fredag 31. oktober 2008

Det hev ei rose sprunge..



Det hev ei rose sprunge ut av ei rot så grann.
Som fedrene hev sunge, av Jesse rot ho rann,
og var ein blome blid
midt i den kalde vinter
ved myrke midnatts tid.

Um denne rosa eine er sagt Jesajas ord.
Maria møy, den reine, bar rosa til vår jord.
Og Herrens miskunnsmakt
det store under gjorde
som var i spådom sagt.

Guds rosa ljuvleg angar og skin i jordlivs natt.
Når hennar ljos oss fangar, ho vert vår beste skatt.
Me syng i englelag:
No er det født ein Frelsar,
og natti vart til dag.

Etter ein tysk song frå 1500-talet ved Hognestad.

Denne songen har eg nynna på og sunge i heile oktober. Ikkje for at det er jol snart, men fordi eg har så fine roser i vinterhagen. Eg hadde gule og raude potte-roser på verandaen i heile sommar, og dei stod lenge med blomar. Så vart det haust, og jammen kom det nye knoppar. Eg var redd dei ville fryse for meg og bar båe krukkene inn i vinterhagen. Der er det no flotte raude og gule roser - og endå mange knoppar. Dei vil glede meg i mange haustveker. Og eg syng - kvar gong eg går forbi dei.
Det er dei små gledene som er viktige.

4 kommentarer:

Fivrel sa...

Roser er nydelege blomar; før tykte eg liksom dei var for typiske og vanlege og klisjéaktige - men i sumar vitja eg Baroniet i Rosendal, og fekk ei openberring. Roser er vakre! Så no har eg byrja drøyme om ein rosehage i Engelsk stil. Tenk deg, ein Romantisk Engelsk Rosehage med bogegongar og små benkjer rundt omkring. Men det skal få lov å vere eitpar kvite syrinar der au, og peonar, og eit frodig drivhus.

Ah, det er lett å drøyme, serleg når jorda er rimfrosi og kvit utom glaset ;-) Ha ei god helg! Klem :-)

Lilledora sa...

Du, vi må ha et sterkt band vi, for jeg og har gått og sunget på "Det hev ei rose sprunge..." men jeg sang den på bokmål jeg da, og til rosene i haven min som ikke ville gi tapt for høstregnet og kulden. Nydelig sang. Jeg og ønsket meg en engelsk rosehage, vi planta forskjellige roser i øst og vest, satt benker og hvite stoler rundt omkring, men aldri ble det som jeg hadde tenkt det. Mange av rosene ville ikke, men mange ble fine. Vi minnes mange med glede og kan ennå kjenne lukta. Men Vivendel lukter likeså godt som noen roser, den dekket ene kortsia på huset og rammet inn kjøkkenvinduet og var bare et syn for guder, i 10 år, så ville den ikke mere og siden har jeg ikke sett den på noe gartneri her. God helg til deg, og dine

Torill sa...

Songen er ein av dei finaste julesongane eg veit om, no gleder eg meg til jul!

Astrid sa...

Det hev ei rose sprunge er ein nydeleg melodi! Eg har spelt den nokre gongar på fele, no er det dessverre mange år sidan... Det er kjekt å beherske tonar og instrument, det er berre så synd at eg ikkje har vore flink nok å halde kunsten ved like.

Mange fine ord og dikt på bloggen din:) Godt å sjå at der er fleire som bryr seg om det flotte språket som nynorsk faktisk er!!!

Eg ynskjer deg ei fin komande veke! :)