søndag 31. august 2008

Tida smyg seg umerkande fram...

Ja, tida skrid fram, mest så vi ikkje merkar det.
Det kunne vere i vår, eller i fjor vår, at den vesle i huset skulle vere med og få sauene til fjells, for fyrste gong. Ho var vel 4 eller 5 år.


Vegen opp på heia er steinete og bratt. Store og små steinar har trilla ned bakkane, og det er ulageleg for ein liten fot å finne feste. Sjøla går foran med saltposen og ropar på sauene. Dei kjem, den eine etter den andre, og lamma spring hit og dit. Den vesle hyrdingen og pappan går bak og prøver å halde orden på rekkja av dei brekande dyra. Det er varmt, og det går seint.

Sjøla går eit godt stykke framom flokken, og på "kvilsteinen, dom kalle" legg ho 2 Foxar og 2 Twist-bitar. Det er for høgt til at sauene kan få tak i dei, men lågt nok til at den vesle hyrdingen i stuttbukse og ull-undertrøye kan sjå dei.

"Pappa, sjå her. Kven kan ha mista godteriet sitt akkurat her?"
Og pappan som har skjøna opplegget til Sjøla, seier at dei berre kan ete det. "Ja,men dei som har mista det, vil vel kome og leite etter det?" Seier den vesle hyrdingen, medan ho rister på flettene for å halde flugene vekk frå andletet.

"Det er nok berre Tor som har mista det," seier pappan, "og han vil vel heller at du skal ete godteriet enn at reven eller jasen finn dei. Dei kan jo ikkje vite at dei skal ta av papiret ein gong."



Nøgd med svaret puttar hyrdingen godteriet i munnen. No har ho fått nye krefter, og då dei finn meir godteri lenger oppe i bakken, smiler ho over heile andletet og viftar til ho som går framom, og ropar at ho skal få sjå noko løyndomsfullt, når dei skal gå ned att.

Hyrdingen har vorte vaksen og har sterke bein å gå på.
Men Sjøla og Sjølen har vorte gamle og fått stive bein og krokete kne. Men på heia ville dei. Også i år. Men no utan sauer.

Dei kom seg av garde, sekkane var ikkje så tunge som før, og no brukte dei vandringsstavar. Opp bakkane gjekk det heller smått, men dei kom seg fram.
Då lyste det noko gult på ein stein ved stien; det låg ein Fox der. Sjøla måtte sjå to gonger, ja, det stemde. Ho vifta til Sjølen og synte det gule papiret. Foxen hadde ho alt i munnen, og den gav henne nye krefter. Då dei var komne på høgste heia, og kreftene heldt på å ebbe ut, feste dei augo på endå ein steinvarde med noko gult på. Der låg det to nye Foxar, og dei gamle tok kvar sin og sette seg ende ned. Det var godt å kvile, og smattande på karamellane gjekk tankane attende til den gongen det var dei som la ut lokkemat.

Denne gongen var det dei gamle som fann godteri på støylsvegen, godteri som gav nye krefter, og ein god latter. Men og vemod når gamle,gode minne vart levande i hugen att.

Tida smyg seg
umerkande fram
og hendingane
bylgjer mot
ei framand strand.


Dette verset vart laga av Sjølen då vi gjekk ned frå heia i dag etter å ha teke farvel med 2 ungdomar som langa i veg opp dei bratte bakkane. Utan å stoppe for å finne godteri.

5 kommentarer:

Fivrel sa...

Å, så fint skriva.
Og så kjenskleg!

Du kan tru det vart undring, den fyrste gonga, at Tor, at nokon, kunne ha gløymt att godteriet sitt! På ein stein langsmed den gamle støylsvegen?! Nei, det var ikkje til å tru. Kor lang tid tok det, tru, før den lisle skjøna korleis det heile hekk ihop. Og sidan var HO som far sin, når vener var med på heietur med sauene. Undrande med store augo - nei, sjå her du - det er nok berre å ta ;-)

Ja, tidi renn og alli snåvar -

Lilledora sa...

Du skriv godt, syns jeg ser den vesle og gotteriet. Måtte le da bilde av de to gamle kom opp foran øynene mine. Ser dem så levende foran meg.

Fru Keilegavlen sa...

Du skriv heilt fantastisk flott!!! Lever meg heilt inn i historia di!!! Føler eg er der saman med dei og ser dei framføre meg. Nydeleg! Så flott måte å gje ei lita jente og dei eldre ei oppmuntring, ein pust i bakken og energi til å kome seg vidare!!

Anonym sa...

Dette var triveleg å få del i. Takk for fint innlegg.

Kathrine sa...

Koselig tur da. Har besøkt bloggen din for første gang nå. Takk for koselig kommentar inne hoss meg.
Falt for stølsbua jeg da:-) Liker fjell og seterhus.

Og jo, kamera er med meg støtt og stadig. Har skifta til et ganske stort nå. Det merkes. Kan ikke putte det i lomma lenger.Men må ha det med om det er aldri så stort og tungt;-)

Ha en strålende dag!!