hadde same let som dei andre, det var berre mindre. Jasså, tenkte eg - er det ei av hønene som er misfornøgd. Er ikkje maten god nok? Her får de restar frå det Homske kjøken, og kvar dag får de smular frå landhandelen i bygda - og ikkje nok med det. Eg gjev dykk ferskt grøn-for.
Vil de kanskje streike? Har de høyrt om streiken i kommunesektoren?(Ja , det var på den tida dette hende).








Eg funderte ei stund på mysteriet med dette egget. Dagen før var det hakka eit hol i eit av egga i verpekassa. Kven er det som tergar meg? Har vi ubudne gjestar i hønseriet vårt?


Dette biletet syner storleiken på det lisle egget og det vanlege hønseegget.
Plutseleg slår ein tanke ned i meg. Tidlegare år har vi hatt ein gauk i hagen vår, og ein dag sat han/ho i det eine epletreet og gol, og eg kunne mest sjå drøvelen på han. I fjor var det ingen gauk her, men i år hadde eg sett han sitjande på hagegjerdet.
Mysteriet vart løyst. Gauken måtte det vere. Han legg eit egg i andre sine reir.
MEN korleis hadde han kome seg inn i hønsehuset?? Hønsegarden har høgt gjerde rundt seg - av hønsenetting. For å kome inn i hønsehuset måtte han fyrst kome seg inn i hønsegarden, så inn gjennom luka til hønsehuset og leggje egget i rugekassa. For ein luring.
Men eg vil ikkje ha nokon gaukunge i hønsegarden, så eg har egget i kjøleskåpet. Du skal få sjå det når du kjem innom.

søndag 13. juni 2010

No plantar kvinna ..

No plantar kvinna i verda eit tre.
På kne liksom ein som bed
ligg ho blant restene etter dei mange
som stormen har brote ned.
På ny må ho prøve, om ein gang eitt
får vekse seg stort i fred.
Ho opnar molda og reier eit rom
for røtene, fine som hår,
så dei kan få feste og finne ned
dit livsene straumar går.
Plante eit tre er å bygge ein veg
fram gjennom mange år.
Ein draum om det fullvaksne treet
står som ein kvelving bjart
av blomar og lauv over kvinna,
som klappar så fast og vàrt
mold inntil røter, og vonfull tel
kvar knupp som skal breste snart.
----
Da dirrar treet, og handa som held det,
og grunnen der det er fest.
Kva er det? Skalet kring kjerna
av mørker i djupet, som brest?
Ho set dei utspilte hender mot molda
som ville ho tvinge til ro
den trugande dirring. Å jord, ver still,
ver still, så mitt tre får gro.
Halldis Moren Vesaas


Gubben og Gamla var i aktivitet i førre veka i epletre-hagen. Ein gamal Transparent Blanc måtte bort. Treet hadde bore frukt i mange år, gode saftige eple: Dei fyrste vi fekk tidleg om hausten. Dei siste åra hadde det imidlertid vorte mindre frukt, og treet såg noko skralt ut. Det hadde tjent eigarane godt; men alt har ein ende. Då treet var lagt i bakken, kutta eg av mange blomerike kvister, tok dei inn og sette dei i vasar. Ja, til og med ute sette eg ei stor grein til pynt. Hainn te mæ som er litt av ein kunsthandverkar, tok vare på stammen. Han kjem sikkert til å lage noko fint av den.

Men holet i bakken stod ikkje tomt lenge. Dei unge i familien var raskt på plass med eit nytt tre. Denne gongen eit pæretre.
Så får vi vone at det vil vekse seg stort og gje mange gleder til nye generasjonar.

tirsdag 8. juni 2010

Gubben og Gamla..



Gubben og Gamla låg og drog og ikkje fekk opp rota...

Denne songen kom i tankane mine her ein dag då Hainn te mæ og æ hadde ein viktig jobb å gjere i hagen. Ein gamal apal skulle bort frå denne verda. Epletreet hadde bore frukt i mange, mange år, men no var han så gamal og skulle heller gje plassen til nokre yngre.


Hainn te mæ hadde gått rundt treet fleire gonger og undersøkt og tenkt ut gode løysingar til å få treet ned. Kan du ikkje berre finne fram motorsaga, sa eg. Ja, då får vi jo treet ned, men kva med rota? Det hadde jo ikkje eg tenkt på.


Hainn fann fram spaden og tok til å grave bort jorda rundt stammen. Eg stod klar med trillebåra, og vi fylte den med den gode svarte molda.

Spettet kom fram, og Hainn te mæ fann ein passande stor kubbe til vågemat. No kunne han bryte opp rot for rot rundt treet. Snart var treet så laust at vi kunne bryte det ned med handmakt. Hainn te mæ er bra sterk, og eg og gav jernet(!). Treet låg snart løyst frå Moder jord, som hadde næra det i minst ein mannsalder.

Då ungfolket kom, var jobben gjord.

Dei Gamle er framleis eldst.