søndag 17. august 2008

Skal gamal venskap kverva bort..

Eg har nett hatt ei fantastisk oppleving. Ein "ven" som sto meg nær for nokre år sidan, har vore borte frå meg og ute av tankane mine eit bel. Men no treftest vi att.

Det var ein vakker seinsumardag. Sola vermde godt, og det var mykje folk og fe ute. Alle ville få med seg denne vakre dagen. Det var kjøleg frå morgonen, men eg var så heldig at eg snart kunne kaste jakka. Og der sto eg - plutseleg- nær henne. Ho såg på meg. Kunne det vere attkjenning i dei brune augo? Dei brune augo som no skein mot meg, stundom kunne dei vere noko ljosare, og dei har eit snev av gult i seg. Dei brune krøllane rundt øyro var like mørkebrune som før. Ho hadde med familien sin. Dei to borna hennar var like flotte som mora. Faren var og med, og det er sjeldan å sjå så stolt eit eksemplar av arten.

Eg hadde mest tårer i augo der eg stod framanfor dei. Ho kikka på meg, og eg strauk henne over augo. Nei, gamal venskap skal aldri kverva bort!



No lyt eg verkeleg prøve å få lagt ut bilete, så alle kan sjå kor flott ho er. Men eg tru ikkje det vert i dag.

4 kommentarer:

Lilledora sa...

Ja, noen har menneskevenner og noen har dyre venner. Noen selger vennene sine, er det derfor de er (for) DYR /fnis fnis

Fivrel sa...

Åå, det var snilt, eg ser plent føre meg dei vakre augo og dei sjarmerande, mørke krullane. Og dei flotte borna! Høgreiste og stolte, med oppvakt blikk og vaktsame øyro. Eg saknar dei mjuke, vare dyra, med den gode angen og dei snille augo. Ein dag kjem dei nok attende til oss, skal du sjå!

Anonym sa...

Du har nok møtt igjen ein av desse med fin gråsvart pels - er einig i at det er dei beste dyr som finst. Kor mange timar har eg ikkje brukt saman med slike - utallige, men vart aldri lei. Du får gå på besøk til dei av og til, og ha med litt flatbraud, det likar dei godt.

Thusnelda sa...

Herrlighet ko godt du skriv menneske !