Ja, det har eg.
Vaska golv, mange gonger. Men eg kan ikkje skryte på meg noko
vedbering, for det gjer Hainn te mæ, og han fyrar så det durar i omnan'.
Fuggelband har eg ikkje fått tak i, og eg har heller ingen havreåker i år. Eg hadde det nokre år. Vi laga jolenek og stod i sentrum og fraus på fingran' og selde Dei var fine - i utgangspunktet - knytte på den gamle måten. Eg hadde ein stor haug i løa, men då eg tok dei fram i desember, hadde det vore mus i haugen, dei hadde riktig kosa seg, så eg måtte slå fleire band saman for at det skulle bli mat til småfuglan'. Nei, dette vart ikkje noko nisje for meg, nei.
Treet kan eg ikkje pynte, for det er ikkje i hus. I min barndom hadde vi pynta ferdig hus og tre, lislejolekvelden. Men dit eg kom då eg gifta meg, var det andre skikkar. Og ein må jo ta skikken der ein kjem.
(I alle fall ei stund). Her henta dei joletreet på jolekvelden. Og det skulle vi pynte når jola vart ringt inn. Men vi endra fort på den skikken, og no får vi treet i hus på lislejolekvelden, og vi pyntar det den kvelden.
Vogga kan eg godt rugge på, for der ligg jo Bjørn Helge. Bjørn Helge vert 54 år på jolekvelden, og han er framleis gullande snill. Han er ei babydokke , kan skrike om du legg han på magen og han kan late att augo når han søv. Den dokka hadde eg sett i eit butikkvindauge , der dei selde dokker og barneklede. Heile hausten i 1.klasse sparte eg alle øra eg fekk. Kroner var det ikkje så mange av, den gongen, og eg kan minnast at han kosta 45 kr. Nokre dagar før jol mangla eg enno 15 kr., og eg vona at eg fekk pengar til jol så eg kunne handle på nyåret. Syskenbarnet mitt, han Knut, hadde sagt at han ville gje meg 3 kr. i gåve, så eg hadde ei von om dokka.
Stor var gleda då eg fekk ei veldig stor pakke på jolekvelden, og eg kunne mest ikkje tru mine eigne auge då eg såg dokka . Han hadde ordentlege babyklede, og han smilte til meg. Det var gått gjetord i familien at eg sparte til denne dokka, og det var mange gåvmilde gjevarar som ville glede meg.
Namnet hans berre kom av seg sjølv. Stundom leika vi at han var jente, då var namnet Rikke.
Eg kan godt dra krakken bortåt glaset og finne
leia til jolestjerna. Den skin ikkje over noko jordmorhus her i bygda, men over den spesielle fjelltoppen vi har. Segna om det fjellet seier at den dagen 7 systrer gifter seg med 7 brør, skal fjellet ramle ned. Men eg er ikkje redd for det. Folk får så få born no til dags.
Alle veit at det er Alf Prøysen som har skrive Julekveldsvisa. Med sine 7 vers rommar den heile joleevangeliet. Så enkelt kan det seiast.
-"og såmmå å som hende er stjerna like stor
-du ser a over taket der a Jordmor-Matja bor".