mandag 26. april 2010

Det er den draumen..

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.
Dette diktet av Olav H. Hauge vart lese for meg her ein føremiddag av ein ung gut på 8-9 år.
Også dette skuleåret har 8 - og 9 åringane på skulane i kommunen hatt faste besøk på biblioteket kvar månad. Då er det eg som les for dei og fortel dei om morosame bøker. Dei har vore ihuga lånarar, og det er ei stor glede å ha dei på vitjing.
Vi avsluttar ofte med fest på Bokdagen, og då er det skuleborna som har laga eit program for meg.
Eg hadde dekka langbord i biblioteket - med fargerike koppar og fat, kaker og brus venta dei.
I år ville dei lese dikt for meg, sa dei. Eg var bra spent. Ungane var ivrige, og Åsmund var fyrstemann. Han stilte seg opp framom heile klassa, utan manus og litt alvorleg. Han tenkte seg om, og så kom heile "Draumen". Han las det så godt at eg som var vaksen sat der med tåror i auga. Han las det seint og med håg og klår røyst. Dette kunne han. Han tok imot applausen med eit lite smil og eit bukk.
Dei andre borna var og flinke. Somme hadde ein liten hugselapp, andre kunne diktet utenat. Og alle dikt var av Olav H. Hauge. Korleis kunne de vite at Olav H.Hauge er ein av mine yndlingsforfattarar, spurte eg. Nei, det visste dei ikkje - men dei var og glade i dikta hans. Sa dei, åtte- og niåringane mine.
Siste veke hadde eg mange aktivitetar på biblioteket. Noko for ein kvar alder.
Barnehagebesøk er allstøtt triveleg. Då er det høgtlesing og song.
For dei godt vaksne hadde vi avslutning for datakurset som har gått over 3 føremiddagar. Der har "gamlingane" lært både tekstbehandling og vore på Internett.
Vi var så heldige at Margaret Skjelbred kom på forfattarbesøk ein kveld. Det var gama, og ho fortalde så levande om bøkene sine - og serleg då om "Mors bok". Kaffe og kake serverte vi, og det vart nokre trivelege timar for dei 18 frammøtte.
Veka vart avslutta med "skattkistefesten".
Sjølv små kommunebibliotek har mangt å by på for sine brukarar.
Gå innom ditt lokale bibliotek du også.
Det er enkelt, nært og gratis

7 kommentarer:

Anonym sa...

For ein fin stemningsrapport frå biblioteket! Heldige er dei borna som har ein slik bibliotekar.

Lilledora sa...

Jeg skal jammen gå på mitt lokale bibert i morgen den dag jeg. og låne Mors bok.
Tror nok alle i denne verden skjønner at du liker Olav H Hauge. Det ligger bare tykt uten på deg det.
Er foresten invitert i bryllup pinseafen, vet ikke om vi er hjemme og skal gå, Gubben er sikkert på langfart og da kjører jeg sørover.

Ingalill. sa...

Jeg vil også være barn på bibliotek,

- og dette er ikke en klage på mitt lokale bib. (selv om det blir mest selvbetjening).

Fivrel sa...

Ja, biblioteka gjer verkeleg kvardagen rikare! Korleis i all verda skulle ein til dømes greidd seg gjennom timar i bil på jobb, dag ut og dag inn, mil etter mil, om ein ikkje hadde lydbøker?! Lydbøkene gjer køyringa til noko ein ser fram til og kosar seg med. Og på biblioteket - både der heime, og her, er det eit rikt mangfald av bøker som er lesne inn. Så kan ein sitje der og drøyme seg inn i soger langt, langt unna, i anna land, anna tid... :-) Ja til folkeboksamlingar! (ja æ e jærnevaska...)

Unknown sa...

Kan du ikke komme å gjesteopptre på vårt lokale bibliotek?
Vi trenger sånne som deg i vår kommune!

Hilsen fra landet sa...

Dette må vel være verdens beste reklame for biblioteket - og jeg tror det kommer mye an på de som er ansvarlige for å få en slik dialog og aktivitet på bilioteket. Dette vil prege barna og gi dem minner og verdier for livet. Innsatsen du gjør er uvurderlig.

Ingalill. sa...

Nå vet jeg ikke om du leser på gamle innlegg - men jeg ville ivhertfall bare si.

GRATULERER MED DAGEN.

(Symbolsk gavebok i ånden må bli
Den Yngste av Ingvill Solberg - tror den er akkurat noe for deg - så løp og sjekk hyllene :-))