søndag 6. februar 2011

Fola, fola Blakken

Fola, fola Blakken
gå no inn i stallen din.
Så kjem lisle Gullet inn
og klappar deg på nakken.
Dette var ein av yndlingssongane til Gullungen då ho var lita. Ja, sume av syskenborna hennar elska og dei versa. Tenk å ha ein hest, det måtte vere den største lukke på jorda, meinte Gullungen. Og endeleg på 12-årsdagen sin fekk ho den etterlengta fjordingen. Sylvinn var då 13 år, og i april kan han feire 30-årsdagen sin. Han har no forresten fått feira alle bursdagane sine med gode gåver. Når Gullungen ikkje sjølv var heime på Dagen hans, ringte ho meg opp og spurte om eg visste kva for ein dag det var. Sjølvsagt veit eg det, sa eg. Og posen med brødskalkar, gulrøter og søteple står klar for ein liten bursdagsvisitt. Ja, for det er ikkje alle år han har budd hos oss. Men han har allstøtt budd så nære at det berre var ein svipptur å besøke han.
Men at eg skulle bli glad i ein hest, hadde eg mest ikkje trudd. Eg som er ei bypi' som tykte at store hestar såg skremmande ut. Men eg måtte lære meg å stelle med han. Og eg likte det. Sjølv om vi i seinare år har kjempa om kven av oss er den sterkaste, (og Sylvinn vinn kvar gong).
Han visste nok at eg hadde respekt for han, men når han såg meg, kom han og leita i lommene mine etter smågodt.



Denne vinteren er det nokre andre som har ansvaret for Sylvinn. Han har pensjonist-tida si saman med andre hestar, men når våren kjem er han nok attende i grenda vår. Vonar både han og eg.
Men for eit par veker sidan vart han sjuk. Mathugen var borte, og han såg helst filleleg ut. Dyrlegen i bygda kom og gav han noko medisin. Då Gullungen kom heim på helgebesøk, bars det rett opp til hesten. Ho hadde og med dyrlegeveska si og gav han nokre livgjevande dropar - eller kva det no var. Ein kveld fekk eg og vere med i sjukebesøk, og vi fylte bilen med det gode høyet eg hadde samla for han. Kvar gong Hainn te mæ var ute med ljåen i sumar og slo graset rundt husa og i hagen, var eg der straks med riva. Vi bakketurka ein masse, og dette
høyet gav vi no til Sylvinn for at han skulle bli god att.

Omtanke og omsorg er viktig når ein er sjuk. I barndomen var eg ofte plaga med halsesjuke. Då måtte eg vere borte frå skulen. Dersom ein ikkje hadde feber, var det ikkje så gale. Å liggje i senga ein dag eller to med ullskjerf rundt halsen og naftaluktande ullklut på bringa
var ikkje så ille - når eg visste at mamma skulle gå på biblioteket og låne ein heil pose med bøker til meg. Og var far min heime, gjekk han til bakar Lein og kjøpte krembollar og cola. Og var det attpåtil onsdag, kjøpte dei Romantikk-bladet til meg og ein pose med Olsen-kailla. (Det var det vi kalla seigmannan' for i dei dagar).
Då var det ikkje lenge før eg vart frisk att.



Novellene i Romantikk-blada i gamle dagar slutta allstøtt med ring på fingeren, giftarmål og evig truskap. Bygdekvinnelaget mitt skipa til "Damenes aften" før jol - men mannekeng-oppvisning av gamle og nye klede. Fleire av medlemene hadde brudekjolane sine på loftet, og her er eit brudepar frå dei glade tretti-åra.

4 kommentarer:

Unknown sa...

Jeg kjenner ei lita jente som også har hest øverst på ønskelista - øverst foran kanin, hund, katt og hamster.
Jeg tror vi har sett den hesten før - mulig vi har kjørt forbi den noen ganger - på vei til eller/og fra sommermoro.
Kanskje neste gang vi kjører forbi - til sommeren - drister oss til å stoppe for å gi den en go`bit!? Man vet aldri;)

Ingalill. sa...

Det stod ingenting om hvorvidt hesten ble bra. Ble nesten litt redd underveis for at det skulle være et Vesleblakken-innlegg.
- men det gikk jo bra
, gjorde det ikke?

Han ble frisk hesten?

Ugla sa...

Ingalill - ny oppdatering om Hesten i dag - no et han att. Då må vi tru det går bra!
Homla - lpm gjerne innom. Det er vi som bur langt sør i landet - ikkje på Sørlandet, men i fjell-Noreg! Du må køyre langt, ja, lenger enn langt - over fjell og djupe dalar. Ned og opp bratte bakkar rundt mange svingar - rett bortover og opp til venstre. Då kan det vere du ser Sylvinn på beite. Det får vi vone.

Fivrel sa...

Gamle, gode blakken - mange år har han hatt i grenda di skjønar eg, og ein dag må vel sjølv eit langt hesteliv ta slutt - men ikkje enno, ikkje enno!

Mange hestar får ikkje leve så lenge som til 30 år, for dei strevar fælt og må springe alt dei orkar og vinn, dei må hoppe høgare og høgare eller dei må dra sulkyen etter seg i runde etter runde på løpsbanen. Då vert ein fort sliten og gamal. Denne hesten har visst, etter kva eg har fått vite, hatt eit godt liv - har sprunge når han har hatt lyst, og fått kvile mykje. Han har gått på grøne grasgangar kvart år, frå vår til haust, og han har vorte stelt med og passa på av både store og små. Nokre år hadde han selskap av to tåtelam som vart sauer, dei var så gode vener.

I desse dagar, når han ikkje lenger er heilt i form, er namnet hans på mange lepper, og i to familiar er nye og gamle familiemedlemer involverte og bekymra, mødre og onklar tek fri frå arbeidet for å sjå til han, vaksne karar får ei bekymra rynke i panna og jentene gjer det dei kan for ikkje å tenkje det verste. Det er ein høgt elska hest, og det har han vorte nett fordi han har vore så snill og tolmodig og kjærleg mot oss i alle dei mange år. Måtte høyet til Bibliofiolen, spesialremedia dyrlækjarjenta skaffar frå langveges og i dyrdomar, og omsuten frå dei som eig og steller han få han frisk att, slik at han kan få oppleve sumaren i det grøne endå ei gong.

*snufs*