tirsdag 8. juni 2010

Gubben og Gamla..



Gubben og Gamla låg og drog og ikkje fekk opp rota...

Denne songen kom i tankane mine her ein dag då Hainn te mæ og æ hadde ein viktig jobb å gjere i hagen. Ein gamal apal skulle bort frå denne verda. Epletreet hadde bore frukt i mange, mange år, men no var han så gamal og skulle heller gje plassen til nokre yngre.


Hainn te mæ hadde gått rundt treet fleire gonger og undersøkt og tenkt ut gode løysingar til å få treet ned. Kan du ikkje berre finne fram motorsaga, sa eg. Ja, då får vi jo treet ned, men kva med rota? Det hadde jo ikkje eg tenkt på.


Hainn fann fram spaden og tok til å grave bort jorda rundt stammen. Eg stod klar med trillebåra, og vi fylte den med den gode svarte molda.

Spettet kom fram, og Hainn te mæ fann ein passande stor kubbe til vågemat. No kunne han bryte opp rot for rot rundt treet. Snart var treet så laust at vi kunne bryte det ned med handmakt. Hainn te mæ er bra sterk, og eg og gav jernet(!). Treet låg snart løyst frå Moder jord, som hadde næra det i minst ein mannsalder.

Då ungfolket kom, var jobben gjord.

Dei Gamle er framleis eldst.



6 kommentarer:

Ingalill. sa...

Det fineste bildet jeg har sett på lenge - nesten litt romantisk :-)

Lilledora sa...

Så koselig å se bilde av deg og mannen din.

Anonym sa...

Dette var eit fantastisk morosamt bilete! Då er det berre å plante epletreet de har drøymt om.

Unknown sa...

Utrolig godt bilde, og trivelig å lese. Pappa tipset meg om den fine bloggen din:)Ønsker dere en riktig trivelig og god sommer.
Hilsen Litj-Kari

Unknown sa...

God sommer til Gubben og Gamla.
Fra han som rote i dine røtter.

Ugla sa...

Så mange trivelege kommentarar.
Og jammen vart det nesten som eit slekts-stemne!!
God sommar til heile slekta. Både her og der!