søndag 1. mai 2011

Trondhjem, Trondhjem - at æ rest ifra dæ...

Til lukke med dagen , du som hadde bursdag 1.april og du som har i dag 1.mai.

For nokre veker sidan var eg i fødebyen og feira syster mi. Ho hadde rund dag, og difor var det eit godt høve til å reise nordover. Eg har reist denne strekninga i over 40 år no, stundom med bil eller tog og stundom med fly. Denne gongen skulle eg vere hæli og køyre sjølv dei fyrste 10 mil. Her heime var det berre og fine vegar. I alle fall dagen før eg reiste. Eg vakna til Det snøveret den morgonen eg ville reise, så eg sette meg i bilen med noko høg puls. Eg har ein god bil, 4-hjulstrekk og nye dekk, så vegen over heia må gå bra. Eg hadde god tid, for eg skulle møte Gullungen i Telemark, og så skulle ho køyre til Gardermoen, og vi skulle fly.

Dagen til syster mi starta med at vi reiste på kyrkjegarden for å setje ljos på grava til foreldra våre. Dette var min plan - for eg ville takke dei for at eg hadde fått så snill og grei veslesyster. Der vassa vi i djupsnø, men ljos vart sett ned og tend. Vi var ofte med mamma på kyrkjegarden då vi var born, og det var der vi lærte namn og årstal på oldeforeldre og andre gamle slektningar.


Om ettermiddagen skulle syster mi ha selskap med etterkomarane etter våre foreldre:
3 born og svigerborn, 6 barneborn, 6 oldeborn - og 1 i kjømda. Dette hadde mamma lika, og 2 av oldeborna er ofte på grava og pyntar for olde-Py: Jolenissar og englar til jol og påskekjuklingar og blomar til påske.

Når ein vandrar rundt i fødebyen og høyrer si barndoms dialekt overalt, er det mange ord og uttrykk ein kjem på som har vore gløymt:
Syster mi er god til å bake, men denne gongen hadde ho ikkje laga tårnkak. Bror min broja bila i barndomen. Det hadde nok vore farlegare hadde ungane hange bak bilane i dag. Bror min og eg sparka basse. Eg var temmeleg god til å veppe. Men det var få jenter som likte det, dei ville heller hoppe tau. Bror min var og god til å kast' pæng. Han var så flink at han kunne leggje mange kroner i fotball-sko-kjøpet kvar vår. Mange guta la femøringan' sine på trikkskinnene for å få dei flate. Det var kanskje lettare å kaste på stikka med dei.
Skotthyll var det bare gamle-karan som dreiv med. No har eg høyrt at det er ein skotthyll-bane i Djupvika. Vi gyna aldri på skotthyll-karane, nei, det var meir artig å gyne på kjærestefolkan i Lamo'parken.
Om vinteren gjekk vi på skøyta på Buran-banen. Eg gjekk lenge på skru-skøyta. Då bror min fekk seg pansera, overtok eg hockey-skøytene hans. Det beste med dei var at dei hadde kalosja. For hadde du kalosja, kunne det hende at du fekk los. Det var mest stas å få los på Rosenborg-banen, for der hadde dei musikk. Store høgtalarar sende marsja og wienervalsa utover banen. Og fekk du los av den kjekkaste guten på banen og at det attpåtil var los utan vott, var det verdt heile turen opp frå Lamo'n.
Du høyrer det fort om nokre trur at dei kan tale trondhjemsk. Du må mest vere frå byen for å vite kva for preposisjonar du skal bruke til dei ulike stadane:
Vi sykla uti Ila, vi spasert fræmpå Buran, vi sprang innpå Lade, vi gjekk oppi Staten og vi for nedpå Lamon.

Dagen etter selskapet var det strålande ver. Vi kosta bort snøen på terrassen til syster mi, og gamletante og gamletanteungen sette seg ut i vårsola. Høgtlesing og strikking - kan det bli betre?

Det har skjedd store endringar i Byen sidan eg budde der. Her vi er i selskap på Tiller -
var det berre myrar i den tida eg vaks opp. Det er svært mange nye bydelar som eg ikkje finn fram til, men bror min er flink til å ta meg med på køyreturar og fortel kva dei heiter.
Mangt har endra seg, men Lilleby-skulen som er 100 år i år, er framleis ein skule. Der gjekk mor og far vår, og der gjekk eg og syskena mine.
Dora I og Dora II er ikkje dei fæle bunkersane lenger - dei vi høyrde om i barndomen, som fekk russerar mura inn i veggane under krigen. Eg har faktisk lese at desse to bunkersane er det største fuglefjellet på fastlandet i Noreg. Kven kunne vite det?
Vi lærte å svømme i bassenget på Singsaker-skulen. Bassenget var frå 1915 og vart nedlagt i 1995. Det var på 12,5 meter. Det tok lang tid å ta trikken frå Lilleby til Singsaker. Vi måtte ta 2 trikkar. Vi fekk trikkpeng', men fann fort ut at heimover kunne vi gå ned Staten og bruke pengan' på brunsukkerklumpa. For 10 øre kunne du få ein spisspose full med brunsukkerklumpa med tråd i.

Om mangt er endra, så står i alle fall Lykkens portal med gode minne frå ei svunnen tid.

7 kommentarer:

Fivrel sa...

Herre va no arti å læs; æ e itj tronjæmspi' sjøl, men sjønt det meste læll :-)

Det høyrest ut som de hadde ei fin bursdagshelg - og at du har ein triiveli familie! Serleg lika eg biletet av gammeltanta som las høgt og pia som var så flink til å strikk'! Heldig den som fekk pannebandet ho strikka den helga ;-)

Eg trur de hadde ein innhaldsrik og spennande barndom, og det er mange gode minne som dukkar opp når du er på gamle trakter att, skjønar eg!

Elles les eg av andre bloggar at du sender jordskokk-knollar ut i det ganske land, til lukkelege mottakarar som kan vente seg ein grøderik sumar og haust. Jordskokk gjev både vene og frodige planter i hagen - og rotknollar ein kan lage mykje god mat av utpå hausten. Heldi dæm som kjenne dæ personli :-) (kanskje kan eg kome på hagevandring hjå deg ei gong eg er på dine trakter?!)

Lilledora sa...

Da jeg leste innleget ditt i sted kom jeg på en gammel studentersang, som lyder såher
...... Du skal få mæ ut av Trondheim, men du får aldri Trondheim ut av mæ.
Som vanlig koselig innlegg, og så fine blomster. Glad kan den være som kan plukke inn slike blomster.
Så koselig at du koste deg da du var i fødebyen. Veslesøstra de setter vel pris på deg, kan jeg tenke meg. Og så koselig at fam. skal få et nytt tilskudd. Tenker nok at mammaen din hadde vært bra stolt nå og hun hadde og sikkert lagt opp til et par babysokker og brodert fine blomster på de. Sikkert hvite med rosa blomster

Hilsen fra landet sa...

Så flott referat fra en innholdsrik helg - og gode minner å dele når dere tilbringer tid sammen.

Ja jeg er sikker på at du hadde en fin barndom, siden du senere i livet har vært så unik til å berike barndommen til andre barn med dine påfunn og din væremåte som smitter med entusiasme og glede! Faktisk ble man avhengig av den, og barn greier da ikke å gå hjem til egne foreldre men må være hos dere hele tiden!!

Ingalill. sa...

Koselig.
Jeg likte også strikking og levende lydbokbilde. Litt mormor & de 8 -)

- også var det fryktelig morsomt med alle de gammeldaghistoriene.

Anonym sa...

Moro å høyre om gamle minne og trønderske ord som eg aldri har høyrt før. Sjølv om eg var på Moholt i Trondheim ½ års tid, fekk eg ikkje med meg desse orda du nemner. Ei lite stykke unna Moholt var det ein hyggjeleg familie som me vitja, ja, mor i huset liknar faktisk på denne syster di som du skriv om. Og på Lamon var vi fleire gonger, lunt og triveleg og alltid velkomne. Ikkje minst var mor i huset stolt når ho kunne vise fram bilete av barnebarna. Det var fint at du fekk take denne turen saman med så hyggjeleg reisefylgje og feire den store dagen til syster di.

Ugla sa...

Fivrel - korleis kunne du vite at det er eit panneband gamletanteungen min strikkar på?? Det var mystisk.
Lilledora - husk på at eg og er flink til å strikke, så kvite babysokkar med blomar er laga - plent like som dei mor mi laga.
Ingalill og Du på landet - hadde de vore her i barndomen dykkar, skulle de fått ei natt i høyet på løa. Det hadde vore gama for dykk!
Augusta - det skulle ikkje forundre meg om det var syster mi du vitja på Berg. Ja, ho budde der ein gong i nærleliken av Moholt. Ja, verda er ikkje stor...

Ingalill. sa...

Siden det nå er så mye snakk om bursdag kommer det en
GRATULRER MED DAGEN
til deg også.

Det blir nok både kaker og blomstersalat tenker jeg!