Men elles er treet riktig fint. Med ljos og flagg og kuler. Ingen strikka-kuler kom på treet, enda eg har laga ein masse. Dei havna i mange jolepakker som vart sende hit og dit. Dei som ikkje har fått kule i år, ynskjer seg kanskje til neste år? Eg strikkar gjerne. No spørs det om det vert mange gama fjernsynsprogram i det nye året. Det er nemleg då eg tek fram spitet, framom skjermen går strikkepinnane som olja lyn.
og let Haust springe fritt. Saman sprang vi rundt og rundt hekken. Haust etter og eg føre, (eller var det omvendt?) og etter ein halvtime hadde vi trimma nok. Tykte eg.
Då gjekk vi inn og vermde oss framom omnen.
I desse kalde dagar er det rikdom å ha mykje ved. Vi er styrtrike, for vi har ved både inne og ute, heime og på heia. For den del kan Fimbulvinteren berre kome att.
5 kommentarer:
Godt Nyttår til deg også & takk for julegaver - (du har en andel i min nye caps).
Julekuler (og ved) kan du sende min vei, når som helst du måtte ønske :-)
Godt nyttår!
Ja, det var jammen eit lite gull du hadde med deg der! Tenkjer du og ho fekk trimma kvarandre godt :-)
"Den som har ein hage og eit bibliotek, vantar ingenting", har vore mantraet ditt før, men eg mistenkjer at me bør utvide ordtaket til "den som har ein hage, eit bibliotek OG NOK AV VED...", itj sant?
Eg au eldar i omnen når det er kaldt og mørkt om kveldane, ikkje berre gjev det varme, men også kos. Ha ein fin dag blant bøkene!
Godt nytt år! Du er heldig som får låne hund av og til. Og i desse etterjolstider der alle pratar om trim og atter trim, får du din porsjon trim like i nærleiken av huset ditt. Ikkje nok med det, du kan ha det så varmt du berre vil - du som har ladningar med ved. Her på Austlandet er ingen bjørkeved å få tak i, så vedskiene vert lagt i peisen med andakt.
Godt nyttår. Så flott at det ble liv i bloggen din igjen. Jeg plages med blogg-tørke, og den ser ikke ut til å gå over med det første. Kankje ikke før det blir sol og sommer og vi er i Spania igjen.
Å løpe etter en "liten" hund er gratis trim, og det er flott
Legg inn en kommentar