søndag 8. februar 2009

Jeg snører min sekk, jeg spenner mine ski...

Praktfullt vinterver på denne 8. februardagen. Eg måtte berre ut frå omnskroken - med ski på beina - og ull både inst og ytst! Anna hjelper ikkje. Det var faktisk 14 minusgrader då eg starta noko før kl.11. Eg spente på meg skiene rett utafor stovedøra. No har vi nesten 40 cm snø, det glinsa i dei kvite snøkrystallane då eg for bortetter vegen. Nydeleg sledeføre ville dotter mi sagt, om ho var heime.

Eg hadde i grunnen lagt skiene på hylla, men når vintereventyret ligg rett utanfor husveggen, er det stor synd å ikkje bruke det. Eg likar best bortover- ski, så eg tok ein times tur nede på elva. Det var masse spor etter rådyr. Andre skilauparar enn eg hadde det nok ikkje vore her i dag. Så eg laga mine eigne låmer. Trea var fulle av nysnø, og det var ingen oppover- eller nedoverbakkar. Eg gjekk elva på kryss og tvers og fekk opp farten. Sola varma, brilleglasa dogga og selbuvottane måtte av. Riktig fin diagonalgang hadde eg. Farten var nok ikkje som Harald Grønningens, men eg vart god og varm - og kosa meg retteleg. Og det trur eg ikkje mange skilauparar gjer i dag. Dei fleste halsar av garde som om dei har den vonde i hælane. Ser dei spor etter rådyr eller harar? Har dei tid til å ete ei appelsin eller sprette ein Kvikklunsj?

I gamle dagar, den gong eg budde i Trondheim, var bror min og eg kvar sundag på ski heile sesongen. Syster vår var allstøtt så lita, så ho måtte bli heime. Vi tok bussen opp til Skistua - og vi rente ned til Vintervatnet og for til Kvistingen, Storheia og Elgset'hytta. Eg var liksom Harald Grønningen, og han var Håkon Brusveen (eller var det Hallgeir Brenden?) , og vi kappast om å gå fortast. Heimover tok vi Rustadrenna - eller Måneskinnsløypa med Damenes fallgruver. Vi for ned Steinberget, ned til Ila og tok trikken heim. Vinterstid hadde alle trikkar skistativ utafor kvar vogn, der feste vi skiene våre. Stavane kunne vi ta med inn.

Skiene eg brukte den gongen, er no festa på bror min sin skivegg. Skipar nr. 3 frå venstre fekk meg greitt både opp og ned bakkar. Den gongen var det berre treski, og vi smurte med blå Swix, parafinvoks eller talgljos.

Eg trur ikkje vi song når vi for av garde i skiløypene, men det gjorde eg i dag. Åleine som eg var nede på elva, sette eg i med ei av songane eg lærde på skulen:

Eg snører min sekk, eg spenner mine ski
nå lyser det så fagert i heien.
Fra ovnskroken vekk! Så glad og så fri
mot store, hvite skogen tar jeg veien.

I fykende fei, jeg baner meg en vei
blant vinterkledde stubber og steiner.
Den susende vind meg stryker om kinn,
og snøen drysser ned fra lave greiner.

Margrethe Munthe

6 kommentarer:

Fivrel sa...

Det var ei vakker skildring av noko som høyrest ut som Ein Perfekt Sundag i Februar! :-)
Eg er heilt samd med deg når det gjeld skigåing, halsing og pausar - det er det å vere ute lenge, kjenne på vêret, sjå inn og ut mellom tunge greiner, lyfte blikket mot rjuper som fêr mot himmelen i det fjerne og setje seg ned og hente fram termosen med varm kakao - det er dét som er orntleg, god gammaldags skitur. Etter bollane og kakaoen er ein energisk og sprek att, og kan leike Ulvang og Dæhlie (som det heiter i generasjonen min) i friske fråspark heimover.

Ei veninne av meg var på skihelg med kjærasten og ein bunt vener (av han) førre helga, på Beitostølen. Ho kunne fortelje om skiturar som ikkje vart kalla dét, men ØKTER, og der dei ikkje tok ein einaste pause sjølv i løpet av fleire mil. Ho sjølv vart hengande noko attom, og ingen venta på henne! Grunnen til at ho vart attom, var at kvar gong ho trong ein vass-slurk, måtte ho stogge, ta av seg sekkjen, hente fram flaska og ta eitpar slurkar. Naturleg nok. Men i kontrast til kondomdressane, som hadde ein flaskesekk med SLANGE over skuldra
til munnen. Så kunne ein drikke og springe på ski samstundes.

NEI. Takke meg til harespor, bål, pinnebrød og vide, uaerodynamiske dressar :-)

Unknown sa...

Ingenting er som snø og granskog. Vesaas au lika skiturar. Ein gong gjekk han og Fønhus frå Telemark til den vene dalen vår.

Lilledora sa...

Så koselig det hørtes med å GÅ på skitur og se etter dyrespor. Vi har bare vært inne vi, ja Prinessa var en liten tur ut på ski før de reiste hjem. Her er det ca 8 speik og det SNØR og SNØR. Er så lei denne snøen.

Lilledora sa...

Utfordring til deg i bloggen min.

Kathrine sa...

Ingenting er som en sånn vinterdag! Vakkert:-)
Her er det -12 og trekk fra Trondheimsfjorden. Men ut skal jeg, med ull ja. Og fotoapparat. Sola kommer snart rullende over fjorden, rosa himmel.
Har vært i bymarka noen ganger for snart ti år siden, men måtte gå i kø, stå i kø, og hørte og så folk overalt. Nå har vi Malvikmarka rett rundt hjørnet. Der kan en gå på ski uten å se folk og praktfull utsikt over fjorden.
Men best er det på hytta da. Kanskje vi drar en tur neste uke, det er vinterferie.

Fin lesning til deg i dag:-) Ha en fin fin vinterdag fortsatt.

:)

Maritmor sa...

Hei! Så fin skitur! Vinteren er utrolig vakker her også! I dag tidlig var det -24 kuldegrader, måneskinn og klart vær da jeg dro til jobben. Det er mye snø her også. Vinteren er vakker vakker !
Og fjellet en vinterdag i solskinn!Håper det blir mange turer utover. Vi er ingen sprintere i kondomdress her i huset:) Der vi går på ski, kan vi jammen gå nesten helt alene. Herlig. Og av og til tenner vi bål og svir ei pølse:)
Takk for kommentar på bloggen min! Koselig. Og ja - bøker: er det noen som greier et liv uten en eneste bok?! Utrolig. Hos meg går det litt i rykk og napp - tida strekk messom itte heilt til! Men har flere bøker ved senga. Så noen sider hver dag tar jeg meg tid til. Har du vært på Bokbybesøk? Anbefaler absolutt Fjærland! Utrolig fint! Ha en vidunderlig kveld, fortsatt vinter.....